Ny rekord og kjempestemning!

Bilde 01.11.2017, 16 36 47.jpg

Onsdag 1. november var det duka for årets solidaritetsaksjon på Fogn oppvekstsenter. I år skulle det samlast inn pengar til mange skuleborn i Peru, som ikkje får undervisning og lærebøker på eit språk dei forstår, fordi dei er Quechuaindianarar som ikkje snakkar spansk.

Borna på Fogn hadde gleda seg lenge til denne dagen! Aktivitetar og salsboder var nøye gjennomtenkte og det låg mykje flid i opplevingane folk kunne betala for å få med seg, mellom anna spåteltet og spøkelseshuset. Etter at aksjonen vart lagt til ettermiddagstid, for nokre år sidan, har det også vorte slik at mange vel å ta middagen på oppvekstsenteret denne dagen, noko som vart merka med stor pågang i matsalet, særleg rett etter at aksjonen starta klokka 16.15. 

Det var mange som møtte opp for å få med seg det som skjedde, og stemningen var god gjennom heile aksjonen, som vara i omlag 2 timar. Brukthandelen var godt besøkt, og særleg dei gamle plansjane som vart nytta i undervisningen "før i tida" var populære. At det i tillegg gjekk an å betala med Vipps i år, bidrog nok til ny innsamlingsrekord! Jubelen sto nemleg i taket då elevrådsrepresentantane Emma Grønås og Eirik Bø Rolfsen, i samarbeid med rektor, var ferdige med å tella opp pengane, og endte på imponerande 21 260 kroner!

Fogn oppvekstsenter retter ein stor takk til alle som bidrog på ulike vis, med kaker, gevinstar, praktisk hjelp og ikkje minst gjennom at de kom på aksjonen og støtta det viktige arbeidet i Peru!

Velkommen på solidaritetsaksjon!

PER-Chaco-Rosario-16.jpg

Onsdag 1. november, frå klokka 16.15-18.15 er det igjen tid for solidaritetsaksjon på Fogn oppvekstsenter. I år går pengane som vert samla inn til skulebarn i Peru, slik at dei får både undervisning og lærebøker på sitt eige språk. 

Under aksjonen blir det sal av suppe med tilbehør, kaker, saft og kaffi. Det blir også diverse aktivitetar og salsboder i gymsalen under aksjonen. I tillegg vert det også dette året ein brukthandel der ein kan gjera gode kupp på mykje forskjellig! 

Dersom nokon har noko dei vil bli kvitt, som dei trur andre ville betale nokre kroner for å kjøpa, så set vi pris på om folk kjem med bidrag til brukthandelen. Dette kan leverast i oppvekstsenteret si opningstid på tysdag 31. oktober og onsdag 1. november.

Alle er hjarteleg velkomne på solidaritetsaksjonen!

Fin konsert i kyrkja

Sundag 29. oktober hadde Sevenjentene konsert i kyrkja. Sevenjentene kalla kvelden for vennefest. Dei 7 jentene fortalde om kvar sin venn i Bibelen. Dei song også mange songar som dreia seg om venner. TøfFOGNådig deltok på to songar. Dei hadde også vore på songseminar i timane før konserten.

Ved utgongen kunne dei som ville kjøpe cd og dvd.

Under kan du sjå bilete:

Husk handle lokalt dagen!

Joker Fogn har sendt oss følgjande pressemelding:

Nærbutikkar over heile landet oppfordrar bygdefolk til å handle meir lokalt. Laurdag 21.oktober blir det aksjonsdag for lokal handel på Joker Fogn frå 12.00-15.00.  

 

«Handle lokalt – velg nærbutikken» er slagordet for kampanjen, som blir arrangert i samarbeid med det statlege Merkur-programmet for distriktsbutikkar.

 

Kampanjen vil fokusere på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter

og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasje og stimulere til meir lokal handel.

 

Det er venta at 400 butikkar over heile Norge vil delta i den nasjonale kampanjen for lokal handel.

- Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde både nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Vi ønskjer å takke kundane for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda, seier seniorrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

 

Nærbutikkdagen blir markert på ulike måtar. Dei fleste butikkane tilbyr kaffi og kaker til kundane sine denne dagen. Mange legg opp til ekstra aktivitetar i butikken. Nokre butikkar går ut med spesielle tilbod. Andre nyttar anledninga til å invitere ordføraren på besøk.

På Joker Fogn blir det gratis lappar, kake og kaffi. Det blir konkurranse i vedstabling, høgast tårn på 2 min vinner. I tillegg kan dei som handler for 500 kr eller meir i løpet av veka legge igjen kvittering med namn og være med i trekning om å vinne varer for tilsvarande beløp.  

 

- Merkur jobbar for å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. På den måten kan vi sikre utsette butikkar og skape eit miljø rundt lokalbutikken. Utan butikk er det vanskeleg å få til vekst og tilflytting i ei bygd, seier Per Kjetil Jørgensen i Merkur.

 

Kontaktpersonar: Ivar Opsal, Joker Fogn, 99567320
Per Kjetil Jørgensen, seniorrådgivar Merkur tlf. 47 34 44 87

 

Innkalling til møte om landbruk

Finnøy Kommune inviterer til følgjande møte:

No er arbeidet med kommuneplanen godt i gang, og sidan LANDBRUK er eit av områda vi særleg skal sjå på ønskjer vi allereie no å snakke med dykk som arbeidar i næringa. 

Vi inviterer derfor til medverknads og dialogmøte onsdag 25 oktober klokka 18.00 – 20.30 i kommunestyresalen på rådhuset. – det blir lett servering☺ 

Agenda for møtet:

18.00 – 18.20 velkommen/ inlegg om kommunplanarbeidet med fokus på landbruk v/kommunalsjef Hilde Gunn Bjelde og landbrukssjef Silke Ullrich. 

18.20 – 18.40 berekraftig landbruk, regional og nasjonale føringer og forventninger v/Anfinn Rosnes ass. Landbruksdirektør. 

18.45 – 20.30 samtale over bordet om utvalgte tema: Kjerneområde landbruk til nytte eller byrde for landbruket? Berekraftig og sterk landbruksnæring, eller auka busetting, er det nødvendigvis motsetningar? Kva med tilleggsnæring i landbruket, når næringa veks ut av løa? Kva er vitsen med kommuneplanen? 

Andre tema kan godt komme opp etter kvart også i møtet. Vi ønskjer å utfordre, lære, og kanskje finne fram til nye tankar saman med dykk. 

Alle er velkomne! 

Beste Helsing Finnøy kommune