Det skjer på Fogn i jula (under oppdatering)

house-lights-t.jpg

Jula vert kanskje ikkje heilt som vanleg, men ein del vil nok likevel vere å kjenne igjen på Fogn.

Søndag 20. desember kl. 11.00 - Møte på bedehuset
Møte i Fogn misjonsforsamling, 4. søndag i advent. Andakt av Jon Olav Østhus. Grunna smittevernreglar må evt. allsong skje utandørs. Inne vert det andakt, videoinnslag ++.
Maks 50 personar på arrangementet.

Søndag 20. desember kl. 13.00-14.00 - Julegraut på butikken
Gratis graut, saft og kaffi på parkeringsplassen utanfor butikken. Det går rykter om at julenissen kjem med godtepose til borna omlag kl. 13.45. Parker på skulen eller bedehuset. Arrangementet kan bli avlyst ved dårlig vèr.

Butikken er søndagsopen frå kl. 14-18 denne dagen. Det er mellom anna sal av juletre med gratis heimkøyring på Fogn.

Julaften kl. 14.30 og 15.30 - Gudsteneste i Fogn kyrkje
I år vert det gjennomført to korte julegudstenester i Fogn kyrkje. Prest er Ola Aasland Vold og det vert song av June S Hovda, Tanja S Giske, Lilly Hovda og Sofie Hovda. Det er maks 50 personar på kvar gudsteneste og påmelding skjer på DENNE NETTSIDA. Gudstenesten kl. 14.30 vert sendt direkte på Fogn kyrkje si Facebookside, og vert det meir enn 100 påmeldte til dei to gudstenestene vil det verte ei eiga overføring på storskjerm på Fogn bedehus kl. 15.30.

1. Juledag - Videomøte/juleprogram frå Fogn Misjonsforsamling
Det tradisjonsrike høgtidsmøtet vert erstatta med eit juleprogram på video frå Fogn Misjonsforsamling. Joar Sandanger har andakt, i tillegg til at det vert diverse anna program. Dette vert lagt ut på Facebook slik at det er tilgjengeleg frå morgonen 1. juledag, og blir liggande der slik at folk kan sjå det når det måtte passe best.

2. Juledag kl. 12.00 - Gudsteneste i Fogn kyrkje
Terje Engstrøm er prest på denne Gudstjenesten. Det er maks 50 personar som får plass inne i kyrkja, og grunna smittevern må allsong anten skje med to meter avstand innandørs eller 1 meter avstand utandørs. Song ved Kjersti og June Sandanger.

NB! Utsett til 4. Juledag kl. 17.00, grunna dårleg vèr 3. juledag - Alternativ juletrefest utanfor bedehuset
Søndagsskulen sin juletrefest vert i år flytta til parkeringsplassen utanfor bedehuset. Her vert det sett opp juletre, vi syng fellessongar, Håvard Østhus har andakt og borna får klementin og godtepose. NB! Parkering på skulen.
Arrangementet vert avlyst dersom vèret ikkje spelar på lag 4. juledag heller.

Opningstider på Joker Fogn i jula

Søndag 20.12 Søndagsåpent fra 14.00 til 18.00
Mandag 21.12 Åpent fra 09.00 til 20.00
Tirsdag 22.12 Åpent fra 09.00 til 20.00
Onsdag 23.12 Åpent fra 09.00 til 20.00
Julaften 24.12 Åpent fra 09.00 til 12.00
25-27.12 Stengt
Romjul 28-30.12 Åpent fra 09.00 til 19.00
Nyttårsaften 31.12 Åpent fra 09.00 til 16.00
Fredag 01.01 Stengt
Lørdag 02.01 Åpent fra 09.00 til 18.00

Vi oppfordrer våre kunder til å bruke hele åpningstiden, og handle helst alene.

Velkommen til julehandel!

Opptak frå "Vi syng jula inn"

Søndag 13. desember vart “Vi syng jula inn” arrangert i Fogn kyrkje. Grunna smittevern måtte det som skulle vere av allsang tas utandørs mot slutten av arrangementet. Inne i kyrkja var det ein aldri så liten førjulskonsert med lokale songkrefter, og samlinga vart leia med stødig hand av Wictor Juul.

Sidan det var sett eit makstak på 50 personar i kyrkja, vart heile konserten sendt live på Fogn kyrkje si Facebookside. Opptak av konserten, i tillegg til eit opptak av Messing/allsongen ute + nokre bilete kan de sjå under.

NB! Ser du videoen på mobil, kan det vere at du må “scrolla” fram til 22 minutter der konserten byrjar.





Jula vert sungen inn med konsert!

Også i år vert jula sungen inn i Fogn kyrkje, om enn på ein litt annan måte enn vi har gjort dei siste åra. Det har kome føringar frå Den norske kyrkja nasjonalt om at ein må halde 2 meter avstand mellom husstandar dersom ein skal ha fellessong. Dette er vanskeleg å få til i praksis i kyrkja, noko som gjer at det i år ikkje blir allsong, men ein førjulskonsert ved lokale krefter, søndag 13. desember kl. 18.00 i Fogn kyrkje!

Sidan det er eit makstal på 50 personar (påmelding til Heidi på 47010909) som kan få plass i kyrkja, vil konserten sendast direkte på Fogn kyrkje si Facebook-side. Det vil i denne anledning bli testa ut nytt utstyr til streaming. Arrangøren set pris på konstruktive tilbakemeldingar knytta til både bilete og lyd i denne samanheng, slik at dei kan bli enno betre på slike overføringar framover!

Ny flott plakat laga av Bernt Sunde

Ny flott plakat laga av Bernt Sunde

Pengedryss frå kommundelsutvalet

finnoy-kommunedelsside.jpg

Finnøy kommunedelsutval har, både vår og haust, ein pott med pengar som dei kan dela ut som tilskudd til ymse føremål og organisasjonar i kommunedelen. No i november var det to føremål på Fogn som vart tilgodesett med midlar:

  • Fogn grendalag fekk 20 000 kroner til arbeid med turstiar

  • Fogn misjonsforsamling fekk 15 000 kroner til nytt lydanlegg på bedehuset

Vi på Fogn set stor pris på at Stavanger kommune og kommundelsutvalet i Finnøy på denne måten bidreg til å støtta det frivillige arbeidet i kommunedelen, og ser fram til å sjå at støtta vert brukt på dei ulike prosjekta!

Stor støtte til tursti!

IMG_0099.jpg

Fogn grendalag søkte i haust Sparebankstiftelsen SR bank om støtte til oppgradering av turstien frå kaien. Denne stien er første del av turnettet som blant anna går til Peråsen og Ørnakulå. Det er kjekt å kunne gje besøkjande eit godt førsteinntrykk. Samtidig er dette ein velbrukt sti både av skuleelevar og andre som pendler med båt. Me vil utbetre stien ennå meir med blant anna bedre trinn og rekkverk. Til dette har me fått kr 50 000,- av @Sparebankstiftelsen SR - bank.

Tusen takk for flott støtte!

Målet er å bruke våren til oppgraderingsarbeidet. Biletet er frå stien etter tidlegare dugnadsarbeid.

Fogn grendalag