Årsmøte, løp og meisterskap i Fogn IL!

Skjermbilde+2017-08-29+kl.+16.57.59.png

Fogn IL informerer:

Fognaløp - søndag 13. september kl. 13.30
Start ved skulen. Ein kan velgje mellom 5- og 10km løype. Idrettslaget oppfordrar alle (uansett alder) som liker å springe eller gå fort til å bli med. Startavgift for dei over 16 år er 100 kroner. Det vert premiering av til vinnarar i dame- og herreklassen på begge distansar.

Fognameisterskapet - søndag 13. september kl. 15.00
Løp, hopp og kast for born i alle aldrar! Premiering til alle!

Årsmøte - torsdag 17. september kl. 20.00
Det utsette årsmøtet frå mars vert gjennomført på skulen.

Vanlege årsmøtesaker.

Rapport frå årsmøte i grendalaget

IMG_4602.jpg

Omlag 5 månadar “koronaforsinka”, vart årsmøtet i Fogn grendalag endeleg gjennomført onsdag 2. september. Med mellom anna spriting av hender, avstand mellom stolane og oppmøteregistrering vart smittevernet teke godt i vare, og møtet vart gjennomført på ein trygg måte.

Leiar i Finnøy kommunedelsutval, Birger Hetland, var invitert for å snakka om arbeidet i utvalet, og korleis folk på Fogn kan vera med og påverka det som skjer i samfunnet rundt oss. Hetland fekk mange spørsmål frå ei engasjert forsamling, og det gjekk mykje i Øyfast, samferdsel og boligbygging! Utvalsleiaren Hetland understreka at han framover kjem til å ha kontordag på innbyggartorget (Judaberg) på tysdagar, og alle er hjarteleg velkomne til å ta turen innom for ein kaffi og ein prat om saker som engasjerer dei.

Det vart også informert om eit viktig møte med fokus på grøn planlegging i Stavanger kommune. Møtet vert gjennomført dels på Fogn og dels på Finnøy, tysdag 29. september. Her vil det vere høve til å løfta opp saker som er viktige for Fogn i denne samanheng, mellom anna turstiar og båtplassar. Vi kjem attende med meir informasjon om møtet.

Som vanleg på eit årsmøte, sto også saker som årsmelding, rekneskap og val på agendaen. Grendalagsleiar Ole Klingsheim leia oss trygt gjennom dei første sakene, før Arnstein Bøe frå valnemnda gjennomførte dei ulike vala. Dette gjekk også utan den heilt store dramatikken, og gav dette resultatet:

Nytt styre:
Elisabeth Leiros 2 år
Jon Olav Runestad 2 år
Tora Sandanger 2 år
Christoffer Inge 2 år
Heidi Bø Sangedal 1 år
Liv Bottolfs 1 år
Ivar Opsal 1 år
Arnstein Bø, vara 1 år
Kjartan Hansen, vara 1 år

Ny valnemnd:
Monica Stensland, leiar 1 år
Håvard Østhus (ny), 2 år
Ole Klingsheim (ny), 3 år

Revisor: Ottar Sandanger

Når det gjeld kven som vert ny grendalagsleiar, så gav årsmøtet si tilslutning til at dette skulle styret få velgje sjølv på første styremøte.

Velkommen til årsmøte i Fogn grendalag!

IMG_4535.jpg

Som så mykje anna, vart årsmøtet i Fogn Grendalag utsett i vår’, då koronaviruset sette heile samfunnet “på pause”. No er det hakket meir “normale tilstandar”, noko som gjer at Fogn grendalag vil invitere alle til årsmøte, onsdag 2. september kl. 18.30 på Fogn oppvekstsenter!

NB! Er du sjuk, eller kjenner på symptomer på luftveisinfeksjon, må du av smitteverngrunnar ikkje koma på møtet.

Innkallinga, som er lagt i postkassar på Fogn, kan de også sjå under:

Innkalling årsmøte 2020 - ny etter corona-page-001.jpg

Klart for Fognamarsj 2020!

Fognamarsj.jpg

Mange arrangement har vorte avlyst eller kraftig endra dei siste månadane. Dette vert ikkje tilfelle for den tradisjonsrike Fognamarsjen, som i år vert arrangert for 32. gong på søndag 16. august! Ved Joker Fogn kan ein sjå fullstendig statistikk for alle dei 31 tidlegare marsjane.

Starten går frå kl. 17.00 ved skulen. Startkontingent vert 100 kr per deltakar, eller maksimalt 300 kr per familie.

Alle er hjarteleg velkomne til å bli med!

Ledig på kjekke opplevingar på Finnøy!

Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylke Livsgnist har kontakta oss med kjekk informasjon! Sjå under:

Me i Ryfylke Livsgnist har jo masse tilbod for store og små i august – på Finnøy. Ein kort tur frå Fogn.

  1. Camp Finnøy – for barn mellom 8 til 13 år i heile kommunen. Gratis opplegg. Me hadde to dagar i juni, og skal ha 8 dagar i august. Første er 3. august. Fem av åtte dagar er det godt med plass på. 220 ungar har alt meldt seg på. Meld deg på HER!

  2. Og så vil me slå eit slag for «Gøy på Finnøy» - fire ulike datoar i tre helgar i august -opplevings- og aktivitetsdag på Finnøy med skodespel, Abelrebus, aktivitetar, utelunsj mm. Vel så kjekt som Kongeparken, og mykje, mykje rimelegare. Det blir ikkje Tomatfestival i år, men det blir Gøy på Finnøy. Meld deg på HER!

Gøy på Finnøy - best.jpg

Flott feiring!

Bilde 23.06.2020, 21 15 41.jpg

Vi er ikkje bortskjemte med varme og fine St.Hanskveldar på Fogn, men rammene rundt årets feiring var det ingenting å utsetja på! Med vindstille, temperatur på ca. 20 grader, sol på veg ned over Finnøy og vakker natur og utsikt på Høgaste, var det ikkje rart at det må ha vore bortimot rekordoppmøte!

Det var ikkje lagt opp til noko avansert program, slik at folk fekk god tid til å drøsa med kvarandre både om våren som låg bak og sommaren som ligg foran. I tillegg til dette var det andakt av Paul Aano, i tillegg til “Boksen av” for born og unge. Bålet vart tent klokka 21.00 og brann flott ned saman med solnedgongen i vest!