Framleis dekkservice på Fogn!

Mange var nok litt nervøse for kva som ville skje då “dekkongen” på Fogn, Bjarne Bøe, valgte å flytta til Finnøy. Måtte folk no byrja å både skifta og ta hand om bildekka sine sjølv? Heldigvis kom det kjapt på plass ei løysing for dei som vil nytta seg av denne!

John Sverre Sandanger tilbyr både skifte av hjul, bestilling av dekk, dekkhotell og omlegging og avbalansering av dekk. Han har alt overtatt mange av “dei gamle” kundane til Bjarne, men har plass til fleire dekk og kan ta imot enno fleire kundar i redskapshuset på garden med adressa Sæbøvegen 1.

John Sverre sjølv minner om at dette tilbodet er like aktuelt for hyttefolk, som gjerne har tid til å skifta dekk nettopp når dei er på hytta.

Både fastbuande og hyttefolk når John Sverre på det same nummeret, 97 64 03 81!

Samling for dei som vil sjå etter dagsturhytta

På tysdag 1. november klokka 19.30 vert det ei samling for dei som vil ha eit ekstra ansvar for å sjå etter dagsturhytta. Samlinga vert på skulen, og det vil mellom anna bli snakka om korleis ein vel å organisera seg, ein vil laga plan for resten av året, og det må avklarast kva denne gruppa skal heitte. Kanskje Ørnareirets venner, Hyttegjengen, Ansvarskomiteen, Vaktmestrane eller Dugnadsgjengen er aktuelle alternativer?

Samlinga er for alle som vil vere med og ta eit ekstra ansvar. Du kan melda frå om at du ynskjer dette på denne lenka.

A-laget sesongavsluttar på heimebane

Laurdag 29. oktober klokka 13.30 avsluttar Fogn IL sin fotballsesong med heimekamp mot Fiskå 2.

Det har vore ein varierande sesong for A-laget, som vann mykje rundt sesongstart, men har fått det tøffare etterkvart. Dei blåkledde ligg på 9. plass på tabellen (av 12 lag) før siste kamp, men vil med siger gå forbi Fiskå 2, som ligg på plassen foran.

Bli med og hei Fognalaget fram til 3 poeng og siger i sesongavslutningen!

Snart solidaritetsaksjon igjen

Nå er det tid for den årlege solidaritetsaksjonen igjen, og vi har starta førebuingane.
Aksjonen blir i år onsdag 26. oktober kl.16:15-18:15.
Vi vil samle inn pengar til Laos.
Litt under halvparten av befolkninga i Laos er urfolk. Det er over 100 urfolksgrupper i landet. Dei snakkar eit anna språk enn majoriteten i landet, og har ulik religion og kultur.
I Hei Verdens prosjekt i Laos får lærarane i landsbyane dra på kurs for å bli gode lærarar for barn som ikkje snakkar same språk som dei. Dei lærer også gode metodar for å undervise fleire klassar samtidig.
Bruktmarked
Dei som har gjenstander/klær/utstyr som dei vil kvitta seg med, kan levere det til bruktmarkedet vi skal ha her på skolen.
Det bør leverast før onsdag 26.okt.

Velkommen til solidaritetsaksjonen.
Det blir middag og kaker, utlodning og masse gøy!

Helsing tilsette ved Fogn oppvekstsenter.