Kamp for Fogn A-lag i morgon
/Det blir kamp på Fogn Stadion i morgon, klokka 19:00. Madla 3 kjem på besøk!
Møt opp!
Din portal til perla i Ryfylke!
Praesent commodo cursus magna, vel scelerisque nisl consectetur et. Curabitur blandit tempus porttitor. Fusce dapibus, tellus ac cursus commodo, tortor mauris condimentum nibh, ut fermentum massa justo sit amet risus. Cras mattis consectetur purus sit amet fermentum. Cras mattis consectetur purus sit amet fermentum.
Det blir kamp på Fogn Stadion i morgon, klokka 19:00. Madla 3 kjem på besøk!
Møt opp!
Sola skein og mange blide born og vaksne møtte opp i toget som starta på skulen. Det blei eit fantastisk fint tog, med flag, 17.mai-komite, korps, faner, born, vaksne, bilar og traktorar. I kyrkja hadde 7.klasse barnas tale, alle elevane sang “Det går et festtog gjennom landet”, Norene Sørdal sa nokre fine ord om tollaren Sakeus. Deretter returnerte toget til skulen, der det var duka for matøkt, kiosksal, aktivitetar og konkurransar.
17.mai i 2019 var den aller siste nasjonaldagen vi feira med Finnøy som kommunenamn. Ordførar Henrik Halleland fekk æren av å vere den som heldt heldt tale på folkefesten, om kvelden. Henrik heldt ein god tale med mange historiske fakta og avslutta talen med å sitere ei brev-veksling Arne Garborg hadde hatt med ein god ven. 17.mai komiteen hadde også underholdning, sang, musikk, forslag til vegnamn, bomring og mykje anna som ein kunne le av. Det heile vart avslutta med eit heidundrande fyrverkerishow som Trond Egil Sivertsen styrte.
Under kan du sjå bilete frå toget:
Slik blir 17.mai på Fogn:
Kl 0800 Kransenedlegging ved bautaen på Eide.
Kl 0915 Oppstilling i tog ved oppvekstsenteret. Flaggheising. Messing spelar opp.
Kl 1015 Samling i kyrkja. Ord for dagen v/ Norene Sørdal. Barnas tale. Sangopptrinn og allsang.
Kl 1130 Matøkt på skulen. Kiosksalg med bl.a. pølser, brus, is og kaffi.
Kl 1230 Aktivitetar for barn i bingen. Godteposeløp for dei under skulealder. 1.-10. klasse: Gratis aktiviteter i bingen. Felles premiering.
Kl 1300 Aktiviteter for barn og vaksne. Kjøp aktivitetskort for kr 100,- og velg 6 aktiviteter. Elles har me lykkehjul, loddsalg og tippekonkurranse.
Kl 1445 Avslutning med premieutdeling.
Me har VIPPS, kortautomat og kontant betaling!
Kl 1500 Helikoptertur ved Andre Graadahl frå Fonnafly. Kr 500,- pr. person Billett til dette kjøpes på førehand ved loddsalget.
Kl 1930 Folkefest for dei frå 8. klasse og oppover.
Festtale ved ordførar i Finnøy: Henrik Halleland.
Matservering. Lokal underhaldning.
Dørene opnar kl 1845
Inngong: Kr 250,- pr person, max kr 750,- pr. fam (born t.o.m.19 år)
Kl 2300 Fyrverkeri
Vel møtt til ein festdag!
Grendalaget arrangerer fleire dugnadar framover, knytta til turstiar og rydding av kulturlandskap. Det er meldt bra vèr, og vi trur på både godt arbeid og god stemning!
Laurdag 11. mai kl. 14.00 - Turstiar
Oppmøte på butikken. Det skal gjerast diverse arbeid på turstiane frå butikken til Erås og frå Erås til Domfjellet. Ta gjerne med hammar (pålar skal bankast ned), hanskar og hagesaks. Heidi har regien, og har saman med Øyvind ordna med naudsynt utstyr elles.
Måndag 13. mai og tysdag 14. mai kl. 17.00 - Rydding av kulturlandskap
Grendalaget har søkt om, og fått positivt svar frå Finnøy kommune, knytta til rydding av kulturlandskapet på kommunal tomt langs vegen ner mot ferjekaien. På denne måten kan vi få sjå meir av den flotte utsikta som eigentleg er langs vegen her. Vi har avtalt at folk kjem med både motorsager og flisekuttar, men vi treng hjelp frå så mange som mogleg til rydding av greiner og diverse! Ta med hanskar og gjerne ei hagesaks.
Velkommen til å vere med på dugnad!
Hilsen Fogn Grendalag
Onsdag 8. mai hadde styret i Fogn grendalag sitt første styremøte etter årsmøtet tidlegare i vår. På årsmøtet vart det klart at Ole Klingsheim fortsette som leiar, og styret valde Håvard Østhus til å vere sekretær. Styret jobber også med å finne ein kasserar, men kven som får denne rolla er enno ikkje heilt avklart.
Elles vart styret samde om at ein framleis vil arbeide innafor dei områda som vart definerte i fjor, nemleg samferdsel, bulyst, kulturlandskap, turstiar og turisme. Alt i morgon er det eit møte mellom styret i grendalaget og politikarane frå Fogn, der særleg samferdsel står på agendaen.
Det kjem meir informasjon frå arbeidet i grendalaget, og korleis folk kan fylgje med på kva som skjer på styremøtene i nær framtid.
Det er tid for årets ryddeaksjon. Frå 29.april til 3.mai har kommunen ståande ein søppelcontainer ytterst ved ferjekaien. Søppelposar frå Øyposten kan hentast på Joker Fogn.
Me oppfordrer folk til å hente søppel langs veg, turområde og strender der dei bur. Ta det med til kaien og hiv det i søppelcontaineren.
Bremnes Seashore kan hente sekker langs sjøen ved behov. Dei vil og sponsa med 100 kr for kvar
søppelsekk som blir samla inn. Merk søppelposen med namnet på det laget/organisasjonen du vil skal få pengene. Evt skule/barnehage.
Fogn grendalag oppfordrer alle til å bli med på årets søppeldugnad!
Me arrangerer felles tur til Skinnvika onsdag 1. mai kl 16 kor me henter søppel langs turstien og på stranda.
Foto: Håvard Østhus
Powered by Squarespace