Snart klart for årsmøte i Fogn grendalag

image-asset.jpeg

Det vert årsmøte i Fogn Grendalag torsdag 3. juni kl. 19.00. Årsmøtesaker med årsmelding, rekneskap, val og ymse. Det vil også bli ei orientering om turstiar og dagsturhytta. Dersom nokon har saker til møtet, må dette meldast til fogngrendalag@gmail.com innan 30. mai.

Utkast til årsmelding kan lesast her.

Kandidatar til valet er spurde på førehand. Dagens styre ser slik ut:

Elisabeth Leiros (leiar, på val)
Christoffer Inge Hovda (kasserar, 1 år att)
Heidi Bø Sangedal (styremedlem, på val)
Liv Bottolfs (styremedlem, på val)
Ivar Opsal (styremedlem, på val)
Tora Sandanger (styremedlem, 1 år att)
Jon Olav Runestad (styremedlem, 1 år att)

Vara:
Arnstein Bøe (på val)
Kjartan Hansen (på val)

Valkomiteen foreslår desse kandidatane til leiar + styreplassar, i tillegg til Christoffer Inge, Tora og Jon Olav, som alle har 1 år att:
Ole Klingsheim (leiar)
Liv Bottolfs
Arnstein Bøe
Oddny Kjølvik

Valkomiteen syner til vedtektene, som seier at det ikkje er krav om varamedlemmer til styret, og foreslår at vi “berre” vel 7 faste medlemmer til styret.

Valkomiteen sitt forslag til ny valnemnd:
Håvard Østhus, leiar 1 år
Ivar Opsal (ny), 2 år
Heidi Bø Sangedal (ny), 3 år

Bilete og video frå 17. maifeiringa på Fogn!

17. mai 2021 vart, som i 2020, annleis enn det vi er vane med. Men med flott vèr, musikk frå Messing, bilkortesje, kransnedlegging, is, videoinnslag, grøne bjørker og festpynta hus, hagar, og folk, vart det ein flott nasjonaldag på Fogn!

Under er ein dronevideo som viser både bilkortesjen og den vakre øya vår. Under videoen er diverse bilete som komiteen har knipsa i løpet av dagen.

17. maitalar, videoar ++

Velkomst og informasjon

Tale i kyrkja ved Jørgen Bø jr

Barnas tale

Talen er laga og redigert av 7. klassingane Martha Elen Straumstein, Mantas Tadaravicius og Birg Rygg Sivertsen.

Bilete frå Fogn fotoklubb

Kontroll med fotoboks på Fogn

Musikkvideoen “Fagert er landet”

Tale for dagen ved Arnt Olav Klippenberg:

Humorinnslaget “Dronningen befaler”:

Ny komitè og loddtrekning

Dugnad på løpebanen

dugnad.jpg

Etter at Stavanger kommune fra og med i dag har gått over til nasjonale koronaregler, blir det igjen mulig å samles i ulike sammenhenger. Derfor prøver Fogn IL seg på ny med sin dugnad, som de egentlig prøvde å gjennomføre i april:

Fogn IL inviterer på dugnad på joggeløypa førstkommende lørdag i tidsrommet 10-13. Jobben består av manuelt arbeid med fordeling av grus, så ta med river, krafser, spader og godt humør. Idrettslaget stiller med kaffe og noe å bite i.