Klart for den 34. fognamarsjen!

Søndag 14.august 2022 vert den 34. Fognamarsjen på rad arrangert.

Start mellom kl 15.00 og 16.00 ved Fogn Oppvekstsenter. Rundt øya (mot Kyrkja). Omlag 10km.

Premiering: 1. gong bronse medalje. 5. gong sølv medalje. .10. gong gull medalje. 15. gong Elite staup. 20. gong - endå eit staup. 25.gong kakespade. 30. gong ostehøvel.

På oppslag ved Joker Fogn eller ved å klikka HER kan du studera deltakinga for dei 33 tidlegare marsjane.

Det vert høve til kjøp av brus / sjokolade ved Selvåg.

I start/målområdet ved skulen er det rigga til med konkurransar frå “Mesternes Mester”, som alle kan prøva seg på! Kven er best i gjengen, familien eller blant kollegaene:)?

Femtiårs jubilanten, Fogn i.l., ynskjer nye og tidlegare deltakarar velkommen til ein vonleg fin søndagstur rundt øya!

Bli med på Camp Fogn - og "Mesternes Mester"!

Frå laurdag 13. til søndag 14. august, er alle som ynskjer det velkomen til å overnatta i telt/lavo e.l. på fotballbanen ved Fogn oppvekstsenter! Med gode vèrmeldingar kan dette bli ein kjempekjekk “happening” for både store og små! Arrangementet er alkoholfritt. Nokre fleire punkter om kva dette går ut på:

  • Telt kan riggast opp frå klokka 15.00 på laurdagen. All telting skjer på eige ansvar:)

  • Det vert lagt til rette for at ungdomar (som gjerne vil rangle litt ekstra) kan ha ein eigen “camp” i eit hjørne av fotballbanen.

  • Frå klokka 16.00-18.00 kan dei som ynskjer det bli med på ulike øvelsar frå “Mesternes Mester”, i regi av Fogn IL. Elles kan ein spela boccia, kubb og andre “hagespel”.

  • Varme grillar frå klokka 18.00 og utover kvelden. Ta med eigen grillmat og det de vil ha av campingstolar/bord o.l.

  • Om nokon ikkje vil telte, er det sjølvsagt lov å berre vere med på arrangementet på ettermiddag/kveld, og så overnatte heime.

  • Vi har avtale med skulen om lån av toalett.

  • Alt må bli rigga ned i løpet av søndagen, slik at robotklipparane kan få gjere jobben sin igjen.

Dette er ein god anledning til å ta seg ei natt i telt på Fogn, både for fastbuande, hyttefolk og andre som ynskjer å ta turen!

Har de spørsmål kan de ta kontakt med Øyvind Sandanger på 92090918 eller Håvard Østhus på 93445913.

Fisking, bading og vannleik på laurdag!

Vanntrampoline med diverse anna utstyr er blant det som står på “menyen” når Fogn IL inviterer til ein “vannsportdag” i anledning 50-årsjubileet sitt i år. Dette skjer på Sørvåg, laurdag 23. juli.

Det heile startar med ein fiskekonkurranse med premiering i ulike klassar. Det vert også stintefiskekonkurranse for borna, der dei kan få låne fiskeutstyr om dei ynskjer det. Fiskekonkurransen varer frå klokka 11.00-13.00, men påmelding er mogeleg frå klokka 10.30.

Det vert elles rigga til ulike vannaktiviteter, i tillegg til at Fogn IL stiller med border, benker og varme grillar.

Ta gjerne turen til Sørvåg på laurdag!

NB! Borna som vil bruke vanntrampolinen må ha redningsvest, så ta med eigen vest.

Gudsteneste på Byre igjen

Søndag 24. juli kl 1230 blir det igjen utegudsteneste på Byre. I fjor samla gudstenesten 160 personar og me håper at like mange tar turen dette året. Staden for gudstenesten er ved dammen til Kari og Gudmund Byre. Tor Egil Eriksen er prest og lokale musikerar med hytte på  Byre blir med. Etter gudstenesten blir det kyrkjekaffi og god tid til drøs.

Reisemåte frå Fogn med hurtigbåt kl 0940 rundtur i Ryfylke med ankomst Byre kl 1105 eller ferje frå Fogn kl 0940, vente på Judaberg og ta den nye Ryfylkeferja kl  1115

Heim igjen går det hurtigbåt kl 1505 til Judaberg eller Ryfylkeferja  kl 1520 med ankomst kl 1550 Hurtigbåt til Fogn kl 1600 (ferje kl 1630)

Dei som velger å reise med egen båt kan legge til i Djupevik, derifrå går det grusveg opp til dammen.

 Arr. Talgje sokneråd i lag med lokale eldsjeler.