Knusande seier til Fogn i sessongåpninga

26.april var det duka for sesongåpning for Fogn A-lag. Både Fogn og Tjensvoll 2 hadde mål om 3 poeng i den fyrste kampen. I surt vestlandsver kom laga ut på den strøkne grasmatta på Fogn Stadion. Fogns utvalgte varma opp i eit knapt kvarter, før kampen vart sparka i gong. Fogn pressa jamt frå start, og etter 31 minutt fekk Håvard Østhus kriga ballen i mål.

Like før pause scora Pål Rune Grønås på eit frispark frå omlag 30 meters hald. Ballen traff like under krysset, eit drømmetreff av trønderen.

Fogn var med godt mot i pausen, og dei frammøtte hadde verkeleg trua på dei blå. Andre omgang fortsatte som fyrste, Sondre Sandanger Sørheim og Jakob Bø, scora kvar sitt mål med 5 minutt mellomrom. Ein perfekt start på sesongen

Neste heimekamp er 24.mai mot Madla 3.

Under kan du sjå bilete frå kampen:


Møt opp på sesongstarten!

Fredag er det seriestart, og nye muligheter til å skapa minnerike opplevelsar med Fogn a-lag. Det blir nok vanskeleg å gjenskapa dramatikken frå Finnøykampen i fjor, men det blir nok mykje kjekt på Fogn stadion i år og. Sidan laget ikkje har hatt treningskampar blir det spanande å sjå kor gode dei er i forhold til dei andre laga. På fredag er det heimekamp mot Tjensvoll 2 Kampen starter 19.00.

Vel møtt!

Fogn+IL.jpg


Søndagstur til Helgøy i Årdalsfjorden

Følgande pressemelding frå Øyvind Sandanger:

Viss du/dåkk har lyst å bli med på Søndagstur til Helgøy I Årdalsfjorden så er det mulighet nå på Søndag 28/4.
Nå er det midt i blomstringa i dei nye store frukthagane der så det er ett flott syn. Ellers er det tursti, og fine veier og gå tur på. 
Dei lokale kjem til og guide og fortella alt som er verdt å veta. 
Satse på avgang frå Sørvåg (Fogn) med ein av Helgøy Skyssbåt sine båtar klokka 14.00 slik at alle kan eta middag før avreise og ta med seg kaffi/kaffimat på turen
Pris for båtskyss tur/retur:
Familie: 350
Vaksen:150
Barn:50

Meld deg på til meg (Øyvind) innan Lørdag 27/4 klokka 16.00
Tlf: 92090918
Ring eller send mld.

Håpar mange vil bli med.

(Folk frå andre plasser enn Fogn er og hjertelig velkomne til å bli med, men avreise stad er Sørvåg for alle)

Bilde er tatt igår av Anne Norunn Helgøy

57591508_1205692856280013_6640658212922064896_n.jpg

Ny salsrekord på påskebasaren

Påskeafta vart den tradisjonsrike påskebasaren arrangert. Det var strålande sol, og mange hadde møtt opp for å få med seg trekninga. Idrettslaget serverte kaker, lappar, tomater og kaffi. Like før trekninga, kunne leiiar i idrettslaget, Jakob Bø melda om ny salsrekord, det var nemleg solgt lodd for 89 700 kr. Det var mange flotte gevinstar, gitt av bedrifter og privatpersonar i nærområdet. Det var lett å sjå at folk koste seg på basaren.

Under kan du sjå bilder:



Det skjer på Fogn i påska!

Påskehøgtida på Fogn:

Fredag 12.april kl. 18:30

Jentelagsbasar på bedehuset. Andakt v/Kari Synnøve Nord-Varhaug. Innslag av Tøff og Nådig. Det blir boller, saft og kaffi. Mange flotte gevinstar. Arr. Jentelaget Vårvon

Palmesøndag

Kl. 12:00 - Påskevandring på Nordre Vignes på Finnøy. Start mellom 12:00 og 13:00. Ferje frå Fogn 11:40. Søndagsskulen på Finnøy arrangerer. Pga. dette blir det ikkje møte eller søndagsskule/ring på Fogn. Påskevandring på Finnøy anbefales.

Kl. 17:00 - Motbakkeløp. Ørnaukulå opp. Les meir her

Onsdag 17.april fra kl. 18:00.

Loddselgjerar kjem på dørene i hytter og hus. Trekning på påskeafta. Inntektene går til Fogn Idrettslag.

Skjærtorsdag

Kl. 11:00 - Nattverdmøte på bedehuset. Songinnslag. Tale av Håvard Østhus

Kl. 14:00 - Eggkoking i Domfjelldalen. Parkering ved Erås Museum. Eller gå frå der du vil, så møtes med ved bekken. Ta med eigen mat. Det blir quiz og frukt. Arr. Fogn Helselag

Langfredag kl 10:30

Pasjonsgudsteneste v/ Terje Engstrøm

Påskeafta

Frå 09:00 - Påskebasar på butikken. Loddsalg frå kl. 09:00. Servering av lappar, kake, saft og kaffi. Trekning kl. 14:00.

21:00 - Grandiosakveld på skulen. Pizza og andakt. Frå og med 8.klasse Arr. Fogn Kr. Ungdomslag.

1. Påskedag

Kl 11:00 - Høgtidsmøte på bedehuset. Songinnslag. Arne Borgemyr talar. Kollekt til NLM.

Kl. 18:30 - Høgtidsgudsteneste v/ Tor Egil Eriksen. Songinnslag. Nattverd. Takkoffer til Åpne Dører.