Er du mann? Bli med og syng! (NB! NYTT TIDSPUNKT)

Det er ein dårleg skjult hemmelegheit at eit mannskor frå Fogn øvde inn eit par julesongar før “Vi syng jula inn” i fjor. Skuffelsen var difor ekstra stor då arrangementet måtte avlysast på grunn av korona.

I år har vi ingen slike restriksjonar å forholde oss til, og “Vi syng jula inn” vil gå av stabelen søndag 18. desember. Her vil det vere ulike lokale innslag, mellom anna dette mannskoret, som er i gong med å øva i år igjen. Det er dei same to songane som i fjor, og det er ingen opptakskrav for å vere med i koret, ut over at du må vere mann.

Det vert ei øving søndag 18. desember klokka 18.00 (NB! NYTT TIDSPUNKT) i kyrkja, og der er det berre å stilla opp for alle som vil! Som de ser av biletet, er det plass til fleire:)

Salgsmesse i Erås museum

Det blir salgsmesse i Erås museum søndag 27. november fra kl. 12.00-15.00.

Flere utstillere med en rekke tilbud som strikk, sjokolade, matvarer, småkaker, trevarer, kranser, bruktvarer med mer. Det er også sal av produkt frå Tibet, der kvinner syr om gjenvinningsmaterialer, noko som gir dei tiltrengt inntekt.

Salg av kaker, kaffi og saft.

Velkommen til Høgastevegen 138!

Har du noe du vil selge? Ta kontakt med Malvin (93422191) eller Anders (93830702)

OMV gir bort nytt slukkeutstyr til Fogn brannlag

No er det hakket tryggare å bu på Fogn, takka være utstyr donert til Fogn brannlag frå OMV Norge!

Dette utstyrer vart kjøpt inn til ein boreoperasjon som OMV har gjennomført i sommer. Boreoperasjonen er nå avslutta og dei trengte ikkje skumutstyret meir.

På vegne av OMV snakka Arnstein Bøe med Øyvind Sandanger om Fogn brannlag var interessert i dette. Svaret var ja, og i helga vart dette overrakt.

Så får vi håpe at det aldri blir behov for å bruke dette men, no er iallefall Fogn godt utrusta til å slukke branner i både væsker og faste materialer.

AFFF skum er veldig bra til å slukke nesten alle typer branner og forbygge spredning av brann.

Ei helsing frå Viking til Fogn IL!

Søndag 13. november avslutta Viking fotball sesongen i eliteserien med å spele uavgjort heime mot Odd. Etter kampen fekk Jon Olav Runestad, på vegne av Fogn IL, overlevert ei Vikingdrakt signert av alle spelarane! Den som overleverte drakta var ingen ringare enn trenar Bjarte Lunde Aarsheim. Han ville gi drakta som ei helsing frå Viking til Fogn i anledning 50-årsjubileet i år. Han hadde også merka seg at det var mange trufaste vikingsupportarar frå den vesle øya, og takka for all støtte gjennom året. Til slutt lova Aarsheim at klubben skal gjere det som trengs for å løfte laget i 2023!

Leiar i Fogn IL, Jakob Bø, set pris på gåva frå Viking, og er glad for at trenaren har lagt merke til vikingengasjementet som er på Fogn. No vil ein sjå på løysingar for kvar drakta kan henge, og det er nok ikkje uaktuelt å finne ein ledig veggplass på Fogn oppvekstsenter, der mange unge vikingsupportarar tilbringar store deler av dagen!