Søndagsskulefrokost 19. september!

Brød.jpeg

Velkommen til søndagsskulefrokost på bedehuset, søndag 19. september klokka 10.00! Dette blir “startskuddet” for søndagsskulen og søndagsringen hausten 2021. Ta med kjente og kjære som kan ha glede av ein god frokost.

Alle er hjarteleg velkomne!

Etter ein god frokost, vert det bibelfortelling og anna søndagsskuleprogram. Det blir avslutta i god tid før topptur:)

Ekstra lang opningstid på valdagen

Stortingsvalet 2021 er det første valet som vert gjennomført etter at Fogn vart ein del av Stavanger kommune. Dette vil ein merke på opningstida til vallokalet på Fogn oppvekstsenter. Alle vallokala i kommunen er nemlig opne like lenge på valdagen, måndag 13. september. Det betyr at du kan avgi di stemme frå klokka 10.00 og heilt til kl. 21.00 på kvelden. Det bør altså ikkje bli eit stort problem med lange køar og opphoping av folk denne dagen, i alle fall ikkje på ein liten plass som Fogn!

Klart for 4- og 7-toppstur!

DSC_0331.jpeg

Søndag 19. september blir det arrangert topptur.

Litt informasjon om turane:

Start 7-toppsturen: I Auglendsdalen (Hovda) kl.12.00

Start 4-toppsturen: Frå skulen kl. 12.30

Turen går frå Hovda til fylgjande sju toppar: Eikhaug, Borgaråsen, Himråsen, Peråsen, Domfjellet, Ørnakula og Varhaug. 4-toppsturen går over dei fire siste toppane i 7-toppsturløypa. Målgong er ved Kyrkja .

Det vert delt ut ein liten overrasking på fleire av toppane. Det er Fogn IL som lagar til turen. Turen går i flott kulturlandskap og utsikten frå toppane gjev fantastisk utsyn over heile Ryfylke. Det er i år 10.gong arrangementet vert halden. og det vert difor ein ekstra påskjønning til dei som går turen i år!

Spørsmål om turen kan rettast til Helge M Iversen, mobilnr 41085524.

Felles oppstart for jente- og guttelag

happy-children-jumping-summer-meadow_74855-5852.jpeg

På måndag 6. september kl. 17.30-18.45 vert det oppstart av jente- og guttelag igjen. Denne første gongen blir det felles samling på bedehuset, med andakt, leiker og mat.

Jente- og guttelaget er eit tilbod for born frå og med 2. klasse, og det er samlingar annakvar måndag ut over hausten. Jentelaget treffest vanlegvis i heimane til leiarane, medan guttelaget er på bedehuset (2.-5. klasse) og skulen (6. klasse og oppover).

Hobby og tru, som er eit tilbod for born opp til og med 1. klasse, har samlingar i kyrkja dei same måndagane som jente- og guttelaget. Også dette startar kl. 17.30, og inneheld andakt, song og ulike aktiviteter.

Endeleg klart for A-lagskamp igjen!

Fogn IL.jpg

Det har gått nesten to år sidan Fogn IL kunne invitere til A-lagsfotball på Fogn stadion. Førre kamp var 12. oktober 2019, då Tasta 2 vart sendt heim med eit 4-1 tap i bagasjen.

Sidan den gongen har Fogn IL ikkje spelt ein einaste seriekamp. Laget har heller ingen cup- eller treningskampar i år, så det kan verkeleg bli interessant når Ålgård 2, som Aftenbladet tipper som avdelingsvinnar, står på motsatt banehalvdel fredag 27. august klokka 18.45!

Den kanskje største kampen A-laget har hatt den siste tida, har vore mot robotklipparane på fotballbanen, som tok ein uforholdsmessig lang sommerferie. Dette har bidratt til at dei få treningane ein har fått til, har blitt gjennomført under dels utfordrande baneforhold. Så gjenstår det å sjå om det var underlaget, eller berre det faktum at det har vore nesten to år utan fotball, som har gjort at dei fleste spelarane har kjent på begrensningar knytta til både teknikk og presisjon på treningane…

No ser heldigvis både banen, veret og den opne kiosken ut til å skape gode rammer rundt den første A-lagskampen på Fogn på nesten 2 år! Og det blåkledde heimelaget har jo overprestert før, mykje takka vere entusiastiske supportarar på sidelinja, så her er det berre å møta opp i hopetal!

Velkommen til kamp fredag 27. august klokka 18.45!

Rulleskøytetreff på ny asfalt framover!

Bilde: Skatepro

Bilde: Skatepro

Dei siste åra har det blitt meir og meir asfalt på Fogn. Vegen rundt øya har vore asfaltert lenge, men etterkvart har også fleire gardsrom og parkeringsplassar blitt asfalterte. Dette gjer at rulleskøyter vert aktuelt, og det er mange born på Fogn som har det kjekt på desse!

På torsdagar framover vert det difor rulleskøytetreff kl. 17.00 til 18.30 på parkeringsplassen utanfor bedehuset. Det er Isabelle Kvamsøe som er initiativtakar til dette, og ho kjem til å sitte vakt når treffa vert gjennomført. Alle som vil vere med, må ha på hjelm.

Så her er det berre å ta med seg rulleskøyter og hjelm, og bli med på rulleskøytetreff!