And the winners are...

winner-1.jpg
Resized_20200520_185124_7708.jpg

17. maikomiteen lanserte diverse quizar og konkurransar i eit hefte som vart delt ut til alle på Fogn i anledning nasjonaldagen. No er svarfrist ute, og vinnarar kåra. Både vinnarar og fasitar kjem her!

Vinnar kryssord: Pål Rune Grønås

Fasit kryssord

Vinnar quiz: Fam. Øyvind Sandanger

Fasit Quiz

Vinnar bildekonkurranse: Fam Iversen (Basthaug)

Fasit bildekonkurranse

Vinnar bilkortesje:
- Fam. Trond Egil Sivertsen
- Jørgen Bø Junior m. fam Bø/Aano og venner

IMG_20200520_193803111.jpeg

Komiteen takkar for ein flott dag!

98359388_253283789242951_7498329062713065472_n.jpg

Godtfolk

17. mai komitè 2020 vil takka både folk og fe for ei framifrå feiring, trass i alskens utfordringar av både virus, vêr og vind. Det var kanonbra oppmøte på bilkortesjen, mange veldig bra bidrag, alle var med og laga dagen minnerik og fin.

Nokre må me også takka ørlite ekstra.

Jon Olav Runestad for flott tale. Han mottok ei gåve frå komitèen, ei karikaturteikning laga av Fognareven Per Ivar Selvåg.

Karianne Nordbø Østhus for framifrå andakt.

Takk også til vår alltid så stødige Messing, som vanleg skyhøgt nivå på musikken, Fogn er heldige som har dykk.

Fogn oppvekstsenter og Joker Fogn fortèner også ei takk for at dei alltid stiller opp og er til god hjelp for komitèen.

Me har også fått god hjelp til filming/redigering av Håvard Østhus, Sofia Aronsen Haugan og Magnus Tombre Bøhn.

Takk også til alle som har teke bilete rundt om på øya i dag, og har delt dei med oss. Eit utval av bileta kan du sjå her.

Vinnarar av bildequiz, 17.maiquiz og kryssord i aktivitetsheftet vert annonsert etter fristen(19.mai)  for levering av svar og retting er gjennomført. Det var mange vanskelige oppgåver, så her vert det ikkje mange med full pott, og kniving om sigeren. Gjer så godt dykk kan, send inn svar! Det vert også trekt ut ein vinnar av ein forundringspakke blant alle deltakarar.

Takk for ein flott dag!

Helsing 17.mai komitè 2020.

17. maiprogrammet på Fogn!

article_topimage_flagg2.png

PROGRAM 17. MAI 2020 PÅ FOGN

.Kl. 09:15 ved oppvekstsenteret
Flaggheising med Messing
 (blir å sjå direkte sendt på fogn.org si facebook side)

Kl. 10:00 på ferjekaia
Bilkortesje frå ferjekaien, leia av Fogn si Brannvogn. Messing spelar for oss.
Dekorer kjøretøyet ditt, for me trekker ein vinnar for beste innslag!
(køyreretning mot Sørvåg)
Info: Møt opp frå ca. kl.09:45   Då står køyrevaktar og visar deg veg.
Dei minste kan telja bamsar langs vegen. Kor mange finn du?
Ved skulen sitt buss-skur vil komitéen stå og dela ut gratis is til alle som vil ha,
og me følgjer smittevernreglane!
Køyr så heim, stadig i retning mot Sørvåg.

Me oppfordrar dykk som ikkje køyrer bil, om å stå langs vegen og rope Hurra!!
Etter bilkortesjen oppfordrar me alle til å eta ein god lunsj med familien sin.

Kl. 12:00 ved bautaen på Eide
Bekransing og tale ved bautaen på Eide

Heile dagen, digital feiring:
På fogn.org vil de kunne sjå barnas tale frå 7.klasse, musikkvideo frå skulen,tale for dagen v/ Karianne N. Østhus og kveldens tale v/ Jon Olav Runestad

Kl.13:00 overalt ute, nasjonalt stunt
Felles salutt i Noreg – alle går ut og syng Nasjonalsongen.

Lørdag 16.mai
Komitéen køyrer ut aktivitetshefte til alle postkassene. Gå ut og hente den!!
I den vil de finne info, konkurransar, quiz, kryssord, songtekstar,
presentasjon av komitéen 2021, oppfordingar til familieaktivitetar. 
Det vil vanke premiar

Etter retningslinjer frå regjeringa og FHI, blir jo årets 17.mai-feiring ein del annleis: utan 17.mai-tog og samling på oppvekstsenteret og festkvelden vår. Likevel:

Me håpar alle familiar finn sin eigen, gode måte å feire dagen på, med
 flagg, pene klede, god mat, masse is, bli med på bilkortesjen, bruke aktivitetsheftet...

Me ønskje dykk alle ei flott 17.mai-feiring!
Og me kjem sterkt tilbake i 2021.

Helsing 17. mai-komitéen 2020

«ALT BLIR BRA»

Drive-in-Gudsteneste på 1. påskedag!

Header_3062045_16.9-1024x576.jpg

Fogn kyrkje og Fogn Misjonsforsamling går saman for å arrangere drive-in-Gudsteneste på parkeringsplassen ved Fogn kyrkje, 1. påskedag kl. 12.00! Prest Terje Engstrøm har andakt, og leier oss gjennom det som vert ei Gudsteneste litt utanom det vanlege! Det vert rigga til lyd, slik at både tale og song skal kunne høyrast inn dei opne vindauga i alle bilane som møter opp!

Bilane vil stå på den store grusparkeringsplassen ved kyrkja, og det bra om flest mogleg er ute i god tid, slik at bilane kan bli stilt opp på ein så effektiv måte som mogleg. Det vil vere parkeringsvakter som hjelper til med dette.

Alle er hjarteleg velkomne til å vere med på denne historiske hendinga, som ein truleg kjem til å snakke om i uoverskueleg mange påsker framover!