Elieser til Sørvågkaien ikveld
/Tysdag 17. oktober kjem Elieser 6 til Sørvågkaien. Det blir møte klokka 19.00. Knut Skårland taler. Det blir basar, difor sett dei pris på om nokon tek med gevinstar.
Alle er velkommen om bord
Din portal til perla i Ryfylke!
Praesent commodo cursus magna, vel scelerisque nisl consectetur et. Curabitur blandit tempus porttitor. Fusce dapibus, tellus ac cursus commodo, tortor mauris condimentum nibh, ut fermentum massa justo sit amet risus. Cras mattis consectetur purus sit amet fermentum. Cras mattis consectetur purus sit amet fermentum.
Tysdag 17. oktober kjem Elieser 6 til Sørvågkaien. Det blir møte klokka 19.00. Knut Skårland taler. Det blir basar, difor sett dei pris på om nokon tek med gevinstar.
Alle er velkommen om bord
Søndag 15. oktober kom Buøy til Fogn, for å kjempa om sesongens siste poeng. Førre kamp på Fogn Stadion endte i 3-0 siger. Mange håpa på ein "reprise" frå kampen mot Tjensvoll. Tilskodarane som hadde møtt opp, fekk kaker, vafler og fekk sjå ein særs underhaldane fotballkamp.
Tidleg i kampen scora Lars Olav. Fogn fortsatte presset, Jakob Bø scora nummer to. Like etter reduserte Buøy, 2-1. Så fekk Buøy eit straffespark, dei scora og dermed var ein like langt.
Ørjan Bø nikka ballen i nettet til 3-2. Buøy utligna igjen, og laga gjekk til pause med resultatet 3-3.
Eit stykke ut i 2. omgang fekk Buøy ein mann utvist, etter krangel med dommaren. Etter dette gjekk det lettere for dei blåkledde. Det vart vill jubel når Malvin Skartveit sørga for 4-3 leiing.
Like før slutt vart Jørgen Bø jr. felt like utenfor 16-meteren. Faren skaut knallhardt rett i mål. Fogn vann kampen 5-3.
Fra og med søndag 15. oktober blir søndagsskulen og søndagsringen flytta til skulen, grunna rehabilitering av kjellaren på bedehuset. Kjellaren på bedehuset vart hardt ramma av den store nedbørsmengda natt til torsdag. Det er uvisst når kjellaren på bedehuset er klar for bruk att.
I morgon blir det altså søndagsskule og søndagsring på skulen frå klokka 11, alle er velkommen!
Laurdag 30. september vart det arrangert konsert til inntekt for flygelet i kyrkja. Her deltok mange artistar med lokal tilknytning, og Wictor Juul leia kvelden med stø hand. I tillegg var det mange som bidrog på andre måtar, mellom anna gjennom lyd og lys (Bjørn Runestad), flott plakat (Bernt Sunde og Liu Yang) pynting (Bjørn Esperås) og matlaging!
Omlag 100 personar hadde møtt opp, og fekk servert ein flott musikalsk aften med stor variasjon i stilartane! Else Jorunn Løland Vold både filma og knipsa bilete frå kvelden, og de kan sjå nokre glimt frå begge deler under.
Det var fine rammer rundt laurdagens a-lagskamp mot Tjensvoll. Mange hadde møtt opp for å heidre Jakob Bø, sidan han har spelt flest kampar for Fogn a-lag gjennom alle tider. Allereie frå start styrte Fogn kampen inn i sitt spor, med høgt press. I løpet av fyrste omgang var det knytta store diskusjonar til eit offsidedømt mål. Mange meinte også at Fogn skulle hatt eit straffespark denne omgangen. Til pause var stillinga 0-0.
I det 68. spilleminutt sørga Ørjan Bø for 1-0 leiing. To minutt seinare scora Jørgen Bø jr. sitt fyrste mål for a-lage, 2-0. Like før slutt punkterte Ørjan kampen med sitt andre mål, 3-0.
Etter kampen feira tilskodarar og spelarar Jakob med kake.
Under kan du sjå nokre bilete frå kampen:
Klokka 14.00 setter Jakob Bø ny rekord i antall kampar spelt for A-laget. Dette markeres med kake. Fogn spelar kamp mot Tjensvoll 2 på Fogn Stadion. Kom å sjå!
Klokka 19.00 blir det konsert i kyrkja. Mange songarar med tilknytting til Fogn kjem for å halde konsert. Det koster 150,- pr. person. Maks 300,- pr familie. Inntektene går til det nye flygelet i kyrkja. Det blir også noko å bite i, etter konserten.
Powered by Squarespace