Romjulscup og romjulsmarsj i vente!

I forkant av to arrangement, som er blitt tradisjon, skriv Fogn Idrettslag følgjande:

Hold av 29.desember, da gjennomføres både romjulsmarsj og romjulscup i volleyball. 

Romjulsmarsj starter klokken 1745 fra skolen, og løypa er Bø-Høgaste-Erås før retur til skolen. 50 NOK per deltaker, max 150 NOK per familie. Gløgg og pepperkaker etterpå. 

Volleyballcupen i gymsalen starter kl.1900. Blanda lag med minimum 2 menn/damer per lag. Påmelding av lag fra 8.klasse og oppover på Facebook eller til Jakob Bø på 990 14 338. Dersom du ikke har lag er det mulig å melde seg på likevel, så ordner idrettslaget resten.

DSC_0225.jpg

Juletrefest på Fogn Oppvekstsenter

Den årlege juletrefesten vart arrangert tysdag 19. desember. Barnehagen gjekk luciatog. Nicola og Sunniva skal byrje på skulen til hausten, og dei skreiv seg inn i skoleboka. Alle klassane framførte eigne skodespel. Gjeterguten. med fløyta, Gubrand i lia, Kardemommeby og Emil og Pippi gifter seg.

5.-7. klasse framførte blokkfløytespel. Det var også juletregong i foajeen, med tre svære ringar.

Midt inni det heile, var det ei matøkt.

Ved å klikke her, kan du sjå bilete frå kvelden. 

DSC_7357.JPG

Ung-husflid framførte dukketeater

Denne hausten har ung-husflid laga dukker, scene og øvd inn replikkar. Onsdag 13. desember var dei klare til å framføre. Stykket hadde fått namnet "Det gyldne slott". Historia handla om tre prinsesser, ein katt, ein engel, ein julenisse og ei spådame. 

Fyrstkomande måndag skal ung-husflid framføre stykket Fogn oppvekstsenter.

Under kan du sjå bilete:

Merk deg desse klokkesletta før helga

Denne helga er det også mange arrangement. Laurdag klokka 18:15 blir det tur i mørke frå skulen, via Peråsen og til Varhaug. Turen er merka med refleks. Ta med lommelykt og støvlar.

Søndag klokka 10:30 er det gudsteneste i kyrkja. 6. klassingar og konfirmantar deltar. Seinare på dagen blir det møte ved indre sjømannsmisjon på bedehuset. Møtet startar klokka 19:00.

resize.ashx.jpg

Flott guttelagsbasar på bedehuset

DSC_0318.JPG

24. november var det guttelagsbasar på bedehuset. På grunn av rehabilering i kjellaren, var basaren og andakten oppe. Jon Olav Østhus leia basaren. Andakten var ved Hilde Malde. Ho fortalde om livet som misjonær i Afrika. Ho viste fram klede frå Afrika. Hilde fortalde også om Sakkeus, medan ho viste lysbilete om forteljinga på veggen.

Mykje drøs, loddsal og gode bollar, før trekkinga av gevinstar.

 

Under kan du sjå bilete: