Tour of Norway kjem til Fogn igjen!

Tour of Norway for kids.jpg

For 3. gong i historia kjem noregs største sykkelritt, Tour of Norway for kids, til Fogn igjen! Dette skjer tysdag 29. juni ved Fogn oppvekstsenter, og er åpent for alle mellom 0 og 12 år som har hjelm og noko med hjul:) Det er også stor stas når folk i alle aldrar møter opp og gjer dette til ein folkefest, slik det har vore dei to føregåande gongene Fogn har arrangert rittet!

Påmelding og meir informasjon er på denne lenka.

Barnas sommer - framleis plass på Utsyn!

Basseng.jpg

“Barnas sommer” er ulike gratis aktivitetar som Stavanger kommune arrangerer i samarbeid med lokale lag og foreiningar. Det er aktivitetar i alle kommundelar, og i vår kommunedel er det tilbod om sommarleirskule for barn født i 2011-2014, i veke 25 og 26 på Utsyn Misjonssenter!

Her blir det både lunsj og fruktmåltid, samlingsstund, ulike frilufts- og hobbyaktivitetar, fisking, bading +++

Les meir om kva dette går i, og meld på born her!

Ny dugnad på joggeløypa, laurdag 5. juni!

Trond Arne og Amalie viser at både store og små kan bidra på dugnad! Her frå ei arbeidsøkt i joggeløypa, laurdag 8. mai.

Trond Arne og Amalie viser at både store og små kan bidra på dugnad! Her frå ei arbeidsøkt i joggeløypa, laurdag 8. mai.

Fogn IL inviterer til ny dugnad på joggeløypa, laurdag 5. juni i tidsrommet 10-13. Jobben består av manuelt arbeid med fordeling av grus, så ta med river, krafser, spader og godt humør. Idrettslaget stiller med kaffe og noe å bite i.

Velkommen til store og små!

Snart klart for årsmøte i Fogn grendalag

image-asset.jpeg

Det vert årsmøte i Fogn Grendalag torsdag 3. juni kl. 19.00. Årsmøtesaker med årsmelding, rekneskap, val og ymse. Det vil også bli ei orientering om turstiar og dagsturhytta. Dersom nokon har saker til møtet, må dette meldast til fogngrendalag@gmail.com innan 30. mai.

Utkast til årsmelding kan lesast her.

Kandidatar til valet er spurde på førehand. Dagens styre ser slik ut:

Elisabeth Leiros (leiar, på val)
Christoffer Inge Hovda (kasserar, 1 år att)
Heidi Bø Sangedal (styremedlem, på val)
Liv Bottolfs (styremedlem, på val)
Ivar Opsal (styremedlem, på val)
Tora Sandanger (styremedlem, 1 år att)
Jon Olav Runestad (styremedlem, 1 år att)

Vara:
Arnstein Bøe (på val)
Kjartan Hansen (på val)

Valkomiteen foreslår desse kandidatane til leiar + styreplassar, i tillegg til Christoffer Inge, Tora og Jon Olav, som alle har 1 år att:
Ole Klingsheim (leiar)
Liv Bottolfs
Arnstein Bøe
Oddny Kjølvik

Valkomiteen syner til vedtektene, som seier at det ikkje er krav om varamedlemmer til styret, og foreslår at vi “berre” vel 7 faste medlemmer til styret.

Valkomiteen sitt forslag til ny valnemnd:
Håvard Østhus, leiar 1 år
Ivar Opsal (ny), 2 år
Heidi Bø Sangedal (ny), 3 år

Bilete og video frå 17. maifeiringa på Fogn!

17. mai 2021 vart, som i 2020, annleis enn det vi er vane med. Men med flott vèr, musikk frå Messing, bilkortesje, kransnedlegging, is, videoinnslag, grøne bjørker og festpynta hus, hagar, og folk, vart det ein flott nasjonaldag på Fogn!

Under er ein dronevideo som viser både bilkortesjen og den vakre øya vår. Under videoen er diverse bilete som komiteen har knipsa i løpet av dagen.