Utegudsteneste på Byre til helga

Dei to siste somrane har det blitt arrangert utegudsteneste på Byre, med over 100 frammøtte begge gongane. Utegudsteneste vert det også i år, nærare bestemt på søndag 30. juli. Sjå plakaten under for informasjon.

Ang.reising til Byre på søndag med offentleg transport så er det beste alternativet hurtigbåt frå Fogn 0940 som er på Byre1105 og retur med hurtigbåt 1505 eller ferje 1520 som korresponderer med båt/ferje til Fogn. Evt kan ein ta ferja frå Fogn 0940 og vente på Finnøy til Ryfylkeferja 1140 Privatbåtar kan legge til i Djupevik.

Ikkje bål, men feiring blir det!

Grunna lite nedbør og mykje sol dei siste vekene, er det så tørt rundt oss at sjølv eindel regn fram mot 23. juni truleg ikkje vil hjelpa - St. Hans-feiringa blir utan bål i år.

Men Fogn IL og Fogn Kr. ungdomslag arrangerer likevel ei samling for alle som ynskjer å bli med, og dei inviterer folk til Fogn oppvekstsenter frå klokka 18.00 og utover. På programmet står:

  • Andakt ved Marius Aano Svellingen

  • Varm grill (blir ståande midt på asfalten i skulegarden) der folk kan grilla det dei har med seg.

  • Kiosksal

  • Ulike aktiviteter

Alle er hjarteleg velkomne!