Snart 4- og 7-toppstur

Også i år arrangerer Fogn IL 4- og 7-toppstur på Fogn (for 11. gong!), og denne gongen er turane lagt til søndag 2. oktober. I år, som i fjor, går begge turane innom Ørnakula, men i år ligg det jo ei flott dagsturhytte der oppe og venter turgåarane!

Litt meir informasjon om turane:

Start 7-toppsturen: I Auglendsdalen (Hovda) kl.12.00

Start 4-toppsturen: Frå skulen kl. 12.30

Turen går frå Hovda til fylgjande sju toppar: Eikhaug, Borgaråsen, Himråsen, Peråsen, Domfjellet, Ørnakula og Varhaug. 4-toppsturen går over dei fire siste toppane i 7-toppsturløypa. Målgong er ved Kyrkja .

Det vert delt ut ein liten overrasking på fleire av toppane. Turen går i flott kulturlandskap og utsikten frå toppane gjev fantastisk utsyn over heile Ryfylke.

Spørsmål om turen kan rettast til Helge M Iversen, mobilnr 41085524.

Flott Fognaløp og -meisterskap

Som eit slags punktum for ei fantastisk helg på Fogn, arrangerte Fogn IL Fognaløp og -meisterskap søndag 4. september. Med stort sett sol og temperatur på 20+ vart det ei flott ramme rundt eit fint arrangement!

I Fognaløpet kunne ein som vanleg bli med på anten 5 km (rundt “Nullen”) eller snaut 10 km (rundt øya). Det kunne sjå ut som om dagsturhytteopning og 50-årsfest dagen før hadde kosta mykje for mange, sidan det var hakket færre deltakarar på løpet enn vanleg. Men dei som sprang fekk ein flott tur!

Lilly Hovda vann 5 km for damer, på tida 25.31, med Janne Aano Bø (28.46) og Anne Sunde (29.51) på plassane bak. Herreklassen vart vunnen av Anders Sandanger på 20.10, foran Filip Iversen (24.15) og Arne Straumstein (25.32).

I runden rundt øya var det berre ein deltakar i dameklassen, men Tanja Sandanger Giske (56.30) leverte likevel flott innsats og sprang i mål som vinnar! Herreklassen vart vunne av Håvard Østhus på 39.18 foran Matan Shapiro (44.52) og Helge Iversen (45.45).

Deretter var det klart for fognameisterskap der born i alle aldrar sprang 60-meter, hoppa lengde og kasta liten ball. Fotografen hadde arbeidsoppgåver i lengdegropa, difor er dei fleste bileta i serien under derfra. Bileta som ikkje er frå lengdehoppinga er knipsa av Jakob Bø.

Takk for eit flott arrangement!

Fognaløp og meisterskap på søndag

I tillegg til dagsturhytteopning og 50-årsfest for Fogn IL, vert det også arrangert fognaløp og fognameisterskap på søndag 4. september!

Det byrjar med fognaløp kl. 13.00 frå skulen. Her kan ein velgje mellom 5 og 10 km, og det er viktig å understreke at løpet er for absolutt alle, ein treng ikkje å vera topptrent!

Etter at løparane er i mål og premieutdeling er ferdig, er det tid for Fognameisterskapet der 60 meter, lengde og kast med liten ball står på programmet. Alle får medalje!

Det servering av frukt og diverse anna.

Velkommen!

Velkommen til den store opningsfesten!

Komande helg blir ei skikkeleg festhelg på Fogn! Idrettslaget skal feira 50 år, og dagsturhytta skal opnast. Når vèret også ser ut til å vise seg fra si beste side, er det få grunnar til å ikkje stille på Ørnakula på laurdag! Sjå plakat med informasjon under:

NB! Det er lov å koma direkte til Ørnakula, ein “må” ikkje gå frå kaien kl. 11.00.