17. maiprogrammet på Fogn!

article_topimage_flagg2.png

PROGRAM 17. MAI 2020 PÅ FOGN

.Kl. 09:15 ved oppvekstsenteret
Flaggheising med Messing
 (blir å sjå direkte sendt på fogn.org si facebook side)

Kl. 10:00 på ferjekaia
Bilkortesje frå ferjekaien, leia av Fogn si Brannvogn. Messing spelar for oss.
Dekorer kjøretøyet ditt, for me trekker ein vinnar for beste innslag!
(køyreretning mot Sørvåg)
Info: Møt opp frå ca. kl.09:45   Då står køyrevaktar og visar deg veg.
Dei minste kan telja bamsar langs vegen. Kor mange finn du?
Ved skulen sitt buss-skur vil komitéen stå og dela ut gratis is til alle som vil ha,
og me følgjer smittevernreglane!
Køyr så heim, stadig i retning mot Sørvåg.

Me oppfordrar dykk som ikkje køyrer bil, om å stå langs vegen og rope Hurra!!
Etter bilkortesjen oppfordrar me alle til å eta ein god lunsj med familien sin.

Kl. 12:00 ved bautaen på Eide
Bekransing og tale ved bautaen på Eide

Heile dagen, digital feiring:
På fogn.org vil de kunne sjå barnas tale frå 7.klasse, musikkvideo frå skulen,tale for dagen v/ Karianne N. Østhus og kveldens tale v/ Jon Olav Runestad

Kl.13:00 overalt ute, nasjonalt stunt
Felles salutt i Noreg – alle går ut og syng Nasjonalsongen.

Lørdag 16.mai
Komitéen køyrer ut aktivitetshefte til alle postkassene. Gå ut og hente den!!
I den vil de finne info, konkurransar, quiz, kryssord, songtekstar,
presentasjon av komitéen 2021, oppfordingar til familieaktivitetar. 
Det vil vanke premiar

Etter retningslinjer frå regjeringa og FHI, blir jo årets 17.mai-feiring ein del annleis: utan 17.mai-tog og samling på oppvekstsenteret og festkvelden vår. Likevel:

Me håpar alle familiar finn sin eigen, gode måte å feire dagen på, med
 flagg, pene klede, god mat, masse is, bli med på bilkortesjen, bruke aktivitetsheftet...

Me ønskje dykk alle ei flott 17.mai-feiring!
Og me kjem sterkt tilbake i 2021.

Helsing 17. mai-komitéen 2020

«ALT BLIR BRA»

Drive-in-Gudsteneste på 1. påskedag!

Header_3062045_16.9-1024x576.jpg

Fogn kyrkje og Fogn Misjonsforsamling går saman for å arrangere drive-in-Gudsteneste på parkeringsplassen ved Fogn kyrkje, 1. påskedag kl. 12.00! Prest Terje Engstrøm har andakt, og leier oss gjennom det som vert ei Gudsteneste litt utanom det vanlege! Det vert rigga til lyd, slik at både tale og song skal kunne høyrast inn dei opne vindauga i alle bilane som møter opp!

Bilane vil stå på den store grusparkeringsplassen ved kyrkja, og det bra om flest mogleg er ute i god tid, slik at bilane kan bli stilt opp på ein så effektiv måte som mogleg. Det vil vere parkeringsvakter som hjelper til med dette.

Alle er hjarteleg velkomne til å vere med på denne historiske hendinga, som ein truleg kjem til å snakke om i uoverskueleg mange påsker framover!

Fogn mot 1 i påska!

Screenshot 2020-04-06 at 08.11.15.png

Sjølv med strenge restriksjonar og ei annleis påske framfor oss, klarar Kristian Sandanger Iversen og Jørgen Bø frå Fogn IL å produsera påskemoro for folk på Fogn! Dei har nemleg planar om å produsera og publisera ein ny video i serien “Fogn mot 1” kvar dag framover!

Konseptet minner mykje om TV-programmet “Alle mot 1” på NRK, der det handlar om å koma med sine tips knytta til utfallet på diverse, ofte uvanlege, oppgåver.

I den første episoden av “Fogn mot 1” skal ein tippa kor lang tid Jakob Bø og Ivar Opsal treng på å dra ein 2,5 tonn tung traktor 60 meter. Så vert det spanande å sjå kven som kjem med det beste tipset, og ikkje minst om gjennomsnittet av dei innsendte tipsa vert betre enn kva dagens gjest i videoen, Svein Østhus, kom med.

Videoane vert lagt ut på Fogn IL si Facebookside, og Fogn.org vil, så godt vi kan, prøva å dela videoane på vår eiga Facebookside også.

Takk til Kristian og Jørgen som på denne måten bidreg til å lyse opp påskeferien!

Avlyste arrangement grunna coronavirus

coronavirus hero.jpg

Grunna situasjonen rundt coronaviruset vert alle arrangement på Fogn avlyst i tida framover. Dette gjeld t.d. Fogn IL sin årsfest som eigentleg skulle vore på fredag, og møtet med Evangeliesenteret som skulle vore på bedehuset på søndag. Det vert heller ingen arrangement i kyrkja, og all form for organisert idrett er også lagt ned i ein periode. Grendalaget sitt årsmøte 25. mars er også avlyst.

Vi kjem tilbake med meir konkret informasjon, når denne føreligg.