St.Hans-feiring på Fogn!

sweden-123784_1280.jpg

Fogn IL og Fogn Kr. Ungdomslag ynskjer også i år velkomen til St.Hans-feiring på Fogn, tysdag 23. juni! Bålet er i år rigga til på Høgaste, like ved huset som Liv Bottolfs er i ferd med å bygga.

Arrangementet tek til omlag kl. 19.30, og det vert andakt av Paul Aano kl. 20.00, før båltenning ca. kl. 21.00.

Grunna smittevernhensyn vert det ikkje kiosksal i år, så folk vert oppfordra til å ta med eigen mat, snacks og drikke. Det vert laga til eit eige pølsebål for dei som ynskjer å nytte seg av dette.

Alle er hjarteleg velkomne!

Fogn IL og Fogn Kr. Ungdomslag

Tur til Flørli og Lysebotn

Bli med på båtcruise til Flørli og Lysebotn. Her kan du gå i verdas lengste trapp. 4.444 trappetrinn tek deg 740 meter opp i fjellet. 

Helgøy Skyssbåt arrangerer turar kvar søndag i skuleferien. Avgang fra Fister 10:00. Vi går innom Sørvåg 10:15, Talgje og Tau på veg innover, og er i Flørli ca. 12:15. For dei som vil gå trappene er det 4 timer til heimreise 16:15. For dei som ynskjer går vi vidare innover til Lysebotn, og ligg der ca. ein time.

Avgang Lysebotn blir 14:15, og avgang Flørli 16,15. Ankomst Sørvåg er 17:50.

Det er mogleg å kjøpe mat og lunsj i Kafè 4444 i Flørli. Ta med gode sko og klede. Turen er ei oppleving.

Pris voksen: NOK 600,-
Pris barn: NOK 350,- (4 - 15 år)
Pris familie: NOK 1.800,-

For bestilling klikk her

For meir informasjon klikk her

Skjermbilde 2020-06-20 kl. 14.32.04.png

Velkommen til friluftsbasar!

standard_1500x1125_diversegroupofkids.jpg

Etter ein særs uvanleg vår, har myndigheitene no letta litt meir på restriksjonane, slik at det er lov å samlast opp til 200 personar når ein overheld visse smittereglar. Det betyr at det skulle vere heilt “innafor” å arrangere friluftsbasar utanfor bedehuset i år også, noko som skjer fredag 19. juni kl. 18.00!

Nytt av året er at basaren, der inntektene går til Norsk Luthersk Misjonssamband sitt misjons- og bistandsarbeid, vert arrangert av både gutte- og jentelaget. Jentelaget skal mellom anna syta for smittesikker servering av noko å bita i, i tillegg til kaffi og brus.

Basaren startar med ein liten “møtedel”, der Ola Aasland Vold kjem og talar. Deretter vert det litt anna program, før loddsal og trekning. Det er ynskjeleg at så mange som mogeleg nytter Vipps til betaling av lodd. Ein kan nytta vippsnummer 122078 forå kjøpa lodd, som kostar 10 kr per stk.

Sidan benker og bord vert sett ut på bedehuset sin parkeringsplass, ber vi om at dei som kjem med bil parkerer på Fogn oppvekstsenter.

Alle er hjarteleg velkomne!

Ein dag stengt pga oppgradering

Joker Fogn.jpg

Joker Fogn har sendt ut fylgjande informasjon i postkassene på Fogn, og dei ynskjer også å nytte Fogn.org for å nå flest mogleg:

Vi skal oppgradere butikkprofilen innvendig (snu retningen på hyllene) i butikken mandag 15/6 og tirsdag 16/6.

Vi holder stengt mandag 15/6, og har oppe tirsdag 16/6 ,men oppfordrer til å handle mest mulig av det du trenger og spesielt tørrvarer (bakevarer, toalettpapir, krydder, pasta, knekkebrød osv) på lørdag 13/6 og deretter onsdag 17/6.

Dette på grunn av at alle disse varene blir pakket bort og satt på lageret til onsdag.

Beklager ulempen dette medfører for deg.

Mvh Joker Fogn Tlf 98432691

Turstidugnad på torsdag!

IMG_3212.JPG

Turstikomiteen i Fogn grendalag arrangerer dugnad på siste etappe til Ørnekula på torsdag 28. mai kl. 18.00. Oppmøte er i skaret ved tauet opp til Ørnakula (altså der en må “klatre litt”).

Oppgåver er festing av lemmar over våte parti, fjerning av torv, klipping av kvister m.m. Ta med eige utstyr.

På biletet viser lem laga på Uteplassen/Robin Hood-skogen på måndag. Lemmene har me fått frå Stavanger turistforening, og me kan få fleire dersom grunneigarar er interessert i å ha det på turstiane.

Alle er velkomne i det fine veret!

Arr: Turstikomiteen i Fogn grendalag

Frå Finnøy til Lesbos på laurdag!

9874817d061a23d7c25ceddf6dc56152fe4b7f60.jpeg

Her på Fogn.org plar me oftast å reklamera for arrangement som ein kan få med seg på nettopp Fogn. Men i denne “nye tida” vi opplever i kjølvatnet av koronapandemien, har mange arrangement vorte flytta ut på nett, slik at vi alle kan få det med oss frå vår eiga stove! Dette er ein av grunnane til at vi her legg ut informasjon om eit arrangement som vert gjennomført på Finnøy, men som alle kan fylgje med på anten vi bur her eller der! Vi har fått oversendt dette frå arrangementskomiteen:

Me er ein gjeng ungdomar/unge voksne frå Finnøy som skal arrangera basar til inntekt for flyktningane på Lesbos i Hellas! Dette gjer me via organisasjonen Refugees4refugees. Det er den organisasjonen som Stian Røst har arbeida med der nede.

Vil DU kjøpa lodd? Frist er fredag 22/5 kl. 23.59

Du kan vera med og bidra til at det blir bygga handvaskestasjonar og fleire shelters. Dette er med og hindre ei eventuell smittekrise i leirane.

På laurdagskvelden sender vi basaren LIVE på Facebook, og det vert mogleg å gi pengar då og. Elles vert det musikk, show, trekking av gevinstar og enormt god stemning!

Dersom du vil kjøpe lodd kan du vippse til 23909, bla heilt ned i menyen til “innsamlingsaksjon” og velg kor mange lodd du vil ha (eller du kan gi enkeltgåve). 1 lodd koster 10 kroner.

Lenke til Facebookarrangementet der livesendinga føregår.