Hugs årsmøte i helselaget onsdag .

Nasjonalforeningen_for_folkehelsens_logo.jpg

Helselaget vil invitere til årsmøte:

Onsdag 4.mars klokka 1830 på Fogn Oppvekstsenter.

Dr. Eivind Vestbø skal halda eit interessant foredrag om demens
Enkel servering
Trekning av tre heldige vinnarar frå turbøkene
Utlodding - ta gjerne med ein gevinst

Sakliste

 Val av møteleiar, referent og to representantar til å godkjenne og underteikne referatet
 Godkjenning av årsmelding og rekneskap
 Aldersgrense for deltaking på førjulsfesten for pensjonistane
 Innkomne forslag
o Matkurs
 Val
o To nye styremedlemmar

Hjarteleg velkommen

Velkomen til kulturkveld om Telavågtragedia!

bdsywor2kr7a76e119uz2wvbw03et2.jpeg

Torsdag 27. februar kl. 18.30 inviterer Sølvi og Svein Østhus til kulturkveld heime hos seg sjølv. Haldor og Elen Telle kjem for å fortelje om tragedia som skjedde i Telavåg under 2. verdskrig. Haldor er tidsvitne og er ein av dei få som framleis kan fortelja detaljert om det som fann stad då tyskarane utrydda Telavåg.

Alle som er interesserte i historia er hjarteleg velkomne!

Bruktmarked som har kome for å bli!

Bilde 15.02.2020, 12 07 50.jpg

Kva er likheita mellom sykkelrittet Tour de Fogn og bruktmarknaden til Fogn grendalag? Dei fleste som kjem for å sjå på seier at dei vil vere med sjølv neste år:) Det var i alle fall det som var gjennomgangstonen blant dei omlag 50 personane som møtte opp for å sjå kva som var til sals/bytte denne laurdagen, då Fogn grendalag arrangerte brukt- og byttemarknad på Fogn oppvekstsenter. Sjølv om det berre var 4-5 som kom med ting dei ville selgja/gi vekk, var det “god gang” i gymsalen, der folk gjekk og såg på alt det andre ville bli kvitt, og mange ting skifta eigar.

I foajeen vart det servert graut, og mange nytta høve til å ta laurdagsgrauten saman med sambygdingar og andre som hadde møtt opp på bruktmarknaden denne dagen. Det var særleg her ein høyrde snakk om alle som ville vere med til neste år, når dei nå såg korleis dette føregjekk, og at det var lov å vere med anten ein hadde mykje eller lite ein ville kvitte seg med.

Så at det er marknad for ein bruktmarknad, det verkar heilt klart, og vi har difor stor tru på at dette arrangementet har kome for å bli!

Tacokveld i 100!

Bilde 10.02.2020, 07 30 49.jpg

Sjølv om det berre var 17 påmeldte då fristen gjekk ut, var etternølarane langt fleire, då Fogn Helselag arrangerte sin årlege tacokveld på Fogn oppvekstsenter, laurdag 8. februar. Heile 100 namn sto til slutt på lista, og damene i helselaget sto på både fredag kveld og heile laurdag for å laga mat og ordna i stand meir enn nok til alle som møtte opp!

Her var det eit større utval enn kva som er vanleg på ein tradisjonell fredagstaco, noko alle såg ut til å setja stor pris på! At det var is med tilbehør til dessert, sette ein ekstra spiss på det heile, og folk såg både mette og godt nøgde ut då dei etterkvart trakk heimover.

Ein stor takk til helselaget for eit både godt og flott måltid!