Kunst og kåseri på bedehuset

Helga 9.-11. juni kjem Preben Colstrup til Fogn med både kunst og kåseri! Colstrup omtalar seg sjølv som både billedkunstnar og prestevikar, men har også ei fortid som informasjonssjef i NSB, noko kåseriet “En jernbaneovergang” truleg kjem inn på. Dette kåseriet kan folk få med seg fredag kveld, og dei som kjem på laurdag vil i tillegg få song og musikk frå Torolf Nordbø. På laurdagen vert det også servering av graut, medan utstillinga er open frå kl. 12-15.

Søndagsmøtet går til vanleg tid klokka 11.00, men det er Preben Colstrup som talar over søndagens tekst denne dagen.

Alle samlingar er gratis å delta på, og det er høve til å kjøpe malerier som er utstilt på bedehuset.

Sjå meir detaljert informasjon på plakaten under:

Friluftsbasar på fredag

På fredag 2. juni klokka 18.00 er det igjen tid for guttelaget sin friluftsbasar, som vert arrangert på parkeringsplassen til Fogn bedehus, om vèret tillet det. Og i skrivande stund er det meldt 17 grader og sol på fredag :)

Det vert andakt av Kari Synnøve Nord-Varhaug, før loddsal og sal av pølser, lappar, brus og kaffi. Mange fine gevinstar.

Basaren er på ingen måte berre for guttane i guttelaget med sine familiar, her er absolutt alle velkomne!

Galleriåpning i pinsen

Pia Myrvold åpner utstillingen BLOMSTRING i galleriet The FOGN Experience i Sæbøvåg i Pinsen, lørdag 27. mai kl 12.

The FOGN Experience holder åpen i Pinsen; lørdag, søndag og mandag, og enkelte helger frem til sommer sesongstart 21. juni.

Utstillingen har helt nye monotypier inspirert av blomstereng, roser og fargerike blomsterhager.

Temaet er tilpasset Venus figuren, som Pia Myrvold har utviklet siden 2017, da de første Digitale Venus bildene ble laget i MYworLD Studio Paris.

Den nye serien er produsert i det nye atelieret kunstneren har i tidligere Rex Restaurant på Forus Travbane, MYworLD Studio, Forus

Det vises i tillegg malerier, tegninger og grafiske blad i galleriet som og er The FOGN Experience er vertskap for utendørs marked, med Molinå surdeigsbrød, egg, tomater, frukt, kaker, saft og villsaufeller fra Fogns egne produsenter.

I fellesferien vil galleriet ha åpent hver dag fra 12, til glede for fastboende, hyttefolk og besøkende, med avslutning av sesong 14. oktober med høstutstilling og oktoberfest.

Ankomst med bil, ferje eller båt. Pia Myrvold har egen båt plass for besøkende på bryggen sin ved det røde naustet.

The FOGN Experience
Veste Fognavei 344
Sæbøvåg FOGN Stavanger Rogaland
Norway

Pia Myrvold - piamyrvold@gmail.com - +47 46504321

Diverse etter 17. mai på Fogn!

Foto: Halvard Bøe

17. mai 2023 er historie, men vi har mykje bra å sjå tilbake på etter nasjonaldagsfeiringa på Fogn!

Her er ein serie med bilete, som “går av seg sjølv”, på same måte som ein film. Det er Halvard Bøe som har knipsa blinkskudda:)

Her er fasit frå “Fognaquiz”, som var ein konkurranse på dagtid:

Her er oversikt over kven som går ut, kven som er igjen, og kven som er nye i 17. maikomiteen:

Og her er videoane frå folkefesten om kvelden. Desse videoane er også lagt inn på “Fogn TV”, der fleire andre gamle 17. mai filmar ligg lagra,.

Litt meir info frå 17. maikomiteen

Nasjonaldagen står for døra, og komiteen på Fogn ynskjer å kome med litt meir info, ut over program for dagen, som er lagt ut før.

  1. Det er Fogn kristelege ungdomslag som står for kiosksalet denne dagen. Dei nyttar eit eige Vipps-nummer, som ikkje må forvekslast med Vipps-nummeret til 17. maikomiteen, som nyttast til alle andre aktivitetar.
    Kiosk Vipps: 751158
    Komiteen sin Vipps: 93765

  2. Komiteen har sett fram eindel bord og benker utanfor oppvekstsenteret, med plass til omlag 160 personar. Det kan fort koma meir enn 160 personar, så dersom nokon tek med eigne stolar/bord, er det truleg ein god idè:)

  3. Kransnedlegging på Eide blir klokka 16.30. Det er Aslak Bråtveit som legg ned krans ved Marta Jørgensdotter Eide sitt minnemerke på Eide. Aslak er ivrig historie forteljar i samband med aktivitetane kring RESTAURATION og den tilstundande merkeringa av det i 2025 er 200 år sidan den første organiserte utvandringa til USA fann stad.

    Som kjent var det jo Marta, gift med Lars Larsen i Geilane , som fødte jentebarnet under den 98 døgn lange overfarten frå Stavanger til New York. Barnet fekk namnet Margaret Allen, oppkalla etter ein kvekar som faren kom i kontakt med under fangenskap i England.

    Det går ferje frå Judaberg kl 16.00.

  4. Det er ikkje meldt regn, men låge temperaturar og eindel vind. Ull er ikkje tull, men gull denne dagen…

  5. Blåsarane i Messing speler både før toget går frå skulen og til samlinga i kyrkja. Men i sjølve toget blir det ikkje korps i år. Difor må vi sjølv stå for sang og musikk, og vi legg difor inn teksten på 1. verset på nokre aktuelle songar for denne dagen:

Ja, vi elsker dette landet,
som det stiger frem,
furet, værbitt over vannet,
med de tusen hjem.
Elsker, elsker det og tenker
på vår far og mor
og den saganatt som senker
drømme på vår jord.
og den saganatt som senker
drømme på vår jord.

Det går et festtog gjennom landet!
I by og dal, ved fjell og fjord
Vi svinger flagget stolt for Norge
Med hurra-rop i fra syd og til nord
Hurra! Vi marsjerer og vi synger
Sanger i rødt, hvitt og blått
Kjenner frihetens rytme i kroppen
Fylt av glede for landet vårt

Hvorhen du går i li og fjell,
En vinterdag, en sommerkveld
Med fjord og fossevell,
Fra eng og mo med furutrær
Fra havets bryn med fiskevær
Og til de hvite skjær,
Møter du landet i trefarvet drakt,
Svøpt i et gjenskinn av flaggets farveprakt.
Se, en hvitstammet bjerk oppi heien,
Rammer stripen med blåklokker inn
Mot den rødmalte stuen ved veien,
Det er flagget som vaier i vind.
Ja, så hvit som det hvite er sneen,
Og det røde har kveldssolen fått,
Og det blå ga sin farve til breen,
Det er Norge i rødt, hvitt og blått.

No livnar det i lundar,
no lauvast det i li,
den heile skapning stundar
no fram til sumars tid.

Mellom bakkar og berg ut med havet
Heve nordmannen fenge sin heim
Der han sjølv heve tuftene grave
Og set sjølv sine hus oppå deim

Mot i brystet, vett i pannen, stål i ben og armer,
ryggen rak og blikket fritt, se det er bra !
Tåle slit og tåle sludd og tåle frost og varme,
slike gutter/jenter det vil gamle Norge ha.
Hold nå takten der ! Intet mudder her !
La dem se vi er av rette slag !
Bare lek ? Ja, men av den skal fremtidskrefter vokse;
derfor er det alvor i vår lek i dag.