Jentelagsbasar igjen, etter to år utan

Det er ein nokså lang tradisjon at jentelaget Vårvon har basar på bedehuset, fredag før palmesøndag. Dei to siste åra har basaren blitt avlyst, grunna koronapandemien, men no er den tilbake!

Jentelaget Vårvon arrangerer basar fredag 8. april kl. 18.00 på bedehuset. Ruben Fjell skal ha andakt, og barnekoret TøfFOGNådig syng. Det blir servering av boller, saft og kaffe. Utlodning.

Alle er hjarteleg velkomne!

Stort engasjement på årsmøte i grendalaget!

Sjølv om oppmøtet kunne vært betre, var det ingenting å seie på engasjementet då Fogn grendalag hadde kalla inn til årsmøte, torsdag 31. mars. Første del av møtet, med årsmelding, rekneskap og val, gjekk raskt unna. Leiar Ole Klingsheim fekk fornya tillit i den rolla, og får med seg desse på laget i styret:

Ona Batutiene (2 år att)
Jon Olav Runestad (2 år att)
Christoffer Inge Hovda (2 år att)
Liv Bottolfs (1 år att)
Oddny Kjølvik (1 år att)
Arnstein Bøe (1 år att)

Valnemnda ser slik ut framover:
Ivar Opsal (leiar, 1 år att)
Heidi Bø Sangedal (2 år att)
Tone Østebø (3 år att)

Revisor er Ottar Sandanger

Deretter var det sett opp ulike temasaker, og både båtruter, dagsturhytte, turstinettet og kraftliner vart informert og samtala om. Dei som ynskjer å vite meir, kan lese i referatet (som strengt tatt ikkje er styregodkjent enno). Når det gjeld dagsturhytta, ser det (per no) ut til at denne kjem i modular til Sørvåg 19. april, for deretter å bli flydd opp til Ørnakula nokre dagar seinare. Montering av hytta skjer ein gong før St.Hans, og dato for opning er, enn så lenge, uviss.

Det vart fleire gonger i møtet trekt fram kor viktig jobben som skjer i og rundt grendalaget er, og det er mange som skal ha honnør for den positiviteten som er på Fogn! Skal slike små samfunn fungera godt, treng ein ildsjeler, og det har vi mange av på Fogn!

Solid trøkk på konsert!

Sjølv om borda var hakket færre, og pynten var noko enklare enn på ein klassisk 17. mai-fest, var det fleire som drog denne parallellen då dei kom inn i gymsalen på Fogn oppvekstsenter, laurdag 19. mars. Det kan sjølvsagt skuldast at folk byrjar å gløyma ramma rundt festen, som har blitt korona-avlyst dei siste åra, men med kvite dukar, fin lyssetting og uttrekt scene, var det i alle fall klart at det skulle skje noko “utanom det vanlege” i gymsalen denne kvelden!

I overkant av 70 personar, i alle aldrar, møtte opp og fekk med seg nesten 1,5 time med rock og blues av høg kvalitet, levert av Bård Gulbrandsen med band. Innimellom songane småprata Bård til dei frammøtte, fortalte om innhaldet i det som vart framført, og kva det betydde for han. Publikum i salen tok kanskje aldri “heilt av” (slik artisten gjerne såg for seg av folk frå “bøgda”), men leverte solid applaus etter kvar einaste song, og ikkje minst etter at siste låt var framført for kvelden!

Det virka som om folket på Fogn kosa seg på konsert denne kvelden! Når artist, band og lydfolk også verka godt nøgde, kan ein ikkje anna enn å konkludere med at dette var eit vellukka arrangement, som ein gjerne kan ha liknande av i framtida!