Bli med på frukttur til Helgøy!

Fruktgard.jpg

Akkurat nå bugner frukttrea i Ryfylke av frisk, sunn og herlig frukt! 

Bli med på båtcruise med Jon Arne Helgøy frå Stavanger, Tau, Talgje, Fogn og Grønvik. På fruktøya Helgøy får du vandre gjennom tusenvis av frukttre og oppleve moderne fruktdyrking. Du blir servert to rettars lokal lunsj på det nyåpna lokalet til Helgøybakkane Fruktgard. Her blir det også mulighet for å kjøpa med seg saft og syltetøy, epler som Summerred og Gravenstein, og den nye, norske pæra Celina.
Ein må vera kledd etter været og ha godt skotøy til ca 1 km gange på grus og gras.

Pris for båttur, omvisning og 2 rettars lunsj med kaffi kr 749,- Bestill HER!

Lørdag 19.september:
Båten går frå Stavanger/Strandkaien kl 11.00
Tau kl 11.25
Talgje kl 11.35
Fogn/Sørvåg kl 11.50
Grønvik kl 12.00

Tilbake ca kl 16 frå Helgøy.

Velkommen!

Glimt frå Fognaløp og Fognameisterskap 2020

Jonas Sandanger i svevet, medan familien fylgjer spent med i bakgrunnen.

Jonas Sandanger i svevet, medan familien fylgjer spent med i bakgrunnen.

Søndag 13. september var det igjen duka for både Fognaløp og Fognameisterskap i friidrett. Sjølv om vèret ikkje viste seg frå si beste side, var det både god stemning og mange deltakarar som stilte sporty opp!

Som vanleg var det to distansar på Fognaløpet. Dei som ikkje ville springe langs hovudvegen rundt øya, kunne delta på 5 kilometeren som gjekk rundt “nullen”.

Thea Hovda Rørheim vann 5 km i dameklassen på tida 26,47, foran Emma Grønås på 32,29. I herreklassen på den same distansen vann Josef Bø brødreduellen med storebror Jørgen, då han klokka inn på 22,24 mot Jørgens 23,21. Filip Sandanger Iversen kom på tredjeplass med 27,08.

På runden rundt øya var Anna Sandanger Iversen raskaste dame på 56,47, foran Solfrid Torgersen på 58,27. Den lengste distansen for herrane vart vunne av Jakob Bø på kruttsterke 37,57, foran Kristian Sandanger Iversen med tida 39,22. Tredjeplassen vart delt mellom Sander Rørheim og Sondre Sandanger Sørheim.

Etter gjennomførte løp og tilhøyrande medaljeseremoniar, var det tid for 60-meter, lengdehopp og kast med liten ball for alle som ville vere med på dette!

Sjå ein fyldig serie med bilete under:


Hjartestartaren har fått ny "base"

20190327_131552.jpg

Dei siste åra har det vore ein hjartestartar lokalisert på toalettet som vender ut mot fotballbingen ved Fogn oppvekstsenter. Dette toalettet har tidlegare vore ope heile døgnet, men etter nokre uheldige episodar vert toalettet no låst på fritida (når det ikkje er organisert aktivitet).

For å unngå at hjartestartaren då hamnar bak låst dør, er denne flytta bort i bua ved butikken. Her er det alltid ope, og det potensielt livsavgjerande hjelpemiddelet skal difor igjen vere tilgjengeleg dersom det skulle vere behov for dette!

Årsmøte, løp og meisterskap i Fogn IL!

Skjermbilde+2017-08-29+kl.+16.57.59.png

Fogn IL informerer:

Fognaløp - søndag 13. september kl. 13.30
Start ved skulen. Ein kan velgje mellom 5- og 10km løype. Idrettslaget oppfordrar alle (uansett alder) som liker å springe eller gå fort til å bli med. Startavgift for dei over 16 år er 100 kroner. Det vert premiering av til vinnarar i dame- og herreklassen på begge distansar.

Fognameisterskapet - søndag 13. september kl. 15.00
Løp, hopp og kast for born i alle aldrar! Premiering til alle!

Årsmøte - torsdag 17. september kl. 20.00
Det utsette årsmøtet frå mars vert gjennomført på skulen.

Vanlege årsmøtesaker.

Rapport frå årsmøte i grendalaget

IMG_4602.jpg

Omlag 5 månadar “koronaforsinka”, vart årsmøtet i Fogn grendalag endeleg gjennomført onsdag 2. september. Med mellom anna spriting av hender, avstand mellom stolane og oppmøteregistrering vart smittevernet teke godt i vare, og møtet vart gjennomført på ein trygg måte.

Leiar i Finnøy kommunedelsutval, Birger Hetland, var invitert for å snakka om arbeidet i utvalet, og korleis folk på Fogn kan vera med og påverka det som skjer i samfunnet rundt oss. Hetland fekk mange spørsmål frå ei engasjert forsamling, og det gjekk mykje i Øyfast, samferdsel og boligbygging! Utvalsleiaren Hetland understreka at han framover kjem til å ha kontordag på innbyggartorget (Judaberg) på tysdagar, og alle er hjarteleg velkomne til å ta turen innom for ein kaffi og ein prat om saker som engasjerer dei.

Det vart også informert om eit viktig møte med fokus på grøn planlegging i Stavanger kommune. Møtet vert gjennomført dels på Fogn og dels på Finnøy, tysdag 29. september. Her vil det vere høve til å løfta opp saker som er viktige for Fogn i denne samanheng, mellom anna turstiar og båtplassar. Vi kjem attende med meir informasjon om møtet.

Som vanleg på eit årsmøte, sto også saker som årsmelding, rekneskap og val på agendaen. Grendalagsleiar Ole Klingsheim leia oss trygt gjennom dei første sakene, før Arnstein Bøe frå valnemnda gjennomførte dei ulike vala. Dette gjekk også utan den heilt store dramatikken, og gav dette resultatet:

Nytt styre:
Elisabeth Leiros 2 år
Jon Olav Runestad 2 år
Tora Sandanger 2 år
Christoffer Inge 2 år
Heidi Bø Sangedal 1 år
Liv Bottolfs 1 år
Ivar Opsal 1 år
Arnstein Bø, vara 1 år
Kjartan Hansen, vara 1 år

Ny valnemnd:
Monica Stensland, leiar 1 år
Håvard Østhus (ny), 2 år
Ole Klingsheim (ny), 3 år

Revisor: Ottar Sandanger

Når det gjeld kven som vert ny grendalagsleiar, så gav årsmøtet si tilslutning til at dette skulle styret få velgje sjølv på første styremøte.