Maskorama og andre innslag på påskebasaren

Her vil vi publisere diverse innslag knytta til Fogn IL sin påskebasar, slik at dei som ikkje er på Facebook kan både sjå og kome med sine tips til Kristian og Jørgen sine Maskoramaoppgåver! Dei som er på Facebook kan sjå og kommentere på Fogn IL si Facebookgruppe, medan dei som ikkje er der kan levere sine tips i skjemaet nedst i denne saka.

Maskorama - Fredag 2. april

Maskorama - Torsdag 1. april

Maskorama - Onsdag 31. mars

Maskorama - Tysdag 30. mars

Maskorama - Mandag 29. mars. Sjå videoen her!

Maskorama søndag 28. mars

Digital påske på Fogn i år!

Påsken 2021.jpeg

Påsken 2021 vert nokså lik påsken 2020 på den måten at store forsamlingar ikkje får lov å samlast grunna smittevernreglar. Men der det meste i fjor vart avlyst, har vi no eit års erfaring med digitale alternativ, noko som ein vil merke frå både Fogn kyrkje, Fogn misjonsforsamling og Fogn IL!

Fogn kyrkje planlegg digitale sendingar både på langfredag og 1. påskedag. Sendingane, som mellom anna består av tekstlesing, song og musikk, vert tekne opp på førehand, og publiserte på Fogn kyrkje si Facebookside på den aktuelle dagen. Prest Terje Engstrøm deltek, saman med mange lokale krefter.

Fogn misjonsforsamling publiserer eit lite “påskeglimt” på si Facebookside kvar heilagdag i påska. “Påskeglimtet” består av ein kort bibeltekst, eit stykke frå Jostein Ørum si bok “De som så ham” og framføring av ein påskesong. Også her er det lokale krefter som bidreg.

Fogn IL sin basar vart avlyst i fjor, men i år blir digitalen gjennomført heildigitalt! Trekning blir på påskeaftan (laurdag 3. april) kl. 18.00, og loddsalet stengjer kl. 17.30 same dag. Lodda koster 10 kr per stk og kan kjøpast via Vipps til Fogn IL sitt nr. 94513. Merk betalinga med det/dei namna som skal stå i loddboka.
Kristian Sandanger Iversen og Jørgen Bø, som i fjor gjorde stor suksess med sitt “Alle mot 1”-konsept, lagar i år ein lokal variant av “Maskorama”. Dei kjem med nye episodar frå palmesøndag og fram til påskebasaren på laurdag. I tillegg vert det ei direktesending med status i loddsalet ++ på onsdag kl. 20.00.
Meir info om idrettslagsbasaren kjem i morgon, palmesøndag!

Spenstige planar for turstinettet på Fogn!

Så flott kan det vera på Ørnakula ein morgon i mars! Foto: Håvard Østhus

Så flott kan det vera på Ørnakula ein morgon i mars! Foto: Håvard Østhus

Fleire har sikkert fått med seg “skriverier” i Øyposten, både om mogleg dagsturhytte på Fogn, og om besøk frå Den norske turistforening (DNT) samt representantar frå Rennesøy og Finnøy turlag i førre veke. Det er Fogn grendalag som har tatt initiativet til alt dette, og som no jobber aktivt for å få fleire “attraksjonar” inn i turstinettet vårt.

Når det gjeld prosjektet knytta til dagsturhytte, så er det bestemt at det skal etablerast ei dagsturhytte i Stavanger kommune. Grendalaget har kome med forslag om at denne skal plasserast på Fogn, i nærleiken av Ørnakulå. Heidi Bø Sangedal i grendalaget har tidlegare argumentert for dette i Øyposten ved å seie at Fogn ligg geografisk midt i den nye kommunen, det er utsikt både over Ryfylke og inn mot byen, og ein kan starte på ei turløype som fører til Ørnakulå frå alle kaiar på Fogn. Dessutan er det berre 35 minutt med hurtigbåt frå byen, avsluttar Sangedal i Øyposten. Under er ein liten video som vert brukt i søknadsprosessen for å visa folk som ikkje er så lokalkjente kvar Ørnakulå er.

I tillegg til dette prosjektet, har grendalaget også kontakt med Turistforeningen, som altså var på besøk på Fogn i førre veke. Sjølv om vèret ikkje viste seg frå si aller beste side, var besøket imponert over både turstiar, utsikt og folk på Fogn! Programmet for dagen besto av turar og synfaring på aktuelle stader, kaffi på bålpanna i Holmastø, omvisning i drivhuset til Jon Olav Runestad og kaffi og oppsummering i museet på Erås.

Det er ikkje avklart kva samarbeidet med DNT skal munna ut i, men det er mellom anna snakk om hengekøyecamp og friluftsskule på Fogn. Vi ser fram til å fylgja dette vidare, og har tru på at store ting kan skje når lokale eldsjeler blir kopla saman med dei rette folka, slik tilfellet er i denne saka!

Under er nokre bilete frå besøket, knipsa av Ole Klingsheim:

Ut på tur med trimpoengappen!

Trimpoeng.png

Å ta seg ein tur i skog og mark har berre blitt meir og meir populært dei siste åra. Og den pågåande pandemien har ikkje bremsa denne utviklinga, snarare tvert imot!

No har Finnøy Frivilligsentral gjort det mogleg at ein kan gå turar i nærmiljøet vårt, samtidig som vi sankar poeng i ein konkurranse. Konkurransen heiter “Finnøy Topptur 2021” og er gratis å vere med på. Det heile er gjort mogleg gjennom appen “Trimpoeng”, som kan lastas ned på både iPhone og Android-telefonar (smarttelefonar frå t.d. Samsung eller Huawei).

Konkurransen og appen fungerer slik at ein kan “sjekka inn” når ein er på ulike toppar og destinasjonar, og på den måten få tildelt så mange poeng som det er bestemt at nettopp denne turen gir. Inne i appen er det mange tips om ulike turar, så her treng ein ikkje berre gå på kjende stiar!

Vi oppfordrar folk til å laste ned appen, og komme seg ut på tur!