Nytt hurtigbåtanløp frå og med i dag!

Hurtigbåt.jpeg

Som vi skreiv om i mai, vil det frå og med i dag, torsdag 24. juni, vere mogeleg å reise til Fogn med hurtigbåten frå Judaberg kl. 18.55. Denne går innom Fogn på måndag-torsdag, og ein kan no også ta denne båten frå Fogn (kl. 19.00) til Stavanger (ankomst kl. 19.35). Dersom ein skal reise frå Fogn, er det viktig å hugse at dette er eit såkalla b-anløp, der ein må bestilla båten minst 30 minutter før anløpstid.

Eit stort steg nærare realisering av dagsturhytta!

Dagsturhyttebefaring - 8.jpg

På måndag denne veka vart det gjennomført befaring for å sjå på både sti og plassering av dagsturhytta på Ørnakulå. Representantar frå Stavanger kommune, saman med “Dagsturshyttas far”, Atle Skrede, tok turen til Fogn, der dei vart tekne imot av fleire lokale “dagsturhytteentusiastar”.

På vegen vart det samtala om diverse avklaringar og notert kor mange retningsskilt som måtte bestillast. Vel oppe på Ørnakulå var det fram med målebandet for å sjå kvar hytta best kunne plasserast. Innedelen av hytta er berre på 15 kvadratmeter, men om ein tek med plattingar og gapahukar, som også er ein del av hytta, er fotavtrykket nesten 50 kvadratmeter. Når hytta står klar i 2022 vil besøkande få fantastisk utsikt frå det store vindauget i front (som kjem til å venda mot nord), og dei to gapahukane som vender mot aust og vest kjem heilt sikkert til å bli populære!

Etter befaringa på toppen gjekk turen vidare til Erås Museum. Der var det servering av baguetter som Oddbjørg hadde laga til, i tillegg til at Malvin stilte med jordbær, varme bjørnebær og is! Drøsen gjekk godt, og det såg absolutt ut for at dei besøkande hadde hatt ein god ettermiddag på Fogn!

Det skal framleis gjerast ein jobb før hytta er på plass, men no byrjar dette å bli veldig konkret! Det er berre å glede seg, både til hytta står klar til bruk, og vegen fram mot denne milepælen! Sjå gjerne på denne oversikten over dei andre hyttene, for å få inspirasjon!

Loppemarked til inntekt for eldresenteret

Loppemarked.jpg

Laurdag 3. juli frå klokka 11 blir det loppemarked i Sæbøvåg ved huset til Ottar Sandanger. Inntekta går til Fogn Eldresenter. Her blir det sal av litt av kvart, frå stolar og bord til kjøkkenutstyr og nyttige og unyttige ting. Viss du har noko du gjerne vil bli kvitt + at du trur andre gjerne har bruk for slikt, tar vi gjerne imot fleire lopper.....

Viss du kjem, får du også ein kopp kaffi eller to + noko å ete og ein god drøs.

Velkommen!

Velkommen til St.hansfeiring!

sthans.jpg

Også dette året er det Fogn IL og Fogn kr. Ungdomslag som arrangerer felles St.hansfeiring på Fogn. Denne gongen skjer dette ved dammen til Aud og Paul Aano, som ligg bak drivhuset til Malvin Sandanger. Parkering ved Erås museum/langs drivhuset.

Arrangementet startar kl. 19.30, med andakt av Anne Sunde. Tenning av bålet skjer ca. kl. 21.00.

Det vert sal av sjokolade, brus og kaffi. Det vert altså ikkje selt pølser i år, men det vert tent eit lite pølsebål for dei som vil spidda medbrakte pølser.

Alle er hjarteleg velkomne!

NB! Det vert dugnad for å dra saman bålet frå klokka 20.00, tysdag 22. juni.

Kva skal frisbeegolfbanen heite?

IMG_6833.jpg

Fogn idrettslag har kjøpt inn 9 frisbeegolfkorger som skal setjast opp på Sæbø, nærare bestemt i marka som vert kalla for “Vestheien”. Her skal det altså bli ein skikkeleg frisbeegolfbane der ein kan spela 9 eller 18 hol, alt etter om ein går banen ein eller begge vegar. Meir informasjon om dette kjem når banen ganske snart står klar.

Men ein frisbeegolfbane må ha eit namn, og her vil idrettslaget ha tips og hjelp frå Fogn.org sine lesarar! Kom med ditt tips innan torsdag 24. juni, så vil ein jury sjå på forslaga, og kåra ein vinnar. Vinnaren vil sjølvsagt få ein frisbeegolfrelatert premie:)

Fyll ut skjemaet under for å senda inn ditt forslag!

Friluftsbasar (eller inne...) på fredag 11. juni

IMG_3435.jpg

Guttelaget sin friluftsbasar har blitt ein innarbeida tradisjon på Fogn, etter at den såg dagens lys for første gong i 1997. Både i fjor og i år har basaren blitt ein kombinert jente- og guttelagsbasar, sidan jentelaget sin basar rundt påsketider har blitt avlyst grunna pandemien.

I år er alle difor invitert til jente- og guttelagsbasar, utanfor Fogn bedehus kl. 18.00 på fredag 11. juni. Det vert andakt av Aud Norunn Myklebust, gratis pølser, brus, kaffi og kake, quiz og trekning/loddsal til inntekt for Misjonssambandet sitt arbeid. Det er flotte premiar, mellom anna SUP-brett og bålpanne.
Alle som kjem vert registrerte og vi fylgjer dei til ei kvar tid gjeldande smittevernsreglane. Vi låner border og benker på butikken, så folk treng ikkje å ta dette med seg sjølv.

Så ser vi at det er meldt “så som så” vèr på fredag kveld. Dersom det vert vanskeleg å gjennomføra basaren utandørs, trekk vi inn på bedehuset, og tilviste plassar der.

Velkommen til basar!

NB! Om nokon ikkje skal på basaren, men vil kjøpa lodd via Vipps, er dette mogleg fram til og med klokka 19.00 på basardagen. Bruk då vippsnr. 638341, og merk betalinga med den/dei som skal ha lodda.

Fogn jente- og guttelag