Romjulsmarsj og Romjulscup i Volleyball

Tradisjonen tro blir det arrangert Romjulsmarsj og Romjulscup i Volleyball på Fogn søndag 30-desember.

Romjulsmarsj starter klokken 1700 fra skolen, og løypa er Bø-Høgaste-Erås før retur til skolen. 50 NOK per deltaker, max 150 NOK per familie. Gløgg og pepperkaker serveres etterpå.

Volleyballcupen i gymsalen starter kl.1800. Blanda lag med minimum 2 menn/damer per lag. Påmelding av lag fra 8.klasse og oppover på Facebook eller til Pål Rune Grønås på 970 40 089. Dersom du ikke har lag er det mulig å melde seg på likevel, så ordner idrettslaget resten.

Fogn Idrettslag

Flott julefest på Oppvekstsenteret!

Tysdag 18.desember var det juletrefest i gymsalen. Barnehageborna kom i Lucia-tog opp på scenen og sang ein song. Isadora, Viktoria, Aleks og Simon skreiv seg inn i skulen og fekk kvar si skrivebok, visk og blyant. Alle klassane på skulen framførte sine julespel; Josef og Maria, Snikkar Andersen, Fognanissen og Så går vi rundt….

Gang rundt juletreet og ei matøkt stod og på programmet. Kvelden vart avslutta med Deilig er jorden.

Fin julekonsert

Sundag 16.desember var det “Syng jula inn” i Fogn kyrkje. Både Messing, TøfFOGNådig, Fognakoret, samt fleire lokale musikarar bidro i den vel time lange konserten. Det var mange som hadde møtt opp for å høyra på. Nærare heile fyrste salen var full. Det var ein innhaldsrik konsert med mykje variert. Dag Olav hadde ein andakt.Det var ein flott konsert med fellessong, solosong, og kor. Under kan du sjå bilete:

Julestemning på Joker Fogn

Søndag 16.desember blir det julegrøt og juletresalg på Joker Fogn. Julegrøt fra klokka 14:00-15:00 i lagerbygget (butikken er åpen fra 14:00-18:00) Butikken stiller med gratis grøt, saft og kaffi. Julenissen har meldt sin ankomst klokken 15:00 med godtepose til ungene. Juletrea har ankommet og kan kjøpes/reserveres. Dei leveres gratis hjemkjørt på Fogn. Pris 399kr pr tre.

Åpningstider butikken:

Søndag 16.12 14:00-18:00.

Søndag 23.12 14:00-18:00.

Julaften 24.12 09:00-12:00

Framtidige ferjeruter er klare

Foldøy ferje.jpg

Det har i lengre tid vore jobba med nye ferjeruter i Finnøysambandet. Det er litt uklart når rutene skal byrja å gjelda, då det først var sagt at dei skulle tre i kraft 1. januar 2020, medan det i ettertid har blitt hevda at dei skal gjelda frå 2021.

Uansett når dei kjem, nye ferjeruter vert det. Og no har det ruteforslaget som fylket skal leggje ut på anbud blitt offentleggjort. Rutene kan de sjå ved å klikka HER.

Ulike ruteforslag har vore ute på høyring, og dei rutene som no ligg føre, er i utgangspunktet endelege. Vi tenkjer likevel at det vil kunne vere nyttig å gi tilbakemelding dersom nokon ser at noko med rutene er “heilt gale”. Gi i så fall beskjed til leiar i Fogn grendalag, Ole Klingsheim.