Turtips sommaren 2021!

Helgøy skyssbåt.jpg

Helgøy Skyssbåt tilbyr ei rekke flotte turar nå dei kommande vekene. Frå Fogn så kan du bli med på turar både frå Sørvåg og Sæbøvåg til følgande stader:

-Jøsenfjordcruise. Kvar Torsdag i skuleferien Avgang 17.40 frå Sæbøvåg.

-Jøsenfjordcruise. Kvar Lørdag i skuleferien Avgang 11.35 frå Sørvåg Etter guiding på Jøsenfjordenblir det ett stopp på Hjelmeland der ein kan gå i land litt. Der blir det og arrangert ett marked på kaien.

-Lysefjordcruise. Mandag-Fredag i skuleferien. Avgang 08.50 frå Sæbøvåg. Her er det og mulighet for og kjøpe egen billett for og gå av på Refså kai for deretter og gå på fottur til Preikestolen. I samme bilett er det buss inkludert til Jørpeland sentrum. Derifrå kan ein ta buss til Tau og hurtigbåt tilbake til Fogn.

-Lysefjordcruise. Søndag i skuleferien Avgang 09.20 frå Sørvåg Her kan du gå av på Flørli og gå trappene. Eller bli med heilt inn til Lysebotn. Då har ein tid for og gå tur både i Lysebotn og i Flørli bygda. På denne avgangen kan du og kjøpe billett til Jørpeland der buss er inkludert til/fra Preikestolen for og gå turen til Preikestolen.

-Hylsfjorden cruise. Kvar Onsdag i Juli Avgang 08.50 frå Sæbøvåg Flott tur med mange stoppestader før ein kjem til Sandsfjorden og Hylsfjorden. Lokal guide er med der inne. Det blir og ca 1 time stopp på Sand der ein kan sjå seg litt rundt.

-Fruktsafari på Helgøy, Lørdag 17,24 og 31 Juli. Avgang frå Sørvåg: 11.35 Omvisning på øya og god mat i det nye selskapslokalet der.

Les meir om alle turane og bestill på: www.helgoy.no Spør og Øyvind Sandanger om det er lettare:)

Informasjon om stengt vei, tirsdag 29. juni

stengt vei.jpg

Joker Fogn minner om at vi stenger veien mellom butikken og til enden av 30-sonen i forbindelse med sykkelløpet Tour of Norway for kids Tirsdag 29-Jun ca klokken 1615. Veien åpnes igjen etter arrangementets slutt ca klokken 1830. Omkjøring vil være skiltet i ferjekrysset og i Bøsvingen.

Takk for samarbeidet. 

Ta kontakt med Pål på 970 40 089 dersom det skulle være spørsmål.

Hilsen Joker Fogn


Dugnad i Robin Hood-skogen måndag 28. juni

IMG_8259.jpg

Robin Hood-skogen på Fogn inngår i kommunens digitale skattejakt for familiar i sommar, noko som gjer at det er ekstra viktig at skogen ser bra ut framover. Difor vil Fogn grendalag, i samarbeid med FAU ved Fogn oppvekstsenter, kalla inn til dugnad, måndag 28. juni frå kl. 18.00-20.00. Oppmøte ved Rasmus sitt drivhus.

Aktuelle oppgåver:

  • Div. rydding av bjørnebærris og brennenesle

  • Div. skilting og merking

  • Evt. fjerne doen som er der borte, for det er ingen som tømmer denne

Ta gjerne med kantklipper og/eller ryddesaks om du har dette.

Velkommen til dugnad!

Flott St.Hansfeiring på Fogn!

Bilde_23.06.2021,_21_16_44.jpg

Godt over 100 personar møtte opp på Erås, då Fogn IL og Fogn Kr. Ungdomslag inviterte til St.Hansfeiring 23. juni. Både vèr og vind bidrog til å skape flotte rammer rundt arrangementet, som byrja med andakt av Anne Sunde, før det var kiosksal, drøs og “boksen av” for borna. Eit nokså omfattande pølsebål, som truleg overgjekk storleiken på eindel St.Hansbål rundt omkring i landet, vart også fyrt opp, slik at mange fekk spidda medbrakte pølser.

Omlag kl. 21.00 vart det store bålet tent, og gav alle dei frammøtte ein flott avslutning på ein uvanleg vakker sommarkveld!

Sjå fleire bilete under.

Nytt hurtigbåtanløp frå og med i dag!

Hurtigbåt.jpeg

Som vi skreiv om i mai, vil det frå og med i dag, torsdag 24. juni, vere mogeleg å reise til Fogn med hurtigbåten frå Judaberg kl. 18.55. Denne går innom Fogn på måndag-torsdag, og ein kan no også ta denne båten frå Fogn (kl. 19.00) til Stavanger (ankomst kl. 19.35). Dersom ein skal reise frå Fogn, er det viktig å hugse at dette er eit såkalla b-anløp, der ein må bestilla båten minst 30 minutter før anløpstid.

Eit stort steg nærare realisering av dagsturhytta!

Dagsturhyttebefaring - 8.jpg

På måndag denne veka vart det gjennomført befaring for å sjå på både sti og plassering av dagsturhytta på Ørnakulå. Representantar frå Stavanger kommune, saman med “Dagsturshyttas far”, Atle Skrede, tok turen til Fogn, der dei vart tekne imot av fleire lokale “dagsturhytteentusiastar”.

På vegen vart det samtala om diverse avklaringar og notert kor mange retningsskilt som måtte bestillast. Vel oppe på Ørnakulå var det fram med målebandet for å sjå kvar hytta best kunne plasserast. Innedelen av hytta er berre på 15 kvadratmeter, men om ein tek med plattingar og gapahukar, som også er ein del av hytta, er fotavtrykket nesten 50 kvadratmeter. Når hytta står klar i 2022 vil besøkande få fantastisk utsikt frå det store vindauget i front (som kjem til å venda mot nord), og dei to gapahukane som vender mot aust og vest kjem heilt sikkert til å bli populære!

Etter befaringa på toppen gjekk turen vidare til Erås Museum. Der var det servering av baguetter som Oddbjørg hadde laga til, i tillegg til at Malvin stilte med jordbær, varme bjørnebær og is! Drøsen gjekk godt, og det såg absolutt ut for at dei besøkande hadde hatt ein god ettermiddag på Fogn!

Det skal framleis gjerast ein jobb før hytta er på plass, men no byrjar dette å bli veldig konkret! Det er berre å glede seg, både til hytta står klar til bruk, og vegen fram mot denne milepælen! Sjå gjerne på denne oversikten over dei andre hyttene, for å få inspirasjon!