Hytta på Fogn - men ikkje heilt i mål enno...

På søndag 24. april, like før klokka 13.00, la cargoskipet Gullaas til kai på Sørvåg. Ombord var det fleire dagsturhytter, mellom anna den som snart skal plasserast på Ørnakula på Fogn!

Sjølve hytta kom i fire modular, i tillegg til at utedoen, som skal stå i nærleiken av hytta, var med på lasset. Øyvind Sandanger var kontaktperson på land, og hjalp til med å få ting på plass, i tillegg til at fleire skuelystne kom ned og fulgte med etterkvart som dei ulike delene vart løfta over frå skipets indre og til kaien. No står alt lagra på Sørvåg, fram til eit helikopter skal frakta det vidare opp til Ørnakula. Dette skjer etter planen 4. mai. Deretter gjenstår omlag 14 dagars arbeid, før hytta kan takast i bruk. Det er altså mogeleg at hytta står klar til bruk så tidleg som siste halvdel av mai, men ingenting er sikkert.

No er vi i alle fall forbi “point of no return”, og kan verkeleg byrje å glede oss til hytta kjem på plass!

Under er nokre fleire bilete frå "overleveringa":

Skåra fire mål i storsiger!

Jørgen Bø viser kor mange mål han skåra. Foto: Janne Aano Bø

Fogn - Havørn 2: 10-1 (6-0). At Fogn skårer 10 mål i løpet av ein fotballkamp skjer ikkje kvar dag (om det i det heile tatt har skjedd før), men det var altså tilfellet då Havørn 2 blei sendt heim som hakkekyllingar etter kampen fredag 22. april 2022!

Fogn hadde, som vanleg, ein nokså tynn kamptropp å stille med. 13 spelarar var disponible, deriblant to som var småskada/sjuke. Bortelaget frå Sola stilte med 16 mann, men utan ein erfaren keeper, noko som gjorde at dei måtte sette ein utespelar i mål. Om det var dette Fognback Tord Myklebust tenkte på då han skulle ta eit frispark omtrent frå midtbanen, er vanskeleg å seie. Tord sendte i alle fall ballen i ein høg boge over hanskane til keeper, men under tverrliggaren, og Fogn leia 1-0 etter berre 7 minutter. Deretter rann måla inn resten av omgangen. Først skåra Håvard Østhus 2 mål, før Jakob Bø sette inn ein straffe til 4-0. Tord Myklebust gjentok så bedrifta med eit nytt frispark, men denne gongen frå eigen banehalvdel! Like før pause var Jørgen Bø frampå og sette inn Fogn sitt 6. mål, slik at stillinga til pause var heile 6-0.

Havørn gjorde fleire bytter i pausen, kanskje med håp om å klare å snu kampen. Diverre for bortelaget hadde innbyttarane (i alle fall fleire av dei) bytta ut vannflasker med ølboksar på innbyttarbenken, noko som ikkje nødvendigvis var ein god idé. Det verka i alle fall ikkje til å hjelpa på fotballbanen, og dommaren informerte i tillegg om at dette kom til å bli rapportert. Sjølv om tempoet gjekk kraftig ned denne varme vårkvelden, skåra Fogn fire nye mål i 2. omgang, medan Havørn 2, i tillegg til ein negativ dommarrapport, sat igjen med eit trøystemål og eit raudt kort. Dette siste kom etter at backen til Havørn sendte Jakob Bø over dødlinja og inn mot fotballbingeveggen med ein tilsikta dytt i etterkant av ein duell.

Når det gjaldt Fogn sine mål i 2. omgang, skåra Jørgen Bø heile 3 av desse, noko som gjorde han til 4-målsskårar i kampen! Alle måla kom etter at han, på ekte spissvis, sprang frå forsvaret og var sikker åleine med keeper! Inne imellom måla til Jørgen, skåra også Sondre Sandanger Sørheim eit flott mål då han tok saken i eigne hender med ein flott soloprestasjon! Det var for øvrig same Sondre som etter kampen kom med kommentaren om at “no kan vi i alle fall slå fast at trening er oppskrytt”, med tanke på at Fognaspelerane berre så vidt har rørt ein fotball i vinter og vår…

Med dette har Fogn fått ein kjempestart på sesongen med 6 poeng av 6 mogelege. Alt på måndag 25. april kjem kanskje den største utfordringa på kampprogrammet; puljefavoritt Madla 4 på bortebane. Utan å ta nokon sorger på forskudd, kan vi likevel minne om at Fogn.org stort sett vel å rapportere frå kampar som ender med siger til Fogn (det har vist seg å vere ein nokså enkel jobb dei siste åra), og at Aftenbladet har kamprapport frå alle Fogn sine kampar, uansett resultat…

Rekordoppslutning starta jubileumsåret!

Det har vore ei flott påskefeiring på Fogn, med godt oppmøte på alle arrangement! Som vanleg var det Fogn IL sin påskebasar på laurdagen som samla flest, truleg opp mot 300 personar! Loddsalet førte også til ny innsamlingsrekord, med 102 000 kroner totalt!

Basaren var også startskotet for Fogn IL si 50-årsfeiring, som skal markerast med fleire aktivitetsdagar og festhelg seinare i år. Meir informasjon om desse ser de på biletet under:


Det skjer på Fogn i påska!

Etter to år med “alternative påskefeiringar” på Fogn, kan ein i år samlast fysisk til ulike arrangement. Her er ei oversikt over det som skjer!

Onsdag 13. april frå kl. 18.00 - Loddsal på dørene
Representantar frå Fogn IL kjem rundt på dørene og sel lodd til påskebasaren som er på laurdag.

Skjærtorsdag kl. 19.30 - Nattverdmøte på bedehuset
Nattverdmøte med andakt av Svein Magne Frafjord, i tillegg til at ordet blir gitt fritt,.

Langfredag kl. 11.00 - Pasjonsgudsteneste i kyrkja
Terje Engstrøm er prest. Lesing/framføring av bibelske frå langfredag. Dåp.

Påskeafta frå kl. 09.00 og 14.00 (trekning) - Fogn IL sin påskebasar utanfor butikken
Loddsal, kaffi og kake frå klokka 09.00. Sjølve trekninga skjer frå klokka 14.00.

1. påskedag kl. 11.00 - Møte på bedehuset
Møte med andakt av Paul Aano og song av Kjell Emil Berge

1. påskedag kl. 18.00 - Gudsteneste i kyrkja
Ola Aasland Vold er prest. Song av lokal jentegruppe.

Bortesiger til Fogn i serieopninga!

Forus og Gausel 2 - Fogn: 2-3 (2-1). At Fogn sitt fotballag i 7. divisjon vinn på bortebane skjer på ingen måte ofte. At det i tillegg skjer i første seriekamp, der dei aller fleste spelerane ikkje hadde hatt på seg fotballsko sidan serieavslutninga i fjor, gjer det nærmast til ein sensasjon. Men det var altså det som skjedde, denne kvelden på Knudamyra kunstgrasbane!

Forus og Gausel gjekk hardt ut frå start av kampen, og spelande trenar Jakob Bø var nok glad for at han hadde lagt ein nokså defensiv taktikk, der det kun var einsleg spiss Jørgen Bø som jaga på topp, og resten av laget konsentrerte seg aller mest om å forsvara seg. Men sjølv om Forus og Gausel hadde ballen klart mest, var det Fogn som fekk det første målet! Venstreback Tord Myklebust slo eit frispark frå midtbanen opp bak heimelaget sitt forsvar. Keeper kom ut for å ta ballen, men ein bakromsjagande Jørgen Bø nådde ballen først, heada den over keeper og inn i det tomme målet, 0-1!

Deretter heldt kampen fram i same spor som før scoringa, med Forus og Gausel i angrep og Fogn i forsvar. Dette gav til slutt resultat for heimelaget, som scora to mål må 7 minutt, først ved ei fin heading, deretter ved flott gjennomspel med tilhøyrande kontrollert avslutning. 2-1 var også stillinga til pause.

Både i første og andre omgang gjorde heimelaget mange bytter, noko som gjorde at dei mista litt av den fine rytmen dei hadde i byrjinga av kampen. Fogn dominerte på ingen måte i banespelet, men kom til ein og annan halvsjanse, og etter halvspelt andreomgang fekk dei løn for strevet. Igjen var det Jørgen Bø som var frampå, og i duell med tre forsvarar kom han seg inn i 16-meteren, der han vart lagt i bakken på ulovleg vis, og dommaren peika på straffemerket! Jakob Bø var, som vanleg, sikker som banken og sendte keeper ein veg og ballen den andre, 2-2!

Ikkje lenge etter skulle avgjersla komme. Nok ein gong var det eit frispark frå ein back med etternavn Myklebust, men denne gongen høgreback Olav. Han sendte ein frispark inn foran mål, der namnebror Olav Halsne, som var komen inn som innbyttar, nådde ballen først og heada den inn via fingertuppane til keeper, 2-3 og vill jubel i Fogn-leiren!

Forus og Gausel pressa på for utlikning, men det gjorde ikkje ting lettare for heimelaget at dei vart redusert til 10 mann etter at same spelar fekk to gule kort på få minutter. Etter nokre lange sluttminutter blåste dommar endeleg av kampen, og Fogn sto, på mirakuløst vis, igjen som vinnar!

Ein flott start på sesongen for dei blåkledde, som møter Havørn 2 til sesongens første heimekamp tysdag 19. april!