Helselaget inviterer til tacokveld + årsmøte

jffnb4pcmzdollfqub0h.jpg

Tacokveld

Helselaget gjentek suksessen ifrå i fjor, og inviterer til tacokveld laurdag 8. februar mellom klokka 1800 – 2100 på Fogn Oppvekstsenter. Bufeten er varm til klokka 2000.

Menyen blir omtrent som i fjor, med mange gode smakar og spennande tilbehøyr. Til dessert vert det servert is.

Pris: Born under 10 år, 50 kroner. Elles 150 kroner. Maks 500 NOK for en familie, gjelder heimebuande barn. Påmelding til Oddbjørg seinast 4.februar på telefon: 94 12 92 33. Send gjerne sms.

Hjarteleg velkommen

————————————————————

Helselaget vil også invitere til årsmøte:

Onsdag 4.mars klokka 1830 på Fogn Oppvekstsenter.

Dr. Eivind Vestbø skal halda eit interessant foredrag om demens
Enkel servering
Trekning av tre heldige vinnarar frå turbøkene
Utlodding - ta gjerne med ein gevinst

Sakliste

 Val av møteleiar, referent og to representantar til å godkjenne og underteikne referatet
 Godkjenning av årsmelding og rekneskap
 Aldersgrense for deltaking på førjulsfesten for pensjonistane
 Innkomne forslag
o Matkurs
 Val
o To nye styremedlemmar

Hjarteleg velkommen

Stort oppmøte og sterke inntrykk!

Røverdatter  - 18.jpg

Raud løpar, masse folk, blitzregn, Amandaprisvinnarar. Og så er det gymsalen på Fogn oppvekstsenter, ein nokså vanleg fredag i januar vi snakkar om!

Meir enn 100 personar møtte opp for å sjå filmen “Røverdatter”, der hovudpersonen Kjell Magne Haugan har busett seg på Fogn saman med si Trude. Det er dattera Sofia som både står bak filmen, og som også er å sjå foran kamera, som næraste pårørande til ein rusmisbrukar, nemleg hennar eigen far.

Det var Fogn Grendalag, med leiar Ole Klingsheim i spissen, som hadde invitert både publikum og hovudpersonar til Fogn oppvekstsenter denne kvelden. Det heile starta med raud løpar ute i gangen, før ein kom inn i gymsalen der det var dekka til med småbord, isbar og popcorn! Filmen vart vist, og ein kunne merke på atmosfæren inne i salen, at dette var noko som gjorde sterkt inntrykk på dei frammøtte!

Etter filmvisninga var det tid for spørsmål til hovudpersonane, både Sofia, Kjell Magne og Magnus Tombre Bøhn, som er gift med Sofia og har vore bak kamera i store deler av filmen. Mange stilte spørsmål rundt livet som pårørande til ein rusmisbrukar, og om systemet som ein må gjennom dersom ein vil ha hjelp til å koma ut av avhengigheita.

Etter at det heile var over, kunne ein høyre mange lovord blant dei frammøtte. “Sterkt”, “Viktig” og “Dette gir perspektiver” var noko som gjekk igjen, etter ein kveld vi seint vil gløyme på Fogn!

Under er fleire bilete frå kvelden:

Servering av fillipinsk middag 25. januar

DSC_0078.jpeg

Laurdag 25. januar kl. 17-19 vert det igjen servering av fillipinsk mat i løa til Unni og Jon Olav Østhus. Det er Gloria Tveitane som står for matlaginga, som ho også gjorde for eit drøyt år sidan, då mange møtte opp og fekk eit utsøkt måltid!

Middagen koster 150 kr, og også denne gongen går pengane til trengande på Fillipinene.

Alle er hjarteleg velkomne!


Mange møtte opp og vart mette då Gloria laga mat i løa førre gong, hausten 2018.

Mange møtte opp og vart mette då Gloria laga mat i løa førre gong, hausten 2018.



Bibellesinga er i gong!

Bibellesing.JPG

For tredje gong skal Bibelen lesast frå perm til perm i Fogn kyrkje, og denne runden er alt i gong! Initiativtakar Unni Østhus las dei første versa frå 1. Mosebok 1 på søndag 5. januar kl. 13.00, og så vil lesinga halde fram i over to veker. Sjå i kalenderen her på Fogn.org for å finne ut nøyaktig når lesinga føregår. Alle er velkomne i kyrkja, anten ein berre vil høyre på, eller om ein vil vere med og lese.

I tillegg til “rein lesing” vert det også lagt opp til fylgjande hendingar i kyrkja denne perioden:

Onsdag 8. januar kl. 18.30: Sokneprest Terje Engstrøm har tema om Johannes døyparen og samanhengen mellom det gamle og det nye testamentet.

Onsdag 15. januar kl. 17.00: Marit Anmarkrud og Solborg Folkehøgskule har tekstformidling til barn

Onsdag 15. januar kl. 20.00: Marit Anmarkrud og Solborg Folkehøgskule dramatiserer og formidler enkelte tekstar.

Torsdag 16. januar kl. 12.00: Marit Anmarkrud og Solborg Folkehøgskule dramatiserer og formidler enkelte tekstar.