Ein ypperleg campingplass!

Frå laurdag 13. til søndag 14. august vart fotballbanen ved Fogn oppvekstsenter prøvd ut som campingplass! At ein flat og fin grasbane fungerte fint for dei 11 telta med born, ungdom og vaksne, var nok inga overrasking. Men aktivitetstilbodet, med fotball i bingen, utstyr frå “Mesternes Mester”, “Airtracks”, bålpanne med marshmallowsgrilling, boccia og badminton bidrog også til mykje god stemning. Når vèret i tillegg viste seg frå si aller beste side, fekk ein heller tola at det nok vart “så som så” med søvn for eindel av deltakarane…

Under er nokre fleire bilete frå det som kanskje er starten på ein tradisjon på Fogn?

Dei unge var best!

Lydia Hovda imponerte i 90-graderen!

Fogn viste seg frå si beste side då Fogn IL inviterte folk til å prøva ut ulike øvelsar frå TV-programmet “Mesternes Mester”. I øvelsane “90-graderen” og “Jerngrep” konkurrera born og vaksne mot kvarandre, på like vilkår. Dette kunne kanskje virka urettferdig mot dei yngste, men det viste seg altså at det var barneskuleelevar som vann… I 90-graderen var det over 50 deltakarar som prøvde seg. Likevel var det sju år gamle Lydia Hovda som sette alle dei andre på plass, då ho sat i seks minutter og seks sekunder! I “Jerngrep” var det mange prestisjeduellar, men når alle var ferdige, var det sjuendeklassing Håkon Sangedal som sto igjen som vinnar!

Øvelsen “Kronidioten” består av tre høge og tre låge hinder som skal forserast flest gonger i løpet av 2 minutter. Bakgrunnen for namnet handlar nok om at ein skal gå over dei høge og under dei låge hindera. I og med at dei høge hindera vart vanskelege å forsera for dei yngste, fekk desse lov å ikkje vere “kronidiotar”, og heller gå over dei låge og under dei høge hindera. Josef Bø var best i klassen for dei vaksne, medan Amund Aanestad og Syver Østhus vann for borna.

Den siste konkurransen gjekk ut på å halde to vannballongar på strake armar så lenge som mogeleg. Når armane til slutt sank ned, landa vannballongane på ein spiker… Her var det Jonathan Froometa og Jone Meling som viste seg som dei sterkaste deltakarane!

Utstyret som vart brukt til øvelsane sto også framme på søndagen, slik at folk kunne prøve det ut. Tanken er at det etterkvart skal lagrast, og tas fram ved ulike høve.

Sjå fleire bilete frå dagen under. Dei er knipsa av Janna Aano Bø og Håvard Østhus.

Fotballjubileum laurdag 27. august!

I anledning Fogn IL si 50-årsfeiring blir alle som har spelt ein eller fleire A-lagskampar for Fogn invitert til sosialt samvær i Hålevågen, laurdag 27. august kl. 16.00!

Det blir servert grillmat, om nokon treng tilbehør så må det tas med sjølv.

Det blir oppfordra til mimring og mingling.

Malvin vil kåsera litt om oppstarten tidleg på 70-tallet og Jakob vil sei litt frå den meir moderne tida.

Fint om dei som tenker å koma kan senda ein SMS til ein av ”komiteen”.

Malvin Sandanger  tel: 93422191

Arild Johannesen   tel: 95753117

Jon Olav Runestad  tel: 92607045

Mesternes Mester - for ALLE!

Øvelsen “Kronidioten” krevde eindel arbeid!

I det kjente TV-programmet “Mesternes Mester”, er det berre idrettsutøvarar som har gjort det særs godt i sin idrett som får delta. Slik er det ikkje når fleire av øvelsane frå programmet kan testas ut på Fogn i helga! Her kan folk i alle aldrar få prøva seg på øvelsane “90-graderen”, “Jerngrep”, “Kronidioten” og ein øvelse der ein skal halda to vannballongar rett ut frå kroppen lengst mogeleg.

Øvelsane vil vere tilgjengelege ved Fogn oppvekstsenter frå ca. kl. 15.00 no på laurdag, og mellom kl. 16.00-18.00 vil det vere ansvarlege ved kvar øving som tek tida og noterer ned for dei som ynskjer å konkurrere mot kvarandre. Men det er heilt lov å berre prøva øvelsane utan å delta i konkurranse også.

Det er Jakob Bø og Gordon Sunde som har hatt hovudansvaret for å laga til øvelsane, og desse ser fram til at flest mogleg vil prøva dei i helga!

Jørgen tester jerngrepet sitt!

Dugnadar på dagsturhytta

Tysdag 9. august vart det arrangert ein “ryddedugnad” ved dagsturhytta. Her vart det klippa og fjerna diverse rundt hytta, i tillegg til at det blei forsøkt “rydda i” torver som tidlegare vart rulla vekk for å gi plass til hytta. Sjå nokre fleire bilete, knipsa av grendalagsleiar Ole Klingsheim, nedst i denne saka. Sjå også bilete frå ryddedugnaden før hytta kom på plass ved å klikke her.

Det vert ny dugnad, for alle som vil vera med, tysdag 16. august kl. 18.00-20.00! Fokus er igjen på rydding, så ta gjerne med greinsaks og/eller spade.

Elles er det mange som har meldt seg til å vere med og sjå etter dagsturhytta når denne etterkvart opnar for “normal drift”. Om du ynskjer å vere med på denne dugnaden, kan du melde deg her.