17. maitalar, videoar ++

Velkomst og informasjon

Tale i kyrkja ved Jørgen Bø jr

Barnas tale

Talen er laga og redigert av 7. klassingane Martha Elen Straumstein, Mantas Tadaravicius og Birg Rygg Sivertsen.

Bilete frå Fogn fotoklubb

Kontroll med fotoboks på Fogn

Musikkvideoen “Fagert er landet”

Tale for dagen ved Arnt Olav Klippenberg:

Humorinnslaget “Dronningen befaler”:

Ny komitè og loddtrekning

Dugnad på løpebanen

dugnad.jpg

Etter at Stavanger kommune fra og med i dag har gått over til nasjonale koronaregler, blir det igjen mulig å samles i ulike sammenhenger. Derfor prøver Fogn IL seg på ny med sin dugnad, som de egentlig prøvde å gjennomføre i april:

Fogn IL inviterer på dugnad på joggeløypa førstkommende lørdag i tidsrommet 10-13. Jobben består av manuelt arbeid med fordeling av grus, så ta med river, krafser, spader og godt humør. Idrettslaget stiller med kaffe og noe å bite i.

Prøv frisbeegolf på Fogn i helga!

Ei gruppe lokale frisbeegolfspelarar gjekk ein runde på banen tidlegare i veka, då ein berre hadde pinnar som “korger”.

Ei gruppe lokale frisbeegolfspelarar gjekk ein runde på banen tidlegare i veka, då ein berre hadde pinnar som “korger”.

Som vi kunne lese om i Aftenbladet denne veka, har interessa for frisbeegolf skutt i vèret under koronapandemien. Frisbeegolf er ein sport alle kan meistra, den tar ikkje lang tid, og den kostar ikkje mykje å halde på med. Det er i tillegg ein “koronavennleg” aktivitet ute i det fri, og det er ingen problemer med å halde avstand til kvarandre.

Det vert for tida arbeida med å få til ein permanent frisbeegolfbane på Fogn. Ein bane med 6 “skikkelege” korger koster omlag 40 000 kroner, så det er lurt å gjera eit godt forarbeid og litt “research” før ein set i gong med ei slik investering.

På bakgrunn av dette er det sett opp ein midlertidig frisbeegolfbane på Sæbø denne helga. Korgene på banen er mellom anna lånt av Fogn oppvekstenter, og dei er lova returnert til skulestart på måndag. Difor må dei som vil prøve banen gjere det anten laurdag 1. mai eller søndag 2. mai.

Kjør inn på Sæbøvegen og parker ved drivhuset til Jostein og Merete, altså på turstiparkeringsplassen. Gå vegen nedover mot Bøvågen, og ta gjerdeklyvaren til venstre like nedanfor huset til Anne og Håvard. Deretter kan ein berre gå rett opp til næraste høgspentmast, der utkaststaden er. Her står det også ein kasse med diskar (frisbeear) som ein kan låne. Husk å legge lånte diskar tilbake i kassen etter bruk.

Alle som vil er velkomne til å spele frisbeegolf!

Under ser de banekart, og deretter eit par bilete frå utkaststaden, og den nemnde gjerdeklyvaren ein må over på vegen opp dit.

Nytt hurtigbåtanløp til sommaren

Hurtigbåt.jpg

I det siste har det vore mykje “skriverier” om kutt i hurtibåttilbodet i Ryfylke, grunna behov for innsparingar framover. Denne saka er i det politiske systemet, og det er ikkje avklart kva for løysing ein ender opp med.

Difor er det ekstra kjekt å kome med ei aldri så lita gladsak knytta til nettopp hurtigbåt! Frå og med 24. juni får nemleg Fogn eit nytt hurtitbåtanløp. Det er snakk om båten som måndag-torsdag går frå Judaberg kl. 18.50, og er i Stavanger kl. 19.35. Denne båten vil snart byrje å gå innom Fogn dersom det er passasjerar til staden, eller dersom ein ringer og bestiller båten, altså eit såkalla b-anløp. Dette er særs gledeleg, både med tanke på kommunikasjon frå Judaberg, og for dei som vil reise til Stavanger ein kveld. Båten kjem til å stå i ruta som 19.00b frå måndag til torsdag.

Det er Arnstein Bøe som igjen har vore aktiv når det kjem til hurtibåtrutene, og effektiv utnytting av desse. Han har vore i kontakt med Kolumbus, og fått ordna dette nye tilbodet, og vi takkar Arnstein for den gode jobben han har gjort og gjer i denne samanheng!