Årets viktigaste søndagstur?

tva_facebookcover_5.jpg

Søndag 20. oktober er det klart for årets TV-aksjon, som har fått tittelen “Nå er det hennes tur”. TV-aksjonen skal gi 400 000 kvinner moglegheit til å tena sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og få si stemme høyrt.

Til innsamlinga trengs det bøssebærarar, også på Fogn! Innsamlingstidspunktet er mellom klokka 16.00-18.00 på søndag 20. oktober, og dei som vil vera med kan anten melda seg digitalt ved å klikka HER, eller gi beskjed til Heidi (47010909) eller Merete (95778277).

Internasjonalt møte på Sæbø

Ebenezer.png

Måndag 30. september vert det eit møte med internasjonalt snitt i løa til Unni og Jon Olav Østhus på Sæbø. Det er organisasjonen Ebenezer Operation Exodus som arrangerer møtet, der Johannes Barthel frå Tyskland formidler gamle profetier inn i dagens aktuelle nyhetsbilete. Barthel snakkar engelsk, og det vert tolka ved behov.

Møtet byrjar klokka 19.00, og alle er hjarteleg velkomne!

Helselaget samler inn penger til demensforskning!

Demens.jpg

Demens kan ramme oss alle - deg, meg eller en vi er glad i.

I dag lider 80 000 mennesker av demens, 350 000 pårørende er berørt. Fordi befolkningen i Norge blir stadig eldre, vil sykdommen ramme flere og flere. Dagens forskning på demens er morgendagens medisin.

Støtt forskningen i dag!

Helselaget på Fogn vil samle inn penger utenfor butikken på fredag 27.09 fra klokken 16-18 og på lørdag 28.09 fra klokken 11-14. Vi byr på gratis vafler, og håper du vil komme og støtte demensaksjonen 2019!

Vi kan motta Vipps eller kontanter.

Eit fotoforum vert til!

public.jpeg

Måndag 23. september stilte 7 personar opp på ei samling knytta til fotografering på Fogn. Tanken med samlinga var å lufte interessa for eit slags forum for dei av oss som liker å knipse bilete, der ein kan dele tips og triks, og gi tilbakemeldingar på bilete som andre har tatt.
Dei oppmøtte såg på ulike bilete, og snakka litt om tips og triks, før dei vart einige om å møtast igjen til ei ny samling onsdag 23. oktober klokka 18.00 på Fogn oppvekstsenter. Før neste samling skal dei som vil knipse nokre bilete med temaet «haust» i tankane. Dette “oppdraget” kan gjelda alle, også dei som ikkje var på denne første samlinga!

Samlingane er opne for alle som vil få og/eller gi fototips, og det er ikkje krav om at ein har det og det fotoutstyret. Ein mobil held ofte i massevis!

Vil du ha asfalt?

Resurfacing-Roads-Bergen-County-NJ-Riggi-Paving.jpg

Det skal igjen asfalterast på Fogn, og når ein først skal asfaltera, er det gjerne nokon som ynskjer å asfaltere private vegar og gårdsrom i same slengen. Når fleire “melder seg på”, vert det også ofte billigare per kvadratmeter.

Dersom nokon ynskjer ei uforpliktande befaring og pris knytta til eit mogeleg asfaltprosjekt, må dei ta kontakt med Øyvind Sandanger på 92 09 09 18 snarast.

Fotoklubb på Fogn?

IMG_7633-1450x909.jpg

Er du glad i å ta bilete? Veit du om gode plasser å ta bilete på Fogn? Har du nokre blinkskudd du ville ha vist, eller lurer du på korleis du kan redigera bilete i etterkant for å gjera dei enno betre?

Stig Rolfsen har lenge gått med ein tanke om å samle ein gjeng frå Fogn som har det til felles at dei liker å ta bilete. Desse kan dele erfaringar, tips og triks med kvarandre, og kanskje bli einige om å fotografere eit bestemt tema, og så sjå på bileta saman i etterkant. Kanskje det hadde vore interesse for ei fotoutstilling med bilete frå Fogn, eller kanskje ei Facebookgruppe med “Fognafoto” hadde vore noko?

Stig delte desse tankane med Håvard Østhus for ei stund sidan og no vil desse to invitere alle som kjenner at dette kan høyrast interessant ut, til ei samling på Fogn oppvekstsenter, måndag 23. september klokka 19.00. Her vil ein samtala om kva ein eventuelt kunne tenkt seg å gjort knytta til dette med fotografering på Fogn.

PS! Stig understreker at ein ikkje treng all verdas fotoutstyr for å stille på samlinga. Mobilkamera held ofte i massevis!

Velkommen!