Hytta har fått namn!

Etter at mange gode namneforslag var komne inn til Fogn Grendalag gjennom Øyposten sin namnekonkurranse i anledning dagsturhytta på Fogn, har komiteen no “landa” det endelege namnet. Namneforslaget kom frå Janne Aano Bø, og hytta skal heitte “Ørnareiret”!

Dei med tilgang, kan lesa Øyposten si nettsak her.

Elles melder prosjektleiar og “Dagsturhyttas far”, Atle Skrede, om at “Ørnareiret” er på plass på Fogn i løpet av mai/juni, i det minste før St.Hans!

Øyposten fekk inn mange namneforslag, og desse er lista opp under:

Ørnareiret, Ørnarede, Ørneredet, Fognabu, Ørnakulå, Revahiet, Øysikten, Fognareiret, Fognahiet, Ørnabua, Ørnahiet, Fognatopp, Kvilehytta, Fognahyttå, Perlå, Ørnahulå, RyVju (Ryfylke Viewpoint), Våres, Adle si, Lykkebu, Kvilebu, Vidsyn, Stikk innom, Kvisthålå, Ørnasikten, Opptur, Hyttebu, Utkikksbu, Utkikksposten, Trekanten, Treteltet, Hyttå/Hyttå på Ørnakulå, Ørnahyttå, Lykkelia, Drømmen på Fogn, Hovda, Utsikten,Skogslottet, Kvisten, Revehytta, Ørnakvilå.

Kva skal hytta heitte?

Som dei fleste truleg har fått med seg, vert det i løpet av 2022 bygd ei dagsturhytte på Fogn, nærare bestemt på Ørnakulå. Men alle dagsturhytter må ha eit namn, noko som også er tilfelle for hytta som blir sett opp på Fogn. Difor har grendalaget, i samarbeid med Øyposten, laga til ein namnekonkurranse, der folk kan koma med til navn på hytta. Ein komitè nedsett av grendalaget vil bestemme kva for namn ein til slutt går for, og den som har foreslått dette namnet vinn eit års abonnement på Øyposten (både papir og nett)!

Namneforslag må sendast inn før 10. november, og ein kan foreslå namn på Øyposten si Facebookside, Instagrambrukar, eller på sms til Oddbjørg Måland på 941 29 233.

Kyrkjebasar på laurdag

Etter avlysing i koronaåret 2020 er det igjen klart for basar i Fogn kyrkje, laurdag 6. november kl. 18.30!

Basaren vert gjennomført i kyrkjekjellaren og Inger Lise Hovda Dobbe kjem og inspirerer og informerer om Misjonsalliansen sitt arbeid i Ecuador, i tillegg til song av barnekoret TøfFOGNådig. Elles vert det loddsal, kaffi, gjærbakst og pølser.

Halvparten av inntektene frå loddsalet går til misjonsprosjektet og resten går til oppgradering av kyrkjekjellaren.

Velkommen!

Ansvarskomiteen i kyrkja

Sykkelparkeringa på plass!

El-syklist Erlend Grøtta Giske er godt nøgd med den nye parkeringa!

Etter at el-syklar har blitt “allemannseige” er det fleire som lar bilen stå og heller tek beina fatt når dei skal til ferjekaien på Fogn. Her har det lenge vore dårleg med parkeringsplass for alle typar syklar, men det har det no vorte ordna opp i, etter initiativ frå Fogn grendalag!

Grendalaget har spelt på lag med Vegvesenet (som tek rekninga), Gordon Sunde (som teikna påbygget) og Østhus Bygg og Maskin (som har utført sjølve jobben). No er parkeringa klar til bruk, under tak ved venterommet på kaien!

Totalprisen for det heile er omlag 100 000 kroner, og viser at ein kan koma langt med nokså begrensa midler, når ein samarbeider og tenkjer kreativt!