Tour of Norway for kids til Fogn 9. juli!

Tour of Norway.jpg

Etter den store suksessen i fjor, vert det også i år gjennomført Tour of Norway for kids på Fogn til sommaren! Alle detaljane er ikkje klare enno, men det folk alt no kan gjere, er å sette av måndag 9. juli, som er dagen då "sirkuset" kjem til Fogn!

Tour of Norway for kids består av korte sykkelritt for barn i alle aldrar, og alle som deltek får både t-skjorte og andre sportsrelaterte artiklar. I tillegg blir det trekt vinnarar av diverse flotte gevinstar, mellom anna ein sykkel! På toppen av det heile er det knallgod stemning i start/målområdet, TV-team frå TV2, sal av diverse og eigen speaker som held "trøkket" oppe  heile tida arrangementet pågår!

Sjå TV 2 sitt innslag frå fjorårets Tour of Norway på Fogn ved å klikke HER (Facebook)

Det skjer på Fogn i påska 2018!

IMG_2148.JPG

Påska på Fogn er godt i gong, noko ein kan sjå på biletet over, som er henta frå jentelagsbasaren fredag 23. mars. Her var det veldig mange folk, veldig mange gevinstar og veldig god stemning! Når det i tillegg kom inn veldig mykje pengar, må ein kunne seie at det var ein veldig vellukka basar! Men basaren er berre det første av mykje som skjer på Fogn i påska 2018!

Søndag 25. mars
Etter å ha gått "hardt ut", og sagt at det skjer så mykje på Fogn i påska, er det kanskje litt rart å først nemne ein dag der det skjer særs LITE på Fogn denne påska, nemleg palmesøndag. Grunnen til at det korkje er søndagsskule, møte på bedehuset eller gudsteneste i kyrkja denne dagen, er nemleg at det er den tradisjonsrike påskevandringa på Finnøy (Nordre Vignes, følg skilting frå Ladstein ved behov). Her er det start mellom klokka 12.00 og 13.00, noko som gjer at ferja frå Fogn kl. 11.40 passar ypperleg for dei som vil få med seg ei flott påskevandring!

Onsdag 28. mars frå kl. 18.00
Loddsegjerar kjem på dørene i hytter og hus. Inntektene går til Fogn IL.

Skjærtorsdag kl. 11.00
Nattverdmøte på bedehuset.
Arr: Fogn misjonsforsamling

Skjærtorsdag kl. 14.00
Eggkoking i Domfjelldalen.
Parkering ved Erås museum, eller gå frå der du vil, så møtes vi ved bekken. Ta med eigen mat. Det blir quiz og frukt.
Arr: Fogn Helselag, Speidaren  og Fogn IL

Langfredag kl. 10.30
Pasjonsgudsteneste ved prest Tor Egil Eriksen

Påskeafta
Påskebasar på butikken. Loddsal frå kl. 09.00. Servering av lappar, kake, saft og kaffi. Trekning kl. 14.00.
Arr: Fogn IL

1. Påskedag kl. 11.00
Høgtidsmøte på bedehuset. Keld Hoelgaard talar. Det vert også teke opp kollekt.
Arr: Fogn Misjonsforsamling

1. Påskedag kl. 18.30
Høgtidsgudsteneste ved prest Terje Engstrøm. Song av Fognakoret. Nattverd. Takkoffer til Misjonsprosjektet.

Rapport frå grendalagsårsmøtet

IMG_2004.JPG

Tysdag 20. mars var det tid for årsmøte i Fogn grendalag. Ludvig Skretting var invitert for å snakka om framdrifta i gruppa som arbeider for Øyfast, medan ordførar Henrik Halleland hadde eit innlegg om dei nye ferjerutene som skal koma frå 01.01.2020. Ut frå biletet kan det sjå ut som om dei to var godt nøgde med kvelden, og dei var ikkje dei einaste som hadde grunn til det!

Først fekk vi høyre at øyfastgruppa har engasjert tidlegare samferdselssjef i fylket, Odd Arild Kvaløy, i arbeidet for å få realisert dette bru- og tunnelprosjektet, som skal binda så godt som heile Finnøy kommune til fastlandet. Ludvig Skretting hadde ståltru på at Øyfast kunne verta ein realitet, og fortalte at ein slik "ubroten forbindelse" ville utgjere ein større forskjell enn vi kunne forestille oss.

Deretter presenteret ordføraren ulike forslag til ferjeruter frå 2020, og i det store og heile ser det ut til at Fogn vil koma godt ut i dei forslaga som no ligg føre. Nokre innspel var det jo, og desse vil grendalaget ta med seg vidare til arbeidet saman med dei andre grendalaget, om å klara å einast om eit forslag. Nettopp dette, å verta einige internt i kommunen, er særs viktig dersom vi vil "få det som vi vil", understreka ordføraren avslutningsvis.

Så kunne Øyvind Sandanger videreformidla to gode nyheiter. Den første var at Lyse no har fått over 100 signerte kontrakter knytta til fiberprosjektet, og den andre var at det også i år vert Tour of Norway for kids på Fogn, tysdag 10. juli! Når det gjaldt fiberprosjektet hadde han også to tilleggsopplysningar å koma med, nemleg at siste frist for å teikna kontrakt (dersom ein ikkje vil koste ekstra mykje sjølv) er 6. april, og så skulle han videreformidla ein takk frå prosjektleiar Richard Bjerga i Lyse, som var imponert over kor positive grunneigarar vi har på Fogn!

Når det gjaldt sjølve årsmøtet, så gjekk det nokså raskt for seg, og utan den store dramatikken. Både årsmelding og rekneskap vart godkjent, og valet gav dette resultatet:

Ole Klingsheim - Leiar 1 år
Tora Sandanger - 2 år
Christoffer Inge Hovda - 2 år
Håvard Østhus - 2 år
Solfrid Torgersen - 1 år att, ikkje på val
Heidi Bø Sangedal - 1 år att, ikkje på val
Kathrine Flesjå - 1 år att, ikkje på val
Jon Birkenes Østhus - vara 1 år
Kristoffer Østhus - vara 1 år

Det vart altså eit planlagt leiarskifte, og vi vil takke Kristoffer Østhus for den gode jobben han har gjort som leiar, og ynskje Ole Klingsheim lukke til som ny i rolla!