Kom på tacokveld!

Styret i Helselaget har i år bestemt å kutta ut den tradisjonsrike sundagsmiddagen. I staden ynskjer me å prøva oss på eit nytt og spennande alternativ. Etter mange rundar med gode innspel, landa me på TACOBUFFÉT. Me skal laga ein variert og rikhaldig tacomeny med mange gode smakar, og som passar for alle. Etterpå blir det dessert, tilpassa menyen.

Laurdag 9.februar på skulen frå klokka 1800 – 2100, med open buffét mellom klokka 1800 og 1900.
Påmelding på sms til Oddbjørg tlf. 94 12 92 33, innan tysdag 5.februar
Pris:
Vaksne o/10 år 150 kroner
Born u/10 år 50 kroner
Familie maks 500 kroner
Du kan betala med vipps eller kontantar.
For dei som ønskjer blir det anledning til å spela forskjellige brett – og kortspel.

Du er invitert til Fogn kyrkje fredag 8/2 kl. 18.30

Soknerådet i Talgje sokn godkjente hausten 2016 ein redaksjon til å laga jubileumsskrift: 

Fogn kyrkje 25 år. Sidan då har redaksjonen arbeidd jevnt og trutt. Jubileumsskriftet er ferdig og blir lansert i Fogn kyrkje 8. Februar!

Det blir ein forteljarkveld, med nokre av dei som har skrive artiklar i Jubileumsskriftet. Frå prestane deltek Tor Egil Eriksen.


Ansvarskomiteen i Fogn kyrkje sørger for varm suppe, kaffi, te og kaker.

Ein kan kjøpa jubileumsskriftet til kr. 150,- i løpet av kvelden.

Ottar Sandanger tek imot betaling med kontantar og vipps.


Programmet varer til omlag 21:30.

Vi inviterar til å bli med etter kl. 21:30 for å høra, fortelja, spørja og dela minne.


Hurtigbåt frå Fogn til Stavanger kl. 21:45

Ferja frå Fogn til Judaberg kl. 22:45 og 23:15


Alle som er eller har vore tilsett i Fogn kyrkje får eigen invitasjon og det same får Talgje sokneråd sine medlemmar. På Fogn er det mange menneske som på ulike vis har vore med å bidratt til at kyrkja blei bygd og mange som setter pris på kyrkja. Denne kvelden er for alle.

Velkomen!

Reisa TIL Fogn:

Ferja går 18.00 frå Judaberg og er på Fogn 18:15

Hurtigbåt frå Stavanger 17:45 og er på Fogn 18:15

Treng du skyss frå kaia på Fogn til kyrkja, gi beskjed til:

Dag Olav Sæbøvåg tlf. 90 73 70 71 

Venleg helsing redaksjonen, Ottar Sandanger, Eilef Gard, Berner Meling og Else Jorunn Løland Vold i samarbeid med Ansvarskomiteen i Fogn kyrkje

Omslagsbilete framside siste.jpeg



Engasjerande om vegnamn!

IMG_7320.JPG

Omlag 50 Fognbuar møtte opp på Oppvekstsenteret då Grendalaget kalla inn til folkemøte om nye vegnamn, onsdag 16. januar. Grendalagsleiar Ole Klingsheim leia møtet, der Øystein Sandanger presenterte forslaget frå vegnamnnemnda i Finnøy Kommune, som han sjølv er med i. Sjå forslaget nedst i denne saka. Etter ein kort presentasjon frå Øystein, var det tid for spørsmål og innlegg frå salen, som skulle nyttast som grunnlag for høyringssvaret som Grendalaget skal koma med til Finnøy Kommune.

Eit stort spørsmål var om vegen rundt Fogn skulle delast inn i to vegnamn, eller om den berre skulle ha eit namn. Her var det eit nokså klart fleirtal for at vegen skulle ha eit namn, og at namnet “Fognavegen” då var naturleg. Det kom også inn mange forslag til namn på stikkvegane som ligg langs “Fognavegen”, og desse forslaga kjem med i høyringssvaret frå Fogn Grendalag. Vi vil leggje dette svaret ut her på Fogn.org, når det er klart.

For å sjå heile forslaget frå Finnøy Kommune, og for å få informasjon om korleis ein sender inn eige høyringssvar, klikk HER.

Det opprinnelege forslaget frå vegnamnnemnda såg slik ut:

Fogn vegnamn forslag.JPG

Velkommen til folkemøte om vegnamn!

vegnavn.jpg

Grendalaget inviterer til folkemøte om vegnamn her på Fogn, onsdag 16. januar klokka 19.30 på Fogn oppvekstsenter.

Bakgrunnen er eit høyringsframlegg frå Finnøy Kommune om vegnamn på ikkje-landfaste øyar. Framlegget er utarbeidd av ei vegnamnsnemnd oppnemnd av formannskapet, og der Øystein Sandanger er med frå Fogn.

Sak og høyringsframlegg vert presentert, og det vil vere høve til diskusjon og innspel. Basert på dette vil grendalaget utarbeide sitt høyringssvar. Det er også høve for alle som ønskjer å sende eige høyringssvar på eit eller fleire av dei føreslegne vegnamna.

Vel møtt!

Ole Klingsheim
Leiar i Fogn Grendalag

Mange deltakarar på volleyballcupen

DSC_0455.JPG

Sundag 30.desember var det duka for årets volleyballcup. Det var god stemning blant spelarar og tilskodarar som var møtt opp i gymsalen. Seks påmeldte lag; Magnificent 7, Nederlaget, Vinnerlaget som tapte i fjor, Østhusane, Team Rocket og Randaberg. Før arrangementet vart sett i gang, delte Ottar ut premie til Anders Sandanger og Jakob Bø. Dei hadde gått Fognamarsjen for 30. gong i år. Dei fekk ein ostehøvel frå Sølvsmeden.

Deretter vart laga delte i to puljer, der dei to beste laga i kvar pulje gjekk vidare til semifinale. Kampane i gruppespelet var ett sett til 25.

Semifinalane var tre sett til 25, og finalen lik semifinalane.

Puljene endte slik:

Pulje 1:

  1. Nederlaget

  2. Østhusane

  3. Team Rocket

Pulje 2:

  1. Vinnarlaget som tapte i fjor

  2. Magnificent 5

  3. Randaberg

I pulje ein gjekk Østhusane og Nederlaget vidare, medan det i pulje 2 var Vinnarlaget og Magnificent 7 som gjekk til seminale.

I semifinalen vann Magnificent over Nederlaget etter siger i begge sett.

I den andre semifinalen vann Vinnarlaget over Østhusane.

I finalen stod kampen mellom Magnificent og Vinnarlaget. Desse laga hadde møtt kvarandre i gruppespelet. Då stakk Vinnarlaget av med sigeren. I finalen såg det lenge ut til at utfallet skulle gjentas.

Men etter halvspelt fyrste sett, snudde Magnificent kampen og vann to strake sett. Vandrepokalen gjekk difor til laget som bestod av følgjande spelarar:

  • Lene Flesjå

  • Ingvild Midtbø

  • Simon Idsøe

  • Berner Meling

  • Kristian Sandanger Iversen

Bronsefinalen vart vunnen av Østhusane.

Det var eit flott arrangement med mykje folk! Ein fin avslutning på eit flott sportsleg år for Fogn Idrettslag.

Under kan du sjå bilete: