Dugnadar på dagsturhytta

Tysdag 9. august vart det arrangert ein “ryddedugnad” ved dagsturhytta. Her vart det klippa og fjerna diverse rundt hytta, i tillegg til at det blei forsøkt “rydda i” torver som tidlegare vart rulla vekk for å gi plass til hytta. Sjå nokre fleire bilete, knipsa av grendalagsleiar Ole Klingsheim, nedst i denne saka. Sjå også bilete frå ryddedugnaden før hytta kom på plass ved å klikke her.

Det vert ny dugnad, for alle som vil vera med, tysdag 16. august kl. 18.00-20.00! Fokus er igjen på rydding, så ta gjerne med greinsaks og/eller spade.

Elles er det mange som har meldt seg til å vere med og sjå etter dagsturhytta når denne etterkvart opnar for “normal drift”. Om du ynskjer å vere med på denne dugnaden, kan du melde deg her.

Klart for den 34. fognamarsjen!

Søndag 14.august 2022 vert den 34. Fognamarsjen på rad arrangert.

Start mellom kl 15.00 og 16.00 ved Fogn Oppvekstsenter. Rundt øya (mot Kyrkja). Omlag 10km.

Premiering: 1. gong bronse medalje. 5. gong sølv medalje. .10. gong gull medalje. 15. gong Elite staup. 20. gong - endå eit staup. 25.gong kakespade. 30. gong ostehøvel.

På oppslag ved Joker Fogn eller ved å klikka HER kan du studera deltakinga for dei 33 tidlegare marsjane.

Det vert høve til kjøp av brus / sjokolade ved Selvåg.

I start/målområdet ved skulen er det rigga til med konkurransar frå “Mesternes Mester”, som alle kan prøva seg på! Kven er best i gjengen, familien eller blant kollegaene:)?

Femtiårs jubilanten, Fogn i.l., ynskjer nye og tidlegare deltakarar velkommen til ein vonleg fin søndagstur rundt øya!

Bli med på Camp Fogn - og "Mesternes Mester"!

Frå laurdag 13. til søndag 14. august, er alle som ynskjer det velkomen til å overnatta i telt/lavo e.l. på fotballbanen ved Fogn oppvekstsenter! Med gode vèrmeldingar kan dette bli ein kjempekjekk “happening” for både store og små! Arrangementet er alkoholfritt. Nokre fleire punkter om kva dette går ut på:

  • Telt kan riggast opp frå klokka 15.00 på laurdagen. All telting skjer på eige ansvar:)

  • Det vert lagt til rette for at ungdomar (som gjerne vil rangle litt ekstra) kan ha ein eigen “camp” i eit hjørne av fotballbanen.

  • Frå klokka 16.00-18.00 kan dei som ynskjer det bli med på ulike øvelsar frå “Mesternes Mester”, i regi av Fogn IL. Elles kan ein spela boccia, kubb og andre “hagespel”.

  • Varme grillar frå klokka 18.00 og utover kvelden. Ta med eigen grillmat og det de vil ha av campingstolar/bord o.l.

  • Om nokon ikkje vil telte, er det sjølvsagt lov å berre vere med på arrangementet på ettermiddag/kveld, og så overnatte heime.

  • Vi har avtale med skulen om lån av toalett.

  • Alt må bli rigga ned i løpet av søndagen, slik at robotklipparane kan få gjere jobben sin igjen.

Dette er ein god anledning til å ta seg ei natt i telt på Fogn, både for fastbuande, hyttefolk og andre som ynskjer å ta turen!

Har de spørsmål kan de ta kontakt med Øyvind Sandanger på 92090918 eller Håvard Østhus på 93445913.

Fisking, bading og vannleik på laurdag!

Vanntrampoline med diverse anna utstyr er blant det som står på “menyen” når Fogn IL inviterer til ein “vannsportdag” i anledning 50-årsjubileet sitt i år. Dette skjer på Sørvåg, laurdag 23. juli.

Det heile startar med ein fiskekonkurranse med premiering i ulike klassar. Det vert også stintefiskekonkurranse for borna, der dei kan få låne fiskeutstyr om dei ynskjer det. Fiskekonkurransen varer frå klokka 11.00-13.00, men påmelding er mogeleg frå klokka 10.30.

Det vert elles rigga til ulike vannaktiviteter, i tillegg til at Fogn IL stiller med border, benker og varme grillar.

Ta gjerne turen til Sørvåg på laurdag!

NB! Borna som vil bruke vanntrampolinen må ha redningsvest, så ta med eigen vest.