Bli med på Vikingkamp med Fogn IL!

Fogn IL har 50-årsjubileum i 2022, noko som har blitt markert på ulike måtar gjennom året. Under jubileumsfesten 3. september, vart videohelsinga under spelt av:

Som Kristoffer Løkberg seier, inviterer altså Viking alle i Fogn IL til heimekamp på SR-bank Arena, og kampen som er valt ut, er mot Sarpsborg 08 på søndag 16. oktober kl. 17.00. Som mange veit har Viking gjort det nokså svakt i det siste, så no treng dei verkeleg støtta vår!

Alle som vil ha billettar må melde frå til Heidi Bø Sangedal på 470 10 909 (evt. på Messenger) innan onsdag 12. oktober. Det vert i utgangspunktet ikkje lagt opp til felles opplegg rundt køyring, men vi prøver å fylle opp bilane, og legge til rette for dei som evt. ikkje har mogelegheit til å køyre sjølv.

Heia Viking!

Flott tur, trass dårleg ver!

Veret var ikkje det aller beste, då den ellevte utgåva av 4-og 7-toppstur vart arrangert søndag 2.oktober. Sjølv om det kom nokre solide regnbyger undervegs, titta sola opp innimellom bygene. Trass dårleg ver, var det mange smil å sjå ute i løypa. 

Mange tok turen inn i den nyopna dagsturhytta på Ørnekula, der var stemninga god blant store og små. Det var godt og varmt inni hytta der vedkubbane brann godt i ovnen. 

Totalt gjekk 64 deltakarar årets tur. 39 stykker på 4-toppsturen og 25 stykker la i veg over alle sju toppane. 

Den heldige vinnaren av gåvekortet frå Kiwi Finnøy, som vart trekt ut blant alle som gjekk turen, vart Synne S.Kolnes. 

Ein stor takk til lokale sponsorar, som delte ut kvikk-lunsj frå Windoornet på Borgaråsen og Varhaug, god smoothie frå Joker Fogn på Peråsen og smakfulle tomatar frå Ryfylke tomat på Ørnekula.

Tekst og bilete: Helge Magnar Iversen

Ver med og støtt demensaksjonen!

Hei alle saman

Sist veke gjekk den årlege demensaksjonen i regi av Nasjonalforeningen for folkehelse, av stabelen. Over heile landet gjekk representantar frå helselag og demensforeningar rundt på dørene med bøsser å samla inn pengar til aksjonen.

Av ulike grunnar blei det ikkje gjennomført bøsseaksjon på Finnøy og Fogn i år, difor iverkset me plan B i år som går ut på å oppmoda alle som les denne meldinga om å støtta det viktige arbeidet ved å bruka Vipps.

Vippsnummeret er 584610.

Me har og bøsser viss nokon ønskjer å bidra med kontantar, nokon har allereie gjort det. Det er det berre å ta kontakt med ein av oss i Helselaget.

Beklagar at det blei slik i år. Håper likevel mange vil vera med på årets aksjon.

På førehand TUSEN TAKK

Beste helsing
Styret i Helselaget
Oddbjørg, Ingeborg, Isabelle og Jannike

Gratis ferjer!

Foto: Rune Nedrebø

Det har vore snakk om det lenge, men no er det altså blitt ein realitet: Ferjene i Finnøysambandet har blitt gratis å reise med for både personar og køyretøy!

Det var fylkestinget som beslutta dette no på tysdag 27. september, og ferjene vart gratis alt frå og med onsdag 28. september. Dette vart feira med brask og bram med kake på ferja og mykje skryt frå godt nøgde øybuar!

Gratis ferjer er positivt for både pendlarar, næringslivet og dei som berre reiser med ferja av og til. Det er også positivt med tanke må mogelegheiten for å realisera Øyfast, i og med at ferjene no blir subsidiert enno meir fra offentleg hald, noko som gjer at det kan bli enno meir å hente i ferjeavløysingsmidler dersom Øyfast blir verkelegheit.

NB! Også Ryfylkeferja, som mellom anna går til Nedstrand, Hebnes og Stavanger, blei gratis frå og med 28. september!