Klart for sol og fine forhold på Fjellberg på søndag!

Bilde_04.02.2021,_17_26_05.jpg

Etter den lange perioden med kulde, har dei aller fleste vatn i kommunen no trygg is. Fjellbergvatnet på Fogn er ikkje noko unnatak, noko målingar utført rundt omkring på isen tydeleg beviser.

Det har vore snakk om at Fogn IL skulle ha ein type arrangement på Fjellberg på søndag. Grunna koronareglar vert det vanskeleg å ha ein type felles arrangement med oppstartstidspunkt og organisert opplegg. Det er likevel slik at det er god plass både på og ved Fjellbergvatnet, så dei som ynskjer kan gjerne ta søndagsturen dit i det fine vèret! Nokre tips:

  • Ta gjerne med snøskuffe og/eller kost, sidan det ligg ca. 5 cm snø på isen.

  • Snøen gjer at ikkje berre skøyter, men også ski kan fungera godt på vatnet.

  • Ryktene seier at det vil bli frakta ut ved til eit bål som kan nyttast til spidding av pølser.

  • Det er lagt til rette for parkering på “egrå” som ligg rett til høgre for grinda der vegen ut mot Fjellberg byrjar. Parkering er skilta, sjå bilete nedst i denne saka.

God søndagstur, anten det vert til Fjellbergvatnet eller ein annan destinasjon!

Bilde 06.02.2021, 16 01 54.jpg
Bilde 06.02.2021, 16 01 42.jpg

Snart klart for joggeløype rundt fotballbanen!

IMG_6041.jpg

Mange kunne observere stor aktivitet på Fogn stadion, laurdag 30. januar. Med eit lite snølag og frost i bakken var forholda nemlig perfekte til å kunne kjøre både traktorar og gravemaskin utpå banen utan å lage dei store spora. Bakgrunnen for den store aktiviteten er at styret i Fogn IL har gått inn for å laga ei joggeløype rundt fotballbanen og bingen. På denne måten kan folk få ei omlag 400 meter lang sløyfe å springe på, med grus som underlag store deler av vegen. Tanken er også å få på plass nokre låge lys som vil vise vegen, også når det er mørkt. Så her kan det trenast både dag og kveld, året gjennom!

Under er ei veldig enkel skisse av korleis løypa vil sjå ut. Det er ikkje sett nokon endeleg dato for når arbeidet vil vere ferdig, men i løpet av våren er eit fint anslag:)

IMG_6046.jpg

Mulig med overgangsbillett til Fogn

Ferje foldøy.jpg

I samband med dei nye ferjerutene som starta opp ved nyttår, oppsto det ei ny utfordring. Dette handla om reisande som kjem frå nordre delen av sambandet, og skal vidare til Fogn. I “pendlartida” på ettermiddagen må desse no ta ei ferje til Judaberg, køyre i land der, og så ta neste ferje vidare til Fogn. Dette er i og for seg greit, men det som ikkje har vore greit, er at ein då må løysa to billettar, og betala ein mykje høgare pris. Dersom ein t.d. reiser frå Halsnøy til Fogn med bil, skal det kosta 73 kroner. Om ein først må betala for Halsnøy - Judaberg, og deretter for Judaberg - Fogn, vert prisen plutseleg 118 kroner.

Dette har Fogns “rutegeneral”, Arnstein Bøe, tatt tak i, og han kan no melda om at det vert endringar på denne praksisen. Etter å ha vore i dialog med både Norled og Kolumbus, har han fått oversendt mailen under, som på ein ryddig måte forklarer at ein ikkje skal måtte betale meir, berre fordi ein må vente på neste ferje på Judaberg:

——————

Det er fullt mulig å kjøpe overgangsbillett til Fogn fra for eksempel Halsnøy og dette er i orden så lenge man benytter de avganger som mest mulig går direkte til endestoppet. Hvis overgang krever opphold underveis da det ikke er andre muligheter så er dette i orden. Vi tilbyr derimot ikke «hop on hop off» billetter.

For eksempel 19:00 avgangen fra Halsnøy går til Judaberg og er der kl 19:20 men dette krever 1 1/2 time på Judaberg til neste ferge til Fogn. Hvis man tar 19:45 avgangen fra Halsnøy er man på Fogn samme tid da dette er fergen man venter skal gå fra Judaberg kl 21. 

Ved søk i vår båtbooking på https://billetter.kolumbus.no/ eller vår reiseplanlegger vil man få opp de mulighetene som gir kortest ventetid på turen. Her gis det også forslag på turer som gjør det nødvendig å vente på Judaberg men kortest mulig overgangstid og reisetid.

Vennlig hilsen 

Tommy Gabrielsen
Ikt-konsulent elektronisk billettering

——————

Takk til Arnstein for den gode jobben han har gjort, også i denne saka!

Vil du bli med i Helselagsstyret?

Nasjonalforeningen_for_folkehelsens_logo.jpg

Det nærmar seg tida på året for avvikling av årsmøta.

Helselaget planlegg sitt årsmøte i løpet av fyrste halvdel av mars, viss koronasituasjonen gjer
det mogleg. Viss ikkje har me retninglinjer ifrå Nasjonalforeningen for alternativ
gjennomføring.

Men det er ikkje det største problemet vårt akkurat no. Situasjonen er nemleg slik at det har
vist seg vanskeleg å finna folk som vil vera med i styret. Me har tre styremedlemmer som
ynskjer å gå ut i år, etter lang og trufast teneste.

Me ynskjer med dette å oppmoda folk til å engasjera seg i det nyttige arbeidet Helselaget
gjer, og spør difor; er det nokon som kan tenka seg å vera med i styret? Det er ingen som slit
seg ut på jobben, tvert i mot, det er både koseleg og sosialt. Me har rundt seks – sju
styremøte i året, inkludert dei faste arrangementa. I fjor blei det ingen aktivitet i Helselaget
etter årsmøtet i mars, som me var heldige og fekk avvikla før landet stengde ned.

Me håper å få folk med oss, elles blir det vanskeleg å driva vidare.
Har du lyst å gjera ein innsats for Helselaget, kan du ta kontakt med ein av oss i styret.

Ingeborg Bø Rolfsen
Ingunn Sandanger
Isabelle Kvamsø
Gunhild Hovda
Elisabeth Leiros
Oddbjørg Måland

Helsing styret

Koronaviruset avlyser det meste for tida...

Tech-Event-Cancelations-UC-Today.png

Både nasjonale og regionale retningslinjer knytta til smittevern mot koronaviruset er no så strenge at alt av arrangement og aktivitetar som vanlegvis vert gjennomført på Fogn, er avlyst fram til rundt 20. januar. Dette kjem fram i kalenderen her på sida, og gjeld t.d. gudsteneste i kyrkja, møte på bedehuset og aktivitetar for barn og unge.

Vi håper og trur at dette vert eit bidrag i den nasjonale dugnaden for å nok ein gong få ned smittetala, og igjen kunne treffe kvarandre fysisk om ikkje alt for lenge! Og så minnar vi om at det er mogeleg å treffast digitalt på ulike måtar, eller utandørs med god avstand!

Følg med på Fogn.org for oppdateringar!