Velkommen til årsmøte i Fogn grendalag!

IMG_4535.jpg

Som så mykje anna, vart årsmøtet i Fogn Grendalag utsett i vår’, då koronaviruset sette heile samfunnet “på pause”. No er det hakket meir “normale tilstandar”, noko som gjer at Fogn grendalag vil invitere alle til årsmøte, onsdag 2. september kl. 18.30 på Fogn oppvekstsenter!

NB! Er du sjuk, eller kjenner på symptomer på luftveisinfeksjon, må du av smitteverngrunnar ikkje koma på møtet.

Innkallinga, som er lagt i postkassar på Fogn, kan de også sjå under:

Innkalling årsmøte 2020 - ny etter corona-page-001.jpg

Klart for Fognamarsj 2020!

Fognamarsj.jpg

Mange arrangement har vorte avlyst eller kraftig endra dei siste månadane. Dette vert ikkje tilfelle for den tradisjonsrike Fognamarsjen, som i år vert arrangert for 32. gong på søndag 16. august! Ved Joker Fogn kan ein sjå fullstendig statistikk for alle dei 31 tidlegare marsjane.

Starten går frå kl. 17.00 ved skulen. Startkontingent vert 100 kr per deltakar, eller maksimalt 300 kr per familie.

Alle er hjarteleg velkomne til å bli med!

Ledig på kjekke opplevingar på Finnøy!

Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylke Livsgnist har kontakta oss med kjekk informasjon! Sjå under:

Me i Ryfylke Livsgnist har jo masse tilbod for store og små i august – på Finnøy. Ein kort tur frå Fogn.

  1. Camp Finnøy – for barn mellom 8 til 13 år i heile kommunen. Gratis opplegg. Me hadde to dagar i juni, og skal ha 8 dagar i august. Første er 3. august. Fem av åtte dagar er det godt med plass på. 220 ungar har alt meldt seg på. Meld deg på HER!

  2. Og så vil me slå eit slag for «Gøy på Finnøy» - fire ulike datoar i tre helgar i august -opplevings- og aktivitetsdag på Finnøy med skodespel, Abelrebus, aktivitetar, utelunsj mm. Vel så kjekt som Kongeparken, og mykje, mykje rimelegare. Det blir ikkje Tomatfestival i år, men det blir Gøy på Finnøy. Meld deg på HER!

Gøy på Finnøy - best.jpg

Flott feiring!

Bilde 23.06.2020, 21 15 41.jpg

Vi er ikkje bortskjemte med varme og fine St.Hanskveldar på Fogn, men rammene rundt årets feiring var det ingenting å utsetja på! Med vindstille, temperatur på ca. 20 grader, sol på veg ned over Finnøy og vakker natur og utsikt på Høgaste, var det ikkje rart at det må ha vore bortimot rekordoppmøte!

Det var ikkje lagt opp til noko avansert program, slik at folk fekk god tid til å drøsa med kvarandre både om våren som låg bak og sommaren som ligg foran. I tillegg til dette var det andakt av Paul Aano, i tillegg til “Boksen av” for born og unge. Bålet vart tent klokka 21.00 og brann flott ned saman med solnedgongen i vest!

St.Hans-feiring på Fogn!

sweden-123784_1280.jpg

Fogn IL og Fogn Kr. Ungdomslag ynskjer også i år velkomen til St.Hans-feiring på Fogn, tysdag 23. juni! Bålet er i år rigga til på Høgaste, like ved huset som Liv Bottolfs er i ferd med å bygga.

Arrangementet tek til omlag kl. 19.30, og det vert andakt av Paul Aano kl. 20.00, før båltenning ca. kl. 21.00.

Grunna smittevernhensyn vert det ikkje kiosksal i år, så folk vert oppfordra til å ta med eigen mat, snacks og drikke. Det vert laga til eit eige pølsebål for dei som ynskjer å nytte seg av dette.

Alle er hjarteleg velkomne!

Fogn IL og Fogn Kr. Ungdomslag

Tur til Flørli og Lysebotn

Bli med på båtcruise til Flørli og Lysebotn. Her kan du gå i verdas lengste trapp. 4.444 trappetrinn tek deg 740 meter opp i fjellet. 

Helgøy Skyssbåt arrangerer turar kvar søndag i skuleferien. Avgang fra Fister 10:00. Vi går innom Sørvåg 10:15, Talgje og Tau på veg innover, og er i Flørli ca. 12:15. For dei som vil gå trappene er det 4 timer til heimreise 16:15. For dei som ynskjer går vi vidare innover til Lysebotn, og ligg der ca. ein time.

Avgang Lysebotn blir 14:15, og avgang Flørli 16,15. Ankomst Sørvåg er 17:50.

Det er mogleg å kjøpe mat og lunsj i Kafè 4444 i Flørli. Ta med gode sko og klede. Turen er ei oppleving.

Pris voksen: NOK 600,-
Pris barn: NOK 350,- (4 - 15 år)
Pris familie: NOK 1.800,-

For bestilling klikk her

For meir informasjon klikk her

Skjermbilde 2020-06-20 kl. 14.32.04.png