Gudsteneste på Byre igjen

Søndag 24. juli kl 1230 blir det igjen utegudsteneste på Byre. I fjor samla gudstenesten 160 personar og me håper at like mange tar turen dette året. Staden for gudstenesten er ved dammen til Kari og Gudmund Byre. Tor Egil Eriksen er prest og lokale musikerar med hytte på  Byre blir med. Etter gudstenesten blir det kyrkjekaffi og god tid til drøs.

Reisemåte frå Fogn med hurtigbåt kl 0940 rundtur i Ryfylke med ankomst Byre kl 1105 eller ferje frå Fogn kl 0940, vente på Judaberg og ta den nye Ryfylkeferja kl  1115

Heim igjen går det hurtigbåt kl 1505 til Judaberg eller Ryfylkeferja  kl 1520 med ankomst kl 1550 Hurtigbåt til Fogn kl 1600 (ferje kl 1630)

Dei som velger å reise med egen båt kan legge til i Djupevik, derifrå går det grusveg opp til dammen.

 Arr. Talgje sokneråd i lag med lokale eldsjeler.

Klart for fleire 50-årsarrangement!

Fogn IL blir 50 år i 2022, noko som vert markert med fleire aktivitetsdagar, i tillegg til ei festhelg 3.-4. september.

Det neste arrangementet som går av stabelen, er ein dagsturhyttedag søndag 17. juli. Informasjon på plakaten under:

Deretter vert det ein vannsportdag laurdag 23. juli i Sørvåg, frå klokka 11.00:

  • Fiskekonkurranse frå kl., 11.00 til 13.00. Ta med fiskeutstyr. Ein kan fiska frå land og/eller båt.

  • Det vert rigga til med diverse “flyteting” i sjøen som ein kan leika seg i heile dagen.

  • Ta gjerne med kajakk, SUP e.l. om de har.

  • Fogn IL ordnar med varme grillar, ta med grillmat sjølv.


Båttur frå Fogn i sommar?

Har du lyst og oppleva Ryfylke fra sjøen så har Helgøy Skyssbåt A/S kjekke turar nå i sommar.

Kvar torsdag frå nå og fram til 11. august kan du var med på Jøsenfjord cruise.

Alle lørdagane i juli er det heildags cruise inn til Sand og Hylsfjorden med mange flotte plasser underveis.

På alle turane kan du gå ombord på Judaberg, Sæbøvåg på Fogn og ellers fleire anløpssteder innover.

Les meir på helgoy.no

Flott feiring!

Også i år vart det ei flott St.Hansfeiring på Fogn! Fogn IL og Fogn Kr. Ungdomslag hadde denne gongen rigga til bål hjå Jakob og Janne Bø, med flott utsikt over Ryfylke! Når veret i tillegg viste seg frå si beste side, vart det ei flott ramme rundt det heile!

Trond Arne Borgemyr hadde andakt, det var kiosksal og etterkvart båltenning. Ein flott kveld som for mange markera starten av sommarferien! Sjå nokre fleire bilete under:

Velkommen til St. Hansfeiring!

Bilete frå feiringa på Erås i 2021

Fogn IL og Fogn kr. Ungdomslag inviterer også i år til St. Hansfeiring på Fogn, denne gongen ved Janne og Jakob på Trevland (nærare bestemt på Storhaug, for dei verkeleg lokalkjende). Parkering ved Janne og Jakob.

Arrangementet startar kl. 19.30, med andakt av Trond Arne Borgemyr. Tenning av bålet skjer ca. kl. 21.00.

Det vert sal av sjokolade, brus og kaffi. Det vert også tent eit lite pølsebål for dei som vil spidda medbrakte pølser.

Alle er hjarteleg velkomne!

NB! Det vert dugnad for å dra saman bålet frå klokka 19.00, onsdag 22. juni.

Her kan du melda deg som frivillig på dagsturhytta!

Fogn grendalag er på jakt etter folk som vil vera med og sjå etter dagsturhytta, som snart står klar på Ørnakula! I skjemaet under kan ein sjå kva eit slikt tilsynsansvar går ut på, og melde seg til teneste.

Alle som vil vere med på dette vil også bli lagt til i ei eiga Messengergruppe. Dersom nokon av dei som melder seg ikkje har Messenger, ta kontakt med Ole Klingsheim på 915 66 481, så finn vi ei løysing.