Fognameisterskap og Fognaløp til helga!

Søndag 2. september går årets Fognaløp og -meisterskap av stabelen. Kl 13.00 går startskotet for 5 og 10 km løypa, og idrettslaget oppfordrer alle (uansett alder) som liker å springe eller gå fort til å bli med. Startavgift for dei over 16 år er 100,- det vert premiering til vinnarar i dame- og herreklasse på begge distansar. I målområdet vert det som vanleg god stemning, frukt og grønt! Det tradisjonsrike Fognameistermeisterskapet for born i alle aldrar starter kl.14.30, og her er det premiering til alle. Velkommen til store og små!

Gjekk på smell i åttendelsfinale

Haustsesongen vart sparka i gang att med cup-oppgjer. Det var duka for 2. runde i Rogalandscupen. Madla 3 ligg i same divisjon som Fogn, det var difor ingen straffar før kampstart.

Fognaspelarane har hatt mange veker utan kamptrening og det gjekk ikkje mange minuttar frå dommaren bles kampen i gong, før dei låg under. Ingen god start på kampen, men det verka som dette tente heimelaget. For det gjekk ikkje lang tid før det stod 1-1. Malvin Christiano Skartveit serverte ein flott pasning til Sergejs Kononovs, han lada skuddfoten og ballen fauk inn i nettmanskane. 

Håpet om kvartfinale levde ei lita stund, men bortelaget laga to raske mål. Dermed stod det 1-3 i målprotokollen. 

Men eit lite håp vart tent like før slutt. Då fyrte Johannes Hovda av eit hardt skot, som keeper klarerte, men Martin Østhus var raskt frampå og kriga ballen i mål. 2-3. Då var planen klar for siste del av kampen for heimelaget, alle mann i angrep og å settje inn eit utlikningsmål. Det gjekk ikkje og bortelaget scora to mål til, før dommaren bles av kampen.

Kampen endte 2-5.

Under kan du sjå bilete:

Foto Kristian Iversen

Går Fogn til kvartfinalen?

Fogn IL.jpg

Etter at Fogn slo ut rival Finnøy i ein nerverpirrande kamp i førre runde av OBOS-cupen, skal laget no ut i åttendedelsfinale mot Madla 3. Kampen går på Fogn Stadion, fredag 24. august, klokka 19.00, og det er venta å verte eit tett og jamnt oppgjer mellom dei to 7. divisjonslaga. 

For Fogn, som har slitt litt i serien i år, kan denne cupen verta ei skikkeleg gulerot denne sesongen, og no er altså kvartfinalen berre ein kamp unna!

Møt opp og hei fram dei mørkeblå frå Fogn!

Klart for Fognamarsjen 2018

Søndag 19. august ynskjer Fogn IL velkommen til den 30. Fognamarsjen.

Start frå Fogn Oppvekstsenter, mellom kl. 15.00-17.00. Marsjen går rundt øya, om lag 10 km.

Startkontingent: 100 kr pr deltaker. Max 300 kr pr familie.

Det vert høve til kjøp av brus/sjokolade ved Selvåg.  

Ved å klikke her kan du sjå oppdatert deltakerliste. Premiering kvar 5. gong ein fullfører marsjen.

Oppmodar spesielt dei som deltok på dei første marsjane, og som med åra har dabba av, om å møta opp søndag den 19. august og ta opp att ein god tradisjon. 
 

Premiering: 

1. gong: Bronse-medalje

5. gong: Sølv-medalje

10. gong: Gull-medalje

15. gong: Elite-staup

20. gong: Enda eit staup

25. gong: Kakespade

 

Fogn IL ynskjer alle velkommen!

Skjermbilde+2017-08-13+kl.+18.07.35.png