Kyrkjebasar til helga, og sjå resultatet frå i fjor!

Det blir i år igjen basar i Fogn Kyrkje.
Det skjer Lørdag 16 nov kl 18.30
Programmet er slik:
-Musikk ved messing
-Tale for kvelden av Esther Moe
-Ei musikalsk overrasking med lokale krefter
-Servering av boller, kaker og pølser
-Basar med flotte gevinstar og egen loddbok med gevinstar for ungane

Pengane som kjem inn går til uteområdet, lyssetting på parkeringsplassen/tilkomsten til kyrkja.
Pengene som kom inn på basaren ifjor er brukt til og sette opp mur og legge stein ved ingang til kjellar og bårerom.

Me håpar på like god stemning som ifjor, og at det kjem masse folk.
Dette blir ein kjekke kveld

(Har du lyst og gi ein gevinst, så er me og takknemlige for det)

Spørsmål eller treng du skyss:
Ta kontakt med Øyvind (92090918)
eller Heidi (470 10 909)

Bilder under viser resultatet av basaren frå ifjor
John Sverre, Jonas og Øyvind har vore på plass med maskinar og vore med på klargjering og tilrettelegging.
Arne T har frå start til slutt lagt ned ein stor innsats på klargjering og legging av stein. Bjørn E har og vore mykje med på det.

Tore Nærland til Fogn 20. november

Tore Nærland.jpg

Tore Nærland, kanskje mest kjent som “fredssyklisten” frå Jæren, kjem til Fogn oppvekstsenter 20. november klokka 18.30, for å ha foredraget “Trå til for verdensfreden”. Underoverskrifta hans er

Sykling; Beijing - Alma Ata - Moskva - Bergen 1999

Sjølv om Nærland er bortimot blind, har han sykla verda rundt for fred.

Det er Fogn helselag som står som arrangør, og det vert enkel servering og gratis inngang!

Alle er hjarteleg velkomne!

Pressemelding om kyrkjekonsert

191105EdvOskarFolkBros1600.jpg

Oskar Nordbø kjem til Fogn Kyrkje fre.22. nov, for å ha konsert klokka 18.30. Med seg har han bror sin, Edvard ”Borneo” Nordbø som også er songar og musikar. Når desse to opptrer saman kallar dei seg ”The Folk Brothers”. Dette er ein del av ein kyrkjeturne i Rogaland. 

Oskar Nordbø arbeider for tida i ei menighet i Oslo, der han er leiar for ein kommunitet for ungdom som bl.a. driv med  tidebønner og undervisning og anna menighetsarbeid. Han er også aktiv i kristent  økumenisk arbeid i Oslo. Utanom er han deltids musikar, songar og låtskrivar.

Oskar har fått litt støtte til denne turneen frå Rogaland Fylkeskommune. Han har spela i mange kyrkjer i Rogaland og fått svært gode tilbakemeldingar frå folk med alle slags livssyn,og aldrar;  frå konfirmanter og eldre opp mot 80 år. Dette fordi songane er melodiøse og fleirstemte og dei spelar med lågt volum. Han kallar musikke Kloster-Pop. Tekstane inneheld alt frå reint kristent innhald  til andre eksistensielle spørsmål menneska i dag balar med. 

Oskar har tidlegare hatt release på fleire eigne låtar, men har no fått ein større platekontrakt. Denne sommaren har han derfor vore i studioet til Morten Harkets  bassist. Den første låten frå dette samarbeidet er no lansert.

Linker:

https://open.spotify.com/track/5zS9fda5FMzHWRdHfCuc5C…

Youtube: ”Amigo”: Oskar Nordbø og Georgia Follett.

https://www.youtube.com/watch?v=t1RJgB2uC1U

 Spotify: ”Tired of sleeping.”

https://open.spotify.com/track/4RFxFyr34n7v8bnZRqNwlG?si=B8Wzvm-rS-KHk_qPADx_qQ

https://www.youtube.com/watch?v=2jSCdAM6BEc

 Spotify:  “Loneliness” - YouTube

https://www.youtube.com/watch?v=6-zUv588FgY

Fognatomater sentrale i aktuell artikkel

Skjermbilde.PNG

NRK har laga ein omfattande nettartikkel om det skjulte matsvinnet i Noreg, der mellom anna sauer i Rakkestad, poteter frå Flisa og tomater frå Fogn står sentralt.

Den gravande journalistikken fokuserer på all maten som går til spille i eit samfunn som utad verker særs opptekne av lite matsvinn og kortreist mat. Det er både konkurranse mot importerte varer og “kravet om perfekte produkt” som fører til dette store matsvinnet. No høyrer det med til historia at det er lite kasting av tomater på Fogn, men utfordringa her er at tomatene gjerne ligg på lager så lenge at det går ut over holdbarheita, som igjen fører til meir matsvinn i butikkane og evt. hjå forbrukarane.

Takk til Arne Torgersen som våger å vere open om dette som heilt sikkert ikkje er populært å vere open om i ein knallhard marknad der pris og utsjånad diverre ser ut til å spele ei større rolle enn det som er ynskjeleg. Les heile artikkelen HER.

Tilbakeblikk på solidaritetsaksjonen

Bilde 24.10.2019, 16 26 22.jpg

I førre veke vart den tradisjonsrike solidaritetsaksjonen på Fogn oppvekstsenter arrangert, denne gongen til inntekt for born i Bangladesh. Rekordmange folk, både store og små, møtte opp og fekk med seg informasjon om prosjektet og “Blime-dansen” i gymsalen, før aktivitetar og matsal tok til. Det var ein heil del som sto “på menyen”, og vi listar opp:

  • Sal av suppe med tilbehør

  • Sal av kaker, saft og kaffi

  • Bruktmarknad

  • “Hud og hår”-avdeling

  • Spøkelseshus

  • Kasting på blikkboksar

  • Bottleflip

  • Sal av diverse varer frå innsamlingslanda til organisasjonen “Hei verden”

  • Loddsal og tippekonkurranse

Stemninga var på topp heile tida medan aksjonen sto på, og det kom totalt inn rekordmange 21 592 kroner til “Hei verden” sitt prosjekt i Bangladesh!

Sjå fleire bilete frå aksjonen under: