Oppfordring om å stille på folkemøte

Tysdag 17. januar arrangerer NVE (Norges vassdrags og energidirektorat) folkemøte om den nye kraftforbindelsen, som skal gå over Rennesøy, Finnøy og Fogn. Møtet er i fleirbrukshallen på Finnøy, og byrjar klokka 19.00.

Grendalaget oppfordrer folk til å stille på dette møtet, anten ein berre vil lytta, eller om ein også ynskjer å seie meininga si.

Fogn grendalag vil, før høyringsfristen, invitera til eit eige folkemøte på Fogn, der ein ynskjer innspel og synspunkt før det vert laga eit høyringssvar frå grendalaget, på vegne av Fogn. Meir informasjon om dette kjem.

Meir info om fellesfyrverkeri!

Folk har no bidratt så mykje i den tidlegare omtalte Spleisen, at Trond Egil Sivertsen bekrefter at det vert flott fellesfyrverkeri både klokka 19.00 og ved midnatt på nyttårsaften. Det blir fyrt opp i den nordre enden av banen, og publikum kan stå på kortsida mot skulen. Grunna mogeleg nedfall av leire osv er det lurt om folk har på seg vernebriller.

Klokka 12.00 på nyttårsaften blir det delt ut diverse “småfyrverkeri” utanfor skulen. Dette er berekna for bruk av personar over 12 år, men blir kun delt ut til dei som kjem i følge med ein person over 18 år.

Det skjer på Fogn i jula!

Lille julaften kl. 23.00 i kyrkjekjellaren
Midnattsamling i kyrkjekjellaren for ungdomar frå 8. klasse og oppover.
Høgtlesing av juleevangeliet.
Klementiner, pepperkaker, twist, saft og kaffi.

Julaften kl. 14.30 i Fogn kyrkje
Gudsteneste ved Ola Aasland Vold
Takkoffer til Kirkens Nødhjelp

Første juledag kl. 12.00 på bedehuset
Høgtidsmøte med tale av Paul Aano
Kollekt til Ebenezer Operation Exodus

Andre juledag kl. 12.00 i kyrkja
Gudsteneste ved Terje Engstrøm
Takkoffer til Misjonsprosjektet

Tredje juledag kl. 17.00 på bedehuset
Søndagsskulen sin juletrefest
Song, andakt, mat, juletregang, klementiner og godteposar.
Gratis entrè

Fredag 30. desember kl. 18.00 på skulen
Fogn IL arrangerer romjulscup i volleyball i gymsalen.
Blanda lag med minimum to menn/damer på kvart lag. Påmelding av lag frå 8. klasse og oppover til Jakob Bø 99 01 43 38 på eller på Fogn IL på Facebook seinast kvelden før.
Viss du ikkje har lag, kan du melde deg på enkeltvis.

Nyttårsaften kl. 29.00 på bedehuset Fogn kr. Ungdomslag inviterer til nyttårsfeiring! Andakt, underholdning, god mat, videoer, fyrverkeri, pakkelek og god stemning! Song, andakt, Pris: 250 kr. Kleskode: fint.mat, juletregang, Påmelding ved å betala 250 kr via Vipps til 638373, merk med «Navn og nyttårsfeiring». Send også mld til Jørgen Bø på 47172804 etter påmelding.

Alle er hjarteleg velkomne!

NB! Her er opningstidene til Joker Fogn i jula:

20.-22. desember: 09-18
Lille julaften: 09-19
Julaften: 09-12
Stengt 1. og 2. juledag
27.-29. desember: 09-18
30. desember: 09-19
Nyttårsaften: 09-16

Badekalenderen brer om seg

Dei som fylgjer Fognbuen Trond Egil Sivertsen på Facebook, har nok fått med seg at han har ein eigen badekalender no i adventstida. Konseptet er nokså enkelt, han badar kvar dag, og stiller eit spørsmål som er relatert til bading, kaiar på Fogn eller heilt andre ting. Noko av bakgrunnen for dette stuntet, er at Trond Egil vil samle inn pengar til årets fellesfyrverkeri på Fogn. Dette kan du støtte ved å klikke her.

Etterkvart som desember skrid fram, har både lokalradio, lokal-TV og Øyposten (sak på gang) vore med og laga reportasje om Trond Egil sin alternative kalender. TV-innslaget, som vart sendt tysdag 13. desember, kan du sjå ved å klikka her (videoen er sett opp til å starte på rett stad når du klikkar play-symbolet).

Spleis på ei flott oppleving for alle!

Ein stor gjeng møtte opp for å sjå det flotte fellesfyrverkeriet i fjor.

Dei som feira nyttår på Fogn i fjor, hugsar gjerne at det var to flotte seansar med fellesfyrverkeri på fotballbanen. Først klokka 19.00 og deretter ved midnatt. Mange møtte opp og fekk sjå feiande flott fyrverkeri på trygg avstand, i tillegg til at dei kunne ynskje kvarandre godt nytt år, før ein gjekk kvar til sitt. “Dette blei jo både mykje betre, tryggare og billigare enn om me skulle skyte opp kvar for oss”, var ein nokså gjengs kommentar etter nyttår i fjor.

Det var Paul Arne Aano og Trond Egil Sivertsen som hadde laga til ein “Spleis” for å samla inn pengar til fyrverkeri i fjor, og no gjentek dei suksessen også dette året. Konseptet er enkelt: Folk bidreg med det dei vil inn i “potten”, som det så vert kjøpt fyrverkeri for.

Bli med og bidra til ein fargerik, sosial, trygg og eksplosiv inngang til det nye året på Fogn, ved å støtta denne spleisen!