Flotte bilete og ny samling i Fogn fotoforum!

Fogn fotoforum, som er for alle som liker å ta bilete, skal ha ny samling på Fogn oppvekstsenter, onsdag 23. oktober klokka 18.00-19.00. På samlinga ser vi på bilete som er knipsa sidan førre samling, og så forklarar Stig Rolfsen oss litt meir om kva “lukkartid” og “blendaropning” er, og kva dette kan ha å seie for bileta vi knipsar.

Alle er hjarteleg velkomne!

Under er nokre av bileta som er knipsa sidan sist, og som er lagt ut i Facebookgruppa Fogn fotoforum!

Er du glad i å synge?

Kor.jpg

Vi vil gjerne invitere alle songglade gutar og jenter, damer og menn, som har lyst til å syngje i kor. Frå 5. klasse til 100 år….

Songane er kjente med både norsk og engelsk tekst. Det er ikkje krav om at du skal kunne syngje etter noter, eller kunne syngje andre stemmar enn melodistemma.

Songane blir henta frå sjangrane gospel, pop og country.

Dersom vi blir mange nok, har vi plan om å syngje på kyrkjebasaren den 16. november.

Vi øver desse kveldane i kyrkja:

  • Torsdag 31. oktober kl. 19.30

  • Torsdag 14. november kl. 19.30

  • Laurdag 16. november

Alle er hjarteleg velkomne!

Dette kan lett bli bra!

Dersom du lurer på noko, kan du ta kontakt med:
Wictor Juul 48898353 eller Hilde Folkvord Juul på 48869452.

Topptur i fine haustfargar!

DSC_0219.JPG

Mange turglade møtte opp til årets 4- og 7-toppstur. Dei fekk sjå Ryfylke frå si beste side med glimt av sol, vindstille, 10-12 grader og mange fine haustfargar.

Alle som gjekk, fekk både varme pølser, snackstomater, kvikklunsj, buff og t-shirt utdelt undervegs på turen. Idrettslaget takkar Joker Fogn, Østhus bygg&maskin, Windoornet, Stavanger Installasjon, Ryfylke Tomat og Kiwi Finnøy for bidrag.Med over 80 deltakarar vart det ein ny flott søndagstur på Fogn.

Den heldige vinnaren av gåvekortet, som vart trekt blant alle som fullførte, vart 8.klassingen Emma Grønås. Gratulerer.

Klikk her for å sjå bilete!

Avslutta med stil!

Foto: Julie Bø

Foto: Julie Bø

Fogn - Tasta 2: 4-1 (1-1). På ein blaut og tung grasbane viste Fogn seg etterkvart klart best, og vann solid mot eit Tasta-lag dei tapte 5-2 mot på bortebane tidlegare i haust.

Det såg (som vanleg) noko tynt ut i rekkene hjå heimelaget før start. Det var i utgangspunktet 14 spelarar som hadde meldt frå om at dei skulle stilla, men når to anonyme byassar les feil på ferjerutene og ein ikkje navngitt dyrlege må ut på oppdrag tett opp mot kampstart, så var plutseleg berre akkurat at vi hadde eit lag. Heldigvis rakk dyrlegen kampstart, og sidan det alltid går ei ferje til Fogn, så kom dei to siste i løpet av 1. omgang, og bidrog til at Fogn hadde ein sterk benk.

Fogn kom til eindel sjansar i løpet av dei første 20 minutta, og fekk mellom anna eit mål annulert for offside, ein offside som kun dommaren og nokre Tastaspelarar meinte var korrekt. Men berre minutter seinare var det ingen som kunne ta frå Fogn det første målet i kampen. Sondre Sandanger Sørhiem, som for øvrig til dagleg arbeider som dyrlege, kom fri på høgresida, og sette på turbofarta. Han kom inn i 16-meteren, der Tasta sin midtstoppar måtte ta i bruk ulovlege midler for å stoppe han, og dommaren peika på straffemerket. Det kunne sjå ut som om Tastakeeperen hadde gjort heimeleksa si, og studert kvar Fogn sin faste straffeeksekutør plasserer straffane sine. Det han derimot ikkje hadde full kontroll på, var kven som var kven av heimelaget sine spelarar. Då Jakob Bø overlot straffeansvaret til Sondre, som sette ballen i motsett hjørne av kva Jakob plar å gjera, gjekk i alle fall keeper feil veg, 1-0 til Fogn!

Så er det diverre ofte slik, både på høgt, og som i dette tilfellet, særs lavt nivå, at laget som nettopp har fått eit mål imot, svarar med ei rask skåring. Tastaspissen utnytta litt dårleg kommunikasjon og mangel på besluttsomhet i Fogn sitt forsvar, og kunne plutseleg spasere inn utlikninga i eit opent mål, 1-1, ei stilling som sto seg til pause.

I andre omgang var det bortelaget som starta best, og det var berre back Pål Rune Grønås si redning på streken som sto i vegen for eit leiarmål til Tasta. Men frå omlag 5 minutter av 2. omgang og ut kampen, handla det aller meste om det mørkeblå heimelaget.

2-1 skåringa kom etter at Fogn vart ståande oppe og pressa etter ein dødball. Nemnde back Grønås kom til eit farleg innlegg frå si høgreside, og Fognaspelerane sto nærast i kø for å setje ballen i mål. Ivar Opsal fekk stussa ballen vidare til Tor Olav Bø Måkestad sin pannebrask, og han lot seg ikkje be to gonger, 2-1 og vill jubel på Fogn stadion!

Den neste skåringa kom også etter innlegg frå høgresida, denne gongen ein corner frå Sondre. Jakob sitt hodestøt vart blokkert, men sonen Jørgen Bø kom til avslutning mot keeper, som måtte gi retur. Der var Anders Ronæss Hansen på rett plass til rett tid, og sette ballen i det tomme buret, 3-1!

Og som om det ikkje var nok, så gjensto fortsatt det store høgdepunktet. Anders førte ballen fram på si høgreside, og Fogn sine spelarar stupte inn i boksen. Innlegget til Anders vart likevel slått inn på omlag 20 meter. Der sto Jakob og lada venstrefoten, før han small til på heil volley. Ballen fauk som eit prosjektil inn til venstre for keeper, Jakob feira som Jûrgen Klinsmann ved å skli på magen mot publikum, 4-1!

4-1 vart også sluttresultatet i kampen, som altså var Fogn sin siste for denne sesongen. Fasiten etter endt sesong vart 14 poeng og ein sjuendeplass på tabellen. Det høyres ikkje så galt ut, men det må nemnast at det berre ver åtte lag i pulja… Det var uansett grunn til å feire, og idrettslaget serverte kake til både spelarar og frammøtte etter kampen!

Så gjenstår det berre å ynskja spelarane ein god treningsvinter og publikum hjarteleg velkomen attende til Fogn Stadion til våren!

Foto: Anders Sandanger

Foto: Anders Sandanger

Snart 7- og 4-toppstur!

Sundag 20. oktober arrangeres årets 7- og 4-toppstur. 7-toppsturen startar på Hovda klokka 12:00, og ein går over følgjande toppar: Eikhaug, Borgaråsen, Himråsen, Peråsen, Domfjellet, Ørnakulå og Varhaug. Dei fire sistnemnde toppane utgjer 4-toppsturen, og har start med skulen kl. 12:30. 

På dei fleste toppane ventar det ein "overaskelse" levert av ulike sponsorar til turen. Det er gratis å delta!

Under kan du sjå video frå tidlegare toppturar:

Velkommen til årets siste kamp!

Fogn+IL.jpg

Laurdag 12. oktober klokka 13.45 spelar Fogn IL sitt A-lag i fotball sin siste kamp for sesongen. Dette skjer heime mot Tasta 2, som Fogn tapte 5-2 mot på bortebane. No får dei altså sjanse til revansj, i tillegg til å avslutta ein elles nokså svak haustsesong på ein god måte.

Etter kampen vert det servering av kake til alle frammøtte, som takk for god støtte denne sesongen!

Velkommen til kamp på Fogn Stadion!