TV-aksjon søndag 24. oktober

Årets TV-aksjon går av stabelen søndag 24. oktober. På Fogn vert det innsamling med bøsser søndag ettermiddag frå ca. 13.00-16.00. I bøssene er det kontanter som gjeld, men det er råd å vippsa og gje på anna vis.

I år er det PLAN INTERNATIONAL som får midlane frå NRK-aksjonen. BARN, IKKE BRUD er parolen for innsamlinga. PLAN er religiøst og partipolitisk nøytral og har jobba med å hjelpa born sidan 1937. Midlane frå innsamlinga skal nyttast til å hjelpa jenter frå tvangsekteskap i ung alder.

Tekst: Ottar Sandanger

Velkommen til solidaritetsaksjon på oppvekstsenteret!

Så er det tid for vår årlege solidaritetsaksjonen og på oppvekstsenteret er vi alt i gang med førebuingane! Vi inviterer alle til å bli med på aksjonsdagen torsdag 28. oktober kl. 16.15-18.15!

Dette året går pengane til eit skuleprosjekt i Kokrobite i Ghana. Skulane her har lite eller ingenting utstyr og barna sit gjerne på golvet i store grupper på 40 - 60 born når dei går på skulen.

I fleire landsbyar har dei ikkje skulebygg og undervisninga må føregå ute. Pengane vi samlar inn, skal gå til å gjere ferdig eit skulebygg i Kokrobite. Jorunn Helland som driv prosjektet Education Gives Hope, kjem og fortel oss meir.

På aksjonsdagen blir det sal av middag og kaker, du kan kjøpe lodd på basar og delta på mange kjekke aktivitetar.

Velkommen til solidaritetsaksjonen!

(Skrive av Fogn oppvekstsenter ved Hilde Folkvord Juul)

Suksess med rulleskøytetreff - tilbake til våren!

Nokon av deltakarane på eit av rulleskøytetreffa i haust. Foto: Isabelle Kvamsøe

Nokon av deltakarane på eit av rulleskøytetreffa i haust. Foto: Isabelle Kvamsøe

Fleire torsdagar i haust har Isabelle Kvamsøe arrangert rulleskøytetreff på den nye asfalten utanfor Fogn bedehuse. Haustens siste samling var 7. oktober. Isabelle melder om bra oppmøte og godt nøgde born, noko som gjer at ho vil starta opp igjen med dette til våren.

Isabelle nytter også anledningen til å takka Fogn helselag som har sponsa med frukt og smoothie, og vi vil takka Isabelle som drog i gong dette kjekke konseptet for barn og unge på Fogn!

Festfotball, storsiger, publikumsfest og strømmesuksess!

Ivar Opsal har nettopp sendt Fogn i føringa, noko som fører til ellevill jubel både på og utanfor banen! Foto: Mats Haugland, Stavanger Aftenblad.

Ivar Opsal har nettopp sendt Fogn i føringa, noko som fører til ellevill jubel både på og utanfor banen! Foto: Mats Haugland, Stavanger Aftenblad.

Fogn - Sviland: 5-1 (2-0). Med hundrevis av tilskoderar og ein kamp som vart strømma direkte på TV Aftenbladet, var det ikkje rart Fogn sin kaptein Ivar Opsal sleit med nattesøvnen før oppgjeret mot Sviland 10. oktober. Men Opsal og resten av dei mørekblå Fognspelarane leverte varene så til dei grader, og knuste Sviland 5-1 i kampen for å unngå tittelen Rogalands dårligaste lag!

Om det var å skåra på heimebane Ivar drøymde om, då han først sovna rundt klokka 04.00, er vanskeleg å vita sikkert. Men kampens første mål var det nettopp Ivar som sette inn etter 12 minutter, då Johannes Hovda slo inn frå venstresida, og Ivar var først på ballen, som gjekk stolpe inn til 1-0 og ellevill jubel!

Berre to minutter seinare vart Jørgen Bø spelt fint fri av Sondre Sandanger Sørheim, og åleine med keeper gjorde Jørgen ingen feil, 2-0! Denne stillinga holdt seg også til pause.

Kun få minutter ut i andreomgang tok Sondre igjen på seg rolla som servitør, då han slo inn til Anders Ronæss Hansen, som avslutta vakkert på volley forbi ein sjanselaus keeper, 3-0!

Etter 70 minutter fekk også back Pål Rune Grønås ein assist, då han slo oppover på si høgreside. Der handsa ein Sviland-spelar nokså klart, men Jørgen utnytta fordelen og storma mot keeper, skar inn foran Svilands siste forsvarar og plasserte sikkert sitt andre mål for dagen til 4-0!

Anders ville ikkje vere dårligare enn Jørgen, og sette i det 80. minutt inn sitt andre mål, nok ein gong etter innlegg frå høgresida. Denne gongen var det Leif Christian Hovda som slo pasningen til Anders, som hadde løpt seg fint fri og enkelt kunne sette inn 5-0!

Like før slutt skåra Stig Gjesdal eit trøystemål for Sviland, då han banka ballen i mål frå 30 meter, noko som fastsette sluttresultatet til 5-1.

Aftenbladet dekka kampen godt både på førehand, underveis og etterpå!

Her er ein artikkel med Trond Egil Sivertsen i hovudrolla, som vart nytta som build-up til kampen.

Opptak av sjølve kampen og eit stort bildegalleri kan sjåast her.

Stort referat og spelarbørs i etterkant av kampen.

Under er Aftenbladet sin spelarbørs av Fogn sine spelarar. Dei kåra Sondre Sandanger Sørheim til banens beste med ein vel fortent 8-er på børsen!

FOGN (4-4-2)

Trond Egil Sivertsen 6
Pål Rune Grønås 6
Ivar Opsal 7
Tom Arne Straumstein 6
Audne Hermansen 6
Sondre Sandanger Sørheim 8
Johannes Hovda 6
Jakob Bø 6
Malvin Christiano Skartveit 6
Kjetil Sunde 6
Jørgen Bø 7

BENYTTA RESERVAR

Tor-Olav Bø Måkestad 5
Tord Myklebust 6
Mathias Hovda 5
Olav Myklebust 5
Leif Christian Hovda 5
Vadims Rukmans 5
Anders Ronæss Hansen 7

Fogn blir sendt live - Bli med på festen!

ABC+Fogn.jpg

Aftenbladet satsar stort på lokalfotballen i Rogaland for tida, og har sendt ulike kampar direkte på Aftenbladet TV denne sesongen. På søndag 10. oktober klokka 14.30 står slaget mellom Fogn IL og Sviland på “menyen” - ein kamp for å unngå det lite attraktive stempelet som Rogalands dårligaste A-lag! Det er nemlig slik Aftenbladet har markedsført kampen, og dei har fått denne kommentaren frå spelande trenar, Jakob Bø:

“Det er veldig kjekt at Aftenbladet sender kampen. Det blir en lokal folkefest og stor happening på Fogn. Vi satser på å vinne kampen og unngå å være det dårligste laget i Rogaland”

Det er flott om folk møter opp litt før kampstart klokka 14.30, slik at det blir ei flott ramme rundt oppgjeret heilt frå starten av. Det er også litt av kvart å sjå fram til for dei som møter opp:

  • Ryfylke tomat stiller med masse tomater

  • Fogn IL har kjøpt to store marsipankaker

  • Kiosk, speaker og musikk

I tillegg til dette vert altså kampen sendt direkte på Aftenbladet TV. Dette er ein to-kameraproduksjon der den eine kameramannen vert plassert høgt oppe i ein lift frå Østhus Bygg og Maskin, så dei som ikkje har høve til å kome på kampen vil få eit godt overblikk over spelet.

Ekspertkommentator i lokalfotballen er oftast Sandnes Ulf-trenar Bjarne Berntsen. Denne helga har han fri, men Aftenbladet jobbar med å finna ein verdig erstattar, den som kjem på kampen får sjå…

Velkommen til ein historisk fest på Fogn stadion! Vi håper mange møter opp og heier dei mørkeblå fram til seier!