Drive-in-Gudsteneste på 1. påskedag!

Header_3062045_16.9-1024x576.jpg

Fogn kyrkje og Fogn Misjonsforsamling går saman for å arrangere drive-in-Gudsteneste på parkeringsplassen ved Fogn kyrkje, 1. påskedag kl. 12.00! Prest Terje Engstrøm har andakt, og leier oss gjennom det som vert ei Gudsteneste litt utanom det vanlege! Det vert rigga til lyd, slik at både tale og song skal kunne høyrast inn dei opne vindauga i alle bilane som møter opp!

Bilane vil stå på den store grusparkeringsplassen ved kyrkja, og det bra om flest mogleg er ute i god tid, slik at bilane kan bli stilt opp på ein så effektiv måte som mogleg. Det vil vere parkeringsvakter som hjelper til med dette.

Alle er hjarteleg velkomne til å vere med på denne historiske hendinga, som ein truleg kjem til å snakke om i uoverskueleg mange påsker framover!

Fogn mot 1 i påska!

Screenshot 2020-04-06 at 08.11.15.png

Sjølv med strenge restriksjonar og ei annleis påske framfor oss, klarar Kristian Sandanger Iversen og Jørgen Bø frå Fogn IL å produsera påskemoro for folk på Fogn! Dei har nemleg planar om å produsera og publisera ein ny video i serien “Fogn mot 1” kvar dag framover!

Konseptet minner mykje om TV-programmet “Alle mot 1” på NRK, der det handlar om å koma med sine tips knytta til utfallet på diverse, ofte uvanlege, oppgåver.

I den første episoden av “Fogn mot 1” skal ein tippa kor lang tid Jakob Bø og Ivar Opsal treng på å dra ein 2,5 tonn tung traktor 60 meter. Så vert det spanande å sjå kven som kjem med det beste tipset, og ikkje minst om gjennomsnittet av dei innsendte tipsa vert betre enn kva dagens gjest i videoen, Svein Østhus, kom med.

Videoane vert lagt ut på Fogn IL si Facebookside, og Fogn.org vil, så godt vi kan, prøva å dela videoane på vår eiga Facebookside også.

Takk til Kristian og Jørgen som på denne måten bidreg til å lyse opp påskeferien!

Avlyste arrangement grunna coronavirus

coronavirus hero.jpg

Grunna situasjonen rundt coronaviruset vert alle arrangement på Fogn avlyst i tida framover. Dette gjeld t.d. Fogn IL sin årsfest som eigentleg skulle vore på fredag, og møtet med Evangeliesenteret som skulle vore på bedehuset på søndag. Det vert heller ingen arrangement i kyrkja, og all form for organisert idrett er også lagt ned i ein periode. Grendalaget sitt årsmøte 25. mars er også avlyst.

Vi kjem tilbake med meir konkret informasjon, når denne føreligg.

Hugs årsmøte i helselaget onsdag .

Nasjonalforeningen_for_folkehelsens_logo.jpg

Helselaget vil invitere til årsmøte:

Onsdag 4.mars klokka 1830 på Fogn Oppvekstsenter.

Dr. Eivind Vestbø skal halda eit interessant foredrag om demens
Enkel servering
Trekning av tre heldige vinnarar frå turbøkene
Utlodding - ta gjerne med ein gevinst

Sakliste

 Val av møteleiar, referent og to representantar til å godkjenne og underteikne referatet
 Godkjenning av årsmelding og rekneskap
 Aldersgrense for deltaking på førjulsfesten for pensjonistane
 Innkomne forslag
o Matkurs
 Val
o To nye styremedlemmar

Hjarteleg velkommen