Samanslåing på bedehuset

Fil 28.09.2017, 08 27 56.jpeg

I førre veke var det felles årsmøte på bedehuset, og i etterkant av møtet vart pressemeldinga under sendt ut:

Fogn Misjonssamling er stifta
Etter å ha arbeidd med saka over fleire år, var medlemmene i Fogn Bedehusforening og Fogn Misjonslag (NLM) kalla inn til ekstraordinært årsmøte på Fogn Bedehus 21 september. Temaet for kvelden var eit forslag om å etablera Fogn Misjonsforsamling ved i praksis å slå saman Fogn Bedehusforening og Fogn Misjonslag til eit felles lag. Mange hadde ordet under årsmøta og ordskiftet var sakleg og godt. Då røystene var talde opp synte det seg at det var eit solid fleirtal for å etablera Fogn Misjonsforsamling. Denne forsamlinga vert også knytt til NLM, fordi me trur det er godt å ha ein godt fundament og ein klår struktur for arbeidet. Samstundes har andre organisjonar, lag og einskildpersonar i praksis høve til å nytta Fogn Bedehus slik som før.

Intensjonen er at Fogn Misjonsforsamling skal gi eit komplett kristent tilbod til sine medlemmer. Alle er velkomne til våre møter og samlingar – uavhengig av medlemskap i NLM eller andre organisasjonar eller kyrkjesamfunn.

Det er vald eit interimstyre for Fogn Misjonsforsamling som vert sitjande fram til første ordinære årsmøte tidleg i 2018. Interimstyret er samansett slik:

Paul Aano
Kristel Borgemyr
Kjersti Sandanger
Håvard Østhus
Jon Olav Østhus

Ny rekord på årets topptur!

Sundag 24. september vart det sett deltakerrekord i 7- og 4-toppsturen. Det var 122 startande. Alle som gjekk fekk utlevert eit startkort som det vart klypt i på kvar topp. Kortet vart levert inn på den siste toppen. Seinare denne dagen trekte leiaren i Fogn il, Jakob Bø, eit gavekort frå kiwi. Vinnaren av dette vart Øystein Sandanger. Også i år var det fint ver og god stemning. På nokre av toppane vert det utdelt produkt som T-skjorter fra Stavanger Installasjon, sjokolade fra Joker Fogn, capri-sonne frå Coop Extra Finnøy og tomater fra Ståle Runestad. 

Klikk her for å sjå bilete frå turen!

Skjermbilde 2017-09-25 kl. 21.07.15.png

 

 

Fine rammer rundt a-lagskampen

DSC_0033.JPG

Det var strålande sol, og blå himmel. Ambisjonane var store før denne kampen, og mange Fognbuar håpa på sesongens fyrste heimesiger. Men Sørmarka måtte slås fyrst. Den fyrste omgangen var svært jamn, men like før slutt gjekk Sørmarka opp i leiinga. I 2. omgong tok Sørmarka meir og meir grep om kampen. Sørmarka auka etterkvart til 0-3. Like før slutt fekk Fogn litt tak på kampen igjen. og Daniel Instanes på 15 år sette ballen i mål. Dessverre vart målet annulert for offside.

Neste heimekamp er mot Tjensvoll 2 30.09. 

Under kan du sjå nokre bilete frå kampen:

Konsert i kyrkja neste veke

Laurdag 30. september blir det konsert i Fogn kyrkje. Mange songarar med tilknytting til Fogn, kjem for å halde konsert.

Det blir blant anna innslag av Silje Sandanger, Helge Anglevik, Stine Runestad og Geir Eskeland, Anne Østhus, Kjersti Sandanger og Dag Olav Sæbøvåg, Anna Hovda Aanestad, Elin Underhaug Kanu, og klang v/ Daniel Esperås med flere.

Det koster 150,- pr. person. Maks 300,- pr familie.  Inntektene går til det nye flygelet i kyrkja. 

Under kan du sjå eit intervju med Wiktor Juul:

Klar for 7- og 4-toppstur?

Sundag 24. september arrangeres årets 7- og 4-toppstur. 7-toppsturen startar på Hovda klokka 12:00, og ein går over følgjande toppar: Eikhaug, Borgaråsen, Himråsen, Peråsen, Domfjellet, Ørnakulå og Varhaug. Dei fire sistnemnde toppane utgjer 4-toppsturen, og har start med skulen kl. 12:30. 

På dei fleste toppane ventar det ein "overaskelse" levert av ulike sponsorar til turen. Det er gratis å delta!

Under kan du sjå deler av fjorårets tur:

Hausttakkefest i kyrkja

Søndag 10. september var det Hausttakkefest i kyrkja. Alle born frå 1.-4. klasse hadde med seg frukt, som dei delte ut. Dette var også fyrste Gudsteneste leia av den nye presten Tor Egil. Det var innslag frå Tøff og Nådig.

Det vart også delt ut diverse bøker til born i 1.-4. klasse. Årets konfirmantar blei presentert, Karianne Østhus, Oda Marie Hovda, Ole Mathias Hovda, Magnus Hovda og Kristian Sandanger Iversen.

Under kan du sjå bilete: