Fasteaksjon tysdag 20.mars
/Fasteaksjonen tydsdag 20.mars kl 15-18. Konfirmantar kjem på dørene og samlar inn pengar til Kirkens nødhjelp.
Heidi Bø Sangedal
Din portal til perla i Ryfylke!
Praesent commodo cursus magna, vel scelerisque nisl consectetur et. Curabitur blandit tempus porttitor. Fusce dapibus, tellus ac cursus commodo, tortor mauris condimentum nibh, ut fermentum massa justo sit amet risus. Cras mattis consectetur purus sit amet fermentum. Cras mattis consectetur purus sit amet fermentum.
Fasteaksjonen tydsdag 20.mars kl 15-18. Konfirmantar kjem på dørene og samlar inn pengar til Kirkens nødhjelp.
Heidi Bø Sangedal
For eit par år sidan vart fartsgrensa sett ned til 30 km/t forbi Fogn oppvekstsenter. Mange har meint at denne 30-sona var unødvendig lang, og Fogn grendalag tok etterkvart tak i saka. Styremedlem i grendalaget, Arnstein Bøe, kontakta Statens Vegvesen med spørsmål om ikkje 30-sona kunne kortast inn, noko det no ligg føre eit forslag om å gjera. Forslaget, som per no er ute på høyring, kan de sjå under. Den blå stripa er dagens 30-sone, den gule stripa er forslag om ny 30 sone.
Det er Finnøy Kommune og Sør-Vest politidistrikt som er høyringsinstansar i denne saka, og dei har frist på seg til 1. april 2018 med å kome med ei eventuell uttale. Høyringsbrevet kan de lese ved å klikke HER.
Vi vil understreke at det ikkje er gjort noko endeleg vedtak om å korte inn 30-sona, og at sjåførar til ei kvar tid må forhalde seg til gjeldande skilting.
Den 9. mars var det årsfest med årsmøte i Fogn Idrettslag. Mange hadde møtt opp. Kvelden vart opna med ein biletkavalkade, deretter fortalte Sondre Trå Sørheim frå turen sin, Noreg på langs. Det Sondre fortalde var veldig interresant og inspirerande. Fogn IL spanderte pizza og is.
På årsmøtet vart det valgt følgjande styre:
Økonomien såg bra ut, kunne Ottar fortelje. Etterpå var det basar.
Det er mars, og årsmøtetid for Fogn grendalag! I år vert møtet gjennomført tysdag 20. mars klokka 18.30 på oppvekstsenteret. Meir informasjon er å finna på plakaten under:
Helga 9.-11. mars kjem Mathias Mjølhus og ei gruppe frå Evangeliesenteret til Fogn bedehus for å ha misjonshelg. Meir informasjon er å finne på plakaten under:
Powered by Squarespace