Snart klart for årsmøte og sosialt samvær i helselaget!

Marit Vignes har “drøseri” denne kvelden

Onsdag 23. mars inviterer Helselaget til kombinert årsmøte og sosialt samvær på oppvekstsenteret klokka 18.00!

I og med at førjulsfesten for pensjonistane i kyrkja blei avlyst, prøver me med dette å bøta litt på såret med å laga ny fest. Fordi vi er så få medlemmer i styret, slår me fest og årsmøte saman. Første de blir årsmøtet.

Deretter blir det servering av ein varmrett, samt kaffi og kaker. Marit Vignes kjem og skal halda eit såkalla “drøseri”. Som vanleg blir det trekning i turbøker og basar. Me er takksame om nokon vil ta med seg ein gevinst til lotteriet.

Som mange veit treng me sårt fleire medlemmer i styret. Tenk over om du kunne tenka deg å bli med. Ingen slit seg ut på jobben. Me har rundt seks styremøte i året i tillegg til arrangementa våre. Det er faktisk veldig kjekt å vera med i styret:)

Medlemmar, pensjonistar og vaksne er hjarteleg velkomne!

Påmelding på sms til Oddbjørg, Tlf: 94 12 92 33 innan 17. mars.

Helsing styret ved Oddbjørg, Ingeborg og Isabelle

Velkommen til konsert laurdag 19. mars!

Ungdomslaget, kyrkja (ansvarskomiteen) og bedehuset (misjonsforsamlinga) går saman om å arrangere konsert med Bård Guldbrandsen m/band i gymsalen på Fogn oppvekstsenter, laurdag 19. mars kl. 19.30!

Det vert rigga til med småbord og sal av kake, snacks, brus og kaffi, så her får ein anledning til å både lytta til god musikk, og småprata rundt borda!

Bård Guldbrandsen (som er dagleg leiar i Joar Byggservice) gav i 2021 ut sitt første album. Albumet kan du lytta til på Spotify eller andre stader du høyrer musikken din. Då vi ba Bård seie nokre ord om konserten, sendte han oss denne teksten:

“Det lukter skog, arbeid og ekte liv når Bård Guldbrandsen m/band tar deg med i musikken som er til ære for Gud og til gagn for hans folk. Gjør deg klar for en musikkopplevelse som drar deg nærmere Herren, river i hjertet og kjennes i råkkefoten!”

Konserten koster 50 kr for born/ungdom (opp til og med 17 år) og 150 kr for vaksne. Betaling skjer ved inngongen, helst via Vipps (men kontanter er også mogeleg).

VELKOMMEN!

Komiteen for arrangementet

Vellukka ungdomslagsweekend!

Fogn kristelige ungdomslag opplever ei “storhetstid” med godt oppmøte om samlingane, som vanlegvis er annakvar laurdag. Helga 11.-13. februar var det tid for weekend, og destinasjonen var Sauda, nærare bestemt den nyrenoverte “Sauda klubb”. 42 personar var påmeldt, dei fleste frå Fogn, men det var og med personar frå andre øyar i gamle Finnøy kommune, Hjelmeland og Kvitsøy.

Nokre “highlights” frå weekenden:

  • Glimrande fellesreise både fram og tilbake med “Helgøy Glimt”

  • Jevnt snøvèr heile helga

  • God mat, i all hovudsak laga til av ungdomane sjølv

  • Tur til Svandalen skisenter og/eller badeland i Saudahallen

  • Fine samlingar der Kristian Landro underviste om “Guds kjærleik”

  • Underholdningskveld, quiz, spel og god stemning

  • Varierande grad av søvn

  • Ein veldig positiv og kjekk gjeng med ungdom!

Fogn kr. ungdomslag

Under er nokre bilete frå helga:

Fogn IL 50 år - Bli med i festkomitè?

Fogn IL runder 50 år i 2022, og i den forbindelse ønsker styret i idrettslaget å nedsette en festkomitee med sikte på å gjennomføre en skikkelig feiring!

Festkomiteen vil få vide fullmakter og romslige økonomiske rammer, innenfor rimelighetens grenser selvsagt. 🙂

Høres dette ut som noe for deg eller noen du kjenner?

Gi Pål ett lite vink, eller møt opp på Fogn Oppvekstsenter onsdag 26.jan klokken 20.00 for å bli med på forberedende møte.

På vegne av styret i Fogn IL,

Pål Grønås

TLF: 970 40 089 eller paal190479@hotmail.com

Vil du vera med og pussa opp kyrkjekjellaren?

Som mange kanskje allereie veit har ansvarskomiteen i kyrkja blitt einige om å gi kyrkjekjellaren eit ansiktsløft. Me tenker dette er ei god tid å gjere slikt arbeid på ettersom det er mindre aktiviteter enn vanleg i kyrkja. Me ønsker å mala vegger, dører, vinduskarmer og lister, i tillegg vil me kjøpe inn nye sittegrupper. Me har også kjøpt inn ein sårt tiltrengt ny komfyr på kjøkkenet. Målet er å få på plass litt planter, nye lampar og fine bilete på veggene. Rett og slett gi romma eit lysere og meir moderne uttrykk.

Det er Stavanger krk fellesråd som har sponsa komfyr og maling, men arbeidet må me gjere sjølve.

Difor er me frimodige og spør om nokon kunne tenke seg å vere med på denne dugnaden?

Det hadde vore supert viss me kunne fått til to arbeidslag, eit på dagtid og eit på kveldstid. Då ville arbeidet bli fort ferdig. Me trur dette kan vere ein kjekk måte å komma saman på og gjere noko nyttig for kyrkja vår.

Me er takksame for alle som vil vere med enten det er med ein eller ti timar. Malinga er innkjøpt og står klar til bruk i kjellaren.

Dersom nokon føler seg kalla er det berre å ta kontakt med Oddbjørg tlf: 94 12 92 33

Mvh Ansvarskomiteen.