Støtt opp om årets digitale TV-aksjon!

kampanjebilde.png

Som så mykje anna i 2020, så vert heller ikkje TV-aksjonen arrangert slik vi kjenner den frå tidlegare, i dette koronaåret. Der det før kom folk på dørene med ei innsamlingsbøsse i handa, vil vi i år erfara digitale bøssebærarar på nett og i sosiale medier. I gamle Finnøy kommune har alle medlemmene i kommunedelsutvalet sagt ja til å vera digitale bøssebærarar, og for Fogn gjeld dette då Ottar Sandanger og Jon Olav Runestad. Bøssebærarane er oppfordra til å opprette sine digitale bøsser før sjølve aksjonsdagen, som er søndag 18. oktober. Men korleis støtter ein aksjonen i år, når ein ikkje kan putte myntar og sedlar på ei eiga bøsse?

Det er faktisk ganske enkelt å støtte aksjonen ved å gi i ei digital bøsse. Kvar bøssebærar har fått si eiga side på spleis.no, der alle som vil kan gi via Vipps, kort eller faktura. Her har ein full oversikt over kor mykje som er samla inn, og kva midlane kan nyttast til. I år er det World Wildlife Fund (WWF) sitt arbeid mot plast i havet som får midlane frå TV-aksjonen. Plast i havet er ei stor utfordring, ikkje berre for dyrelivet, men faktisk for alle menneske på jorda, så her er det berre å støtta!

Ottar si digitale bøsse er alt “oppe og går”, så det er berre å klikka HER for å sjå kor mykje som er kome inn i bøssa, og vera med og støtta sjølv!

Fogn helselag inviterer til temakveld

Nasjonalforeningen_for_folkehelsens_logo.jpg

Onsdag 21. oktober frå klokka 18.30-20.00 inviterer Fogn helselag til temakveld med presentasjon av velferdsteknologi. Samlinga vert på Fogn oppvekstsenter, og det blir enkel servering.

Representantar frå Helsehuset i Stavanger kjem til oss for å visa og informera om nye ordningar innan velferdsteknologi, som kan skapa ein trygg kvardag for alle med ulike helseutfordringar.

Mange vil bu heime lengst mogleg. Det er nyttig å orientera seg om kva moglegheiter som finns i den nye kommunen.

Me fylgjer gjeldane smittevernreglar.

Velkommen!

Stem på årets unge bonde - frå Fogn!

Ingolf.jpg

Konkurransen “Årets unge bonde” er et samarbeid mellom Norges bygdeungdomslag, McDonald’s Norge og Felleskjøpet Agri. Den som til slutt vinner får 20 000 kroner i reisestipend, avløser i en uke og 10 000 kroner i gavekort fra Felleskjøpet.

I år er en Fognbu blant de 11 nominerte, nemlig Ingolf Harestad på 24 år! Ingolf driver med kylling og kyr, i tillegg til gravemaskinkjøring og rundballepressing. Les mer om Ingolf HER, og klikk HER for å avgi din stemme til bonden fra Fogn!

Vi ønsker Ingolf lykke til og håper han når langt i konkurransen!

Glimt frå flotte toppturar!

Bilde_27.09.2020,_15_11_57.jpg

For 9. gong arrangerte Fogn IL, med familien Sandanger Iversen i spissen, 4- og 7-toppstur på Fogn! Også i år vart det ein flott dag på tur med godt vèr, god stemning og nydeleg utsikt! 54 personar deltok på den lange turen over 7 toppar, medan 22 gjekk for den kortare ruta over dei 4 siste toppane.

Ein viktig motivasjonsfaktor på desse turane, er at det på fleire av toppane var ei lita overrasking til alle som kom opp. I år var det sjokoladar, tomater og buffar som venta dei som nådde heilt opp!

Det vart også trekt ein vinnar av eit gåvekort på 500 kroner frå Kiwi. Leiar i Fogn IL, Jakob Bø, trakk vinnaren, som i år vart Alf Svendsen.

Takk for turen!

Klart for 4- og 7-toppstur

Søndag 27. september blir det arrangert topptur.

Litt informasjon om turane:

Start 7-toppsturen: I Auglendsdalen (Hovda) kl.12.00

Start 4-toppsturen: Frå skulen kl. 12.30

Turen går frå Hovda til fylgjande sju toppar: Eikhaug, Borgaråsen, Himråsen, Peråsen, Domfjellet, Ørnakula og Varhaug. 4-toppsturen går over dei fire siste toppane i 7-toppsturløypa. Målgong er ved Kyrkja .

Det vert delt ut ein liten overrasking på fleire av toppane. Det er Fogn IL som lagar til turen. Turen går i flott kulturlandskap og utsikten frå toppane gjev fantastisk utsyn over heile Ryfylke.

Spørsmål om turen kan rettast til Helge M Iversen, mobilnr 41085524.

DSC_0219.JPG

Bli med på stidugnad på laurdag!

Fogn.png

Fogn grendalag inviterer til dugnad på stien frå kaien og opp til skulen, laurdag 19. september frå klokka 10.00-13.00! Denne stien er det mange som har stor glede av, og grendalaget håper at mange møter opp og gjer ein innsats!

Det er flott dersom dei som har høve til det tek med seg spade, trillebår, hagesaks, motorsag o.l.

Vi skal legge på ny grus, rydde bort litt tre/greiner etter at geitene har renska stien og sette nye pærer i utelysa langs stien.

Velkommen til å ta i eit tak for fellesskapet!

Fogn Grendalag