Guttelagsbasaren blir digital!

3-holiday-gifts-for-online-learners-and-teachers.jpg

Grunna koronarestriksjonar er det ikkje mogleg å samlast til guttelagsbasar som vanleg, fredag før første søndag i advent. Men basaren, som samlar inn pengar til NLM sitt misjons- og bistandsarbeid, vert ikkje avlyst av den grunn!

Fredag 27. november kl. 19.00 vert det livesending av trekning på Fogn.org si Facebookside. Loddsalet er ope frå og med no og fram til 10 minutter før trekninga startar.

Lodda kostar 10 kroner stykket, og kan kjøpast på Vippsnr 638341. Berre overfør det beløpet du ynskjer å kjøpe for, skriv kven lodda skal stå på i merknadsfeltet, og så er du med i trekninga!

Guttelagsgutane frå 2.-7. klasse er velkommen til ei juleavslutning med andakt og pizza frå klokka 18.00 på bedehuset denne kvelden. Samlinga vert avslutta med trekning av mange kjekke gevinstar, klokka 19.00.

Her er det berre å kjøpe lodd og fylgje med på trekninga på Fogn.org si Facebookside!

NB! Vunne gevinstar vert levert på Fogn. Vi finn måtar å overlevere gevinstar til folk som bur andre stader.

Fogn Guttelag

Rekordsum trass annleis aksjon!

Flyktning 2.jpg

Sjølv om årets solidaritetsaksjon på Fogn oppvekstsenter måtte gjennomførast på ein heilt anna måte enn vanleg, vart det sendt ein rekordstor sum til Flyktningehjelpen! Heile 22 390 kroner kom inn gjennom loddsal med trekning om kvelden, torsdag 12. november.

Grunna smittevern var det “berre” elevar og tilsette som kunne vere med denne kvelden, og etter trekninga var det framsyning av filmen “Bestevenner” i gymsalen.

Ein flott kveld for dei som høyrer til på skulen, og eit flott resultat som kan få stor betydning for dei får glede av pengane som kom inn!

Annleis solidaritetsaksjon i år

Flyktninghjelpen-i-skyen-med-Okta.jpg

Som så mykje anna i 2020, så vert heller ikkje skulen sin tradisjonsrike solidaritetsaksjon arrangert som vanleg grunna pandemien.

Den store fellessamlinga med servering av mat, kjekke aktivitetar og sal av diverse utgår, og vert erstatta av ei utlodning med trekning torsdag 12. november på skulen. I denne anledning vil det bli sal av lodd ved butikken og i nabolag på Fogn enkelte ettermiddagar framover.

Pengane som vert samla inn, vil i år gå til Flyktningehjelpen.

Konfirmantane (endeleg) i mål!

Foto: Kristian Sandanger Iversen

Foto: Kristian Sandanger Iversen

Etter det som må vere ei rekordlang konfirmasjonstid, vart dei 5 tiendeklassingane frå Fogn endeleg konfirmerte laurdag 17. oktober! Konfirmasjonen vart som kjent utsett grunna koronapandemien i vår, men no kunne altså det heile gjennomførast, med trygge smittevernreglar.

Det var kun familiar og konfirmasjonsgjester som kunne vere med i kyrkja denne laurdagen, då prest Tor Egil Eriksen gjorde “comeback” i soknet for å avslutte konfirmasjonstida for denne gruppa med ungdomar.

Årets konfirmantar er, frå venstre mot høgre på biletet over:

Anna Sandanger Iversen, Ida Hovda Rørheim, Thomas Bøe Sevheim, Gjertrud Kathrine Hovda Aukland og Eirik Bø Rolfsen.

Vi gratulerer!